… det går framover

desember 18, 2009

Møte med vår arkitekt i dag; vi hutra oss avgårde i 13 minus til ein hyggelig cafe i byen. Der gjekk vi gjennom dei siste teikningane og tok opp ein del viktige tema til drøfting. Taket er for flatt for betong/skifer, så vi må gå for papp og plater. Det er ikkje oss imot; vi syns sink-plater er fine, og har merka oss dei som høgt aktuelle for oss uansett. Stål er kanskje også eit alternativ; det får vi sjå nærmare på. Det blei diskutert kuldebruer, type vinduer, type dører, kva trapp, type materiale innvendig, litt om fargar, litt om bod og garage, vannbåren varme, balansert  ventilasjon, elektrisk anlegg og belysning. Vi drøfta dette med å lage eit hol i golvet i inngangspartiet, slik at ein får dagslys ned til badet i underetasjen. Dekka med frosta glas så klart. Og også mykje anna blei tatt opp. Vi er sikre på at huset blir heilt suverent – for oss. Det er laga for oss, og med alle dei kvalitetane som er viktige for oss. Og når banken for eitpar veker sidan melde berre “go go”, så har vi i grunn klar bane. Men vi har ikkje hastverk, for vi har det godt i vår vesle leilighet, og kan bruke den tida vi treng. Vår oppgåve i jula blir å lage ein plan for det elektriske. Kvar skal vi ha stikkontaktar og takpunkt? Vi merker dette på planen, og så får elektrikaren gå over det seinare. Den flinke arkitekten vår teiknar vidare på detaljane – dette må vere grundig og godt for å unngå at handtverkarane gjer feil. Særleg viktig ved eit lavenergihus.

Så derfor: eg har ingenting å vise fram i denne posten, men tenkte å dele litt inspirasjon. Huset til Juliana Lopez May i Buenos Aires. Heilt som eg likar det; lyst og enkelt, men med varme og sjel innvendig.

Sjekk elles Narratives ; er er det mange fantastiske hus og masse inspirasjon å hente!

Vårt planlagte kjøken

desember 4, 2009

Nokon spurte meg om kva kjøken vi ville ha. Her har vi ikkje bestemt oss enda, men det blir ganske sikkert enten frå IKEA eller Kvik. Nærmare bestemt Abstrakt /Faktum frå IKEA i kvitt og mørk grønt (jepp!), høgglans, eller Bianco kvit høgglans frå Kvik. Jada, jada, høgglans er trendy og blir sikkert like utrendy som takspottar om nokre år, men eg slit med å legge dette frå meg. Trøsten får vere at det kan byttast ut da, for ein billig penge, sjølv om det ikkje er spesielt miljøvennlig å tenke slik.

Under ser de korleis IKEA sitt kvite høgglans kjøken ser ut. Eg meiner alvor med dei grøne dørene. Eg tenke meg dei berre på høgskapa.

Bilda over er henta frå IKEA, expressen.se, design-crisis.com, deco.plurielles.fr og housetohome.co.uk. (det er utrulig kva ein kan finne om ein gjer bildesøk i Google, f.eks på “Abstrakt IKEA”. Den svarte tavla har ingenting med Abstrakt å gjere, men var ein god ide syns eg.

Og dette viser litt korleis vi har tenkt kjøkenet:

(litt i tvil om dei skapa under vindauget; trur det kan bli litt overmøblert, får sjå)

Så? Ser det bra ut?  Det kan kanskje sjå trangt ut, men det trur eg ikkje det blir. Det er god passasje mellom høgskapa og “øya”, og det er møne heilt opp, slik at det er høgt under taket. Det blir temmelig romslig med skapplass. Eg kan telle 18 benkeskap, 4 høgskap (med komfyr, frys og kjøl) og 6 overskap. I tillegg ligg grovkjøkkenet like ved, og her blir det truleg 4-5 benkeskap til. Vi skal ikkje ha sånne ekstra breie skuffer. Det kan nok vere fint, men eg likar 60-bredden godt; den er god for auget. I alle fall mine auge. Kva benkeplater vi skal ha er heilt i det blå. Corian er jo flott, men eg trur ikkje vi tar oss råd til det. Dessutan har eg lyst til å mjuke opp i alt det blanke, kvite kalde, og kanskje få inn naturmateriale i form av tre. Mulig velger vi to ulike overflater på kjøkkenøya (som jo ikkje er ei øy), og oppvasksonen.

Og vi gler oss veldig til den der oppvasksonen. Der skal vi ha kildesortering i to av benkeskapa, kanskje tre, i form av bøtter i skuffer som kan dragast heilt ut. Genialt! Og eg gler meg til å få ein vask i øya som er tilgjengelig heile tida medan eg lagar mat. Altfor ofte står makkeren i huset opptatt med oppvasken og legg beslag på tilgangen.

Kjøkenet er vel nesten det eg gler meg mest til med dette huset. Det har fått den beste plassen i heile bygget, er det største rommet, og blir ein plass vi oppheld oss mykje. Då må vi nok ha ein tilgang til ein TV, sjølv om det har sine bakdelar. Vi får heller vere flinke til å ha den av! Vi har kome godt inn i rutinen der vi bur nå; her er stove og kjøken i same rommet. TV er av fram til klokka 18, men om morgonen er det lov å vere trøtt og litt sløv, og sjå på barneprogram medan ein et frokost. Til no har det ikkje ført til at ting går seinare; det er nesten tvert imot…

Det tikkar mot jul

desember 3, 2009

… og vi gler oss over vårt nye tilvere her på øya.

I dag har vi snakka med banken, og dei syns absolutt at vi kunne bygge hus! Då bør vi jo nesten tru på det sjølv :D

Våre snart-gode-naboar Ann Christin og Roald begynner å bygge på nabotomta vår nå i veka, og det skal bli spennande å følgje huset. Eg håpar det skal bli ein smidig og enkel prosess for dei, og at vinteren blir fin og mild. Det plar han jo vere på våre kantar, sjølv om eg må seie at eg merkar det er kjøligare her enn i byen.

Det var dagens oppdatering; banken seier go-go, arkitekten er nå i sluttspurten med sine teikningar, så då tenker eg det blir anbudsrundar over nyttår! Lurer nå på om sjølve husbygginga kan kome i gang litt tidligare enn tenkt; kanskje allereie i april? Vi får sjå! :)

Siste nytt

september 27, 2009

Er det rart vi flyttar seier nå eg. Her er utsikta frå jentungen sitt vindu på skulen

utsikt

Elles har vi solgt leiligheten i byen; til litt over prisantydning. Det er vi godt nøgd med, sjølv om vi hadde trengt meir for å kunne gå i gang med bygging straks. Så dermed putlar vi på vidare med teikningane – nå er det byggeteikningar som blir utarbeidd. Etter det er arkitekten ferdig med sitt arbeid for oss, og det er tid for anbudsrundar. Same regel gjeld for oss som for andre: “TingTarTid”. Det er like greit; for vi treng å gjere ein innsats for å stille sterkast mogeleg før vi søker byggelån.

Vi har ingen hast; vi bur bra, ungane har komme i barnehage og skule der dei skal vere dei neste åra, og vi gjer oss kjent på vår nye heimstad.

Livet på landet

september 17, 2009

Det er stille her i bloggen; og vi lever eit litt meir fredelig liv nå som vi har flytta frå byen og ut “på landet”, eller “på bygda” som eg eigentleg likar best sjølv. Ungane slo rot første dagen på skulen og i barnehagen, utan spørsmål. Flyttinga har ikkje gitt oss noko problem, og det er mykje med livet her på “øyne” som er lettare.

Først: nokre stemningsbilde frå i dag.

kollage1

kollage2

Ein av dei tinga som er lettare her er at ein kan parkere ved huset og gå inn, ikkje drasse to sultne ungar og 4 fulle handleposar frå den store felles-parkeringa og opp til innerste blokk. Vi har også oppdaga at der ikkje er kø på legevakten her. Vi ramla inn i 8-tida ein fredags kveld med eldste jenta. Ho snudde i døra og lurte på kor alle dei andre pasientane var. Vi har langt kortare veg til nærbutikk nå; og den er open lenger enn den vi hadde i byen. Betre utval er det også. Bussen vi pendlar til byen med går rett nedi vegen og stoppar utanfor jobben min – kan det bli betre? Turen tar 40 minutt, og annakvar veke har eg heimekontor uansett. Ungane kan leike utanfor huset vi leiger i, utan at ein treng å sjå etter dei heile tida. Eg har aldri tenkt over det folk har sagt om at tempoet er lågare på bygda. Men det har eg no; og eg veit ikkje heilt om det stemmer. Tempoet er forsåvidt det same; ting går unna, ein får gjort like mykje (og meir) som ein gjorde før, men alt går så mykje smidigare.

I alle fall for oss.

Og så har dei nynorsk på skulen; berre det var verdt heile flyttinga.

Det siste nye om “prosessen” er at vi i dag har solgt leiligheten vår i byen. Hurra! Den gjekk for 50 000 over prisantydning, og 150 000 over takst. Veldig greit å få dette i boks, slik at vi veit meir kva vi har å rutte med. Det er ikkje mykje, men vi håpar at det skal bli hus likevel. Enn så lenge ventar vi på anbudstegningar, og spinker og sparer det vi kan slik at vi stiller gjeldsfrie før vi søker byggelån.

tomta

Rammeløyve på veg

august 28, 2009

I dag var eg i kontakt med kommunen, og fekk høyre at søknaden vår var behandla og brev var på veg i posten. Vi har fått rammeløyve, og huset vårt er dermed godkjent. Det var forsåvidt ikkje uventa, men greit å få på plass!

Neste trinn nå er at arkitekten vår lagar grundigare teikningar og eit anbudsdokument. I løpet av hausten blir det ein anbudsrunde, før vi kan søke igangsettingstillatelse (godkjenning av entrepenør). Etter det er det berre å gå i gang! Kanskje kan vi starte i januar?

Starten er litt avhengig av boligsalget vårt nå. Vår gamle leilighet er endelig klar for salg, og får vi ikkje prisen vi treng, så må vi nok suge på labben over vinteren og starte til sommaren. Om så skjer kan vi leve med dette.

Og i kveld smiler vi for rammeløyvet :)

Då er vi på plass

juli 29, 2009

Flyttinga er offisielt over, alt dilldall har komme på plass, vi har fått stua bort alt som vi ikkje gidd å pakke opp medan vi ventar på nyhuset,. Mannen min har framleis ferie og har gjort ein stor innsats med organisering og prekevering av ting. Det er ufattelig kor stor plass ting tar når dei ikkje er organisert og har ein fast plass! Vi har alltid vore gode på “compact living” og IKEA har vore vår venn. Eg likar “compact living”. Det gjer at det aldri er langt til den tingen du skal ha, men den er plassert på ein måte som gjer at den ikkje tar plass.

Så nå har vi begynt å bli husvarme i leiligheten vi nå leiger på plassen vi skal bygge. Her skal vi nok få det bra det neste året! Det var litt lite skapplass på badet, så vi tok oss ein runde på IKEA for å sjå om vi kunne finne ei løysing der vi slapp å bore i husverten sine fliser. Då fann eg skapa “Lillången” som var perfekt for oss; smale høgskap på føtter. I nyhuset vil eg helst sleppe føtter på baderomsinnredninga, men her som vi leiger er dette perfekt. Og enda betre: serien “Anordna” ; skuffer med små rom i var heilt suverene! Eg har aldri før hatt sånn orden i mine toalettsaker. Eg er ikkje spesielt opptatt av sminke og dilldall, men litt har eg nå da. Og nå når det er blitt så fint organisert så går alt så mykje raskare om morgonen. Jentungen på 5 år har fått nedste skuff til sine hårstrikkar, spenner, børstar og glitterneglekakkar. Først nå såg eg kor mykje ho hadde…. Om Lillång-serien er noko vi vil satse på i nyhuset er vel tvilsomt; eg trur at vi vil ha noko som heng på veggen slik at reinhaldet blir så lett som mulig. Antagelig blir det noko frå Kvik. Desse to høgskapa som vi nå kjøpte kan vi alltids få brukt til noko uansett; enten på vaskerommet/teknisk, på grovkjøkkenet, eller i ei bod.

lillangen-anordna

Og sidan denne posten dreier seg om IKEA… det kjem jo ny katalog om ikkje så lenge. Den er allereie kommen i USA, og her kan ein ta ein kikk på det som ventar! Masse fint her, blir spennande å sjå det i varehuset.

Eg kan jo nevne at eg er litt over normalen glad i IKEA ja. Eg trives både med den lyse skandinaviske stilen, den litt humoristiske vrien dei kan ha på ting, at mykje av sakene rett og slett er praktiske, og så er det prisen da…

Nabovarsel

juli 3, 2009

Nabovarsel er unnagjort, og alle fire har signert for både mottatt og godkjent. Takker :) Planane vart ikkje vesentleg endra i høve dei forrige skissene eg la ut. Einaste er at huset vart til slutt dytta opp, slik at det berre er 70 cm. lågare enn hovudvegen. Eg veit ikkje kva konsekvensar det vil gi for grunnarbeidet, men det burde bety at vi ikkje treng å sprenge så mykje som tenkt.

Her er forresten situasjonsskissa. Nokon som  har forslag til plan for hagen? :D Vi er heldige i og med at Eiendom Vest, som vi kjøpte tomta av, sponsar med fire timar hos landskapsarkitekt. Eg har sendt tegningane våre over til landskapsarkitekten og er spent på kva skisse ho vil komme opp med.

situasjonsplan_web

No sender arkitekten vår søknad om rammeløyve til kommunen, og så får vi sjå korleis det går. Eg reknar med det skal gå veldig greit. Når august kjem startar arkitekten opp med meir detaljtegningar og grunnlag for anbudsrunde. Eg er usikker på kor lang tid det vil ta, men ein eller annan gong i løpet av hausten er vi kanskje klar for å begynne? Hadde vore kjekt å komme i gang før jul, men mulig det er dumt å starte sånn om vinteren.

Ein annan ting er at vi veit vel ikkje heilt kva dette prosjektet vil koste oss, og blir det altfor dyrt får vi vel utsette det noko og spare litt over vinteren :D

Elles pakkar vi nå litt i ny og ne. I frå i dag av har vi begge ferie, så nå blir det meir alvor i flyttinga. Det meste blir flytta i neste veke, og vi håpar at neste helg kjem til å sove i vår nye, leigde leilighet. Det ser vi fram til. Vi har hatt to varme helger på besøk i leiligheten, og det ga meirsmak! Feira m.a. fire-åringen vår der saman med familie. Det var deilig med ein veranda der det faktisk var plass å sitte!

Og eg oppdaga at nærbutikken var open til 22 om kvelden; slikt kan ein like!

mens vi venter…

juni 13, 2009

Cara på byggebolig-forumet har tipsa meg om eit veldig flott golv frå Bygg24 : Eit plankegolv i ask, 15 mm tjukt og 185 mm breidt. I skrivande stund er faktisk nettsidene til Bygg24 nede, men eg har eit bilde av golvet henta frå nettsidene deira.

ask bygg24

Av svært gode årsaker så har vår arkitekt måtte jobbe for halv maskin dei siste vekene. Vi ventar på den siste snittegningen, men då skal også alt vere klart for nabovarsel og søknad. Det blir spennande! Vi hastar ikkje avgårde; mannen min jobbar døgnet rundt uansett, så for vår del er det greit at denne prosessen tar tid. Vi har så sjelden mulighet til å sette oss ned å diskutere teikningane, så derfor er dette så absolutt “husbygging in slow motion”. Vi kan kanskje melde oss inn i slow-bevegelsen :D

Elles driv vi flytting i helgene; dvs. det er mors prosjekt med to barn i baksetet. Det er bra Nintendo finst. No har eg fått frakta alle oppslagsverka våre, men der er framleis hyllemetrar med science fiction og kokebøker. Alt blir stua vekk på loftet i leiligheten vi skal leige. Det er litt merkelig at desse øskjene ikkje blir pakka opp før huset er ferdig. Sa eg forresten av vinøskjer frå Vinmonopolet er supre til å pakke i? Mykje betre enn bananøskjer. Vinøskjene har perfekt storleik for bøker; dei får passe tyngde, er lett å handtere og gode å stable. Bananøskjene brukar vi til dei uformelige greiene på kjøkkenet; steikepanner, fonduegryter og bærplukkarar. Så mykje rart ein har…

Nokon som har lært seg eit nytt ord i kveld? :D

Flyttinga har starta

juni 4, 2009

Neida, huset har vi ikkje begynt på enda, men vi har i alle fall greid å skaffe ein god plass å bu medan vi bygger, og driv og gjer klart for flytting. Første lasset med øskjer (ja, det går an å skrive øskjer), kjørde vi på søndag som var. Det var nå det første og beste vi fann i boden; ein heil kasse med Knorr sin fløtesaus (siste partiet dei produserte som er glutenfritt, eg kjøpte alt som var i butikken, og det er holdbart ut 2010 :D ), vinterdekka til bilen og litt småtteri. Meir fekk vi ikkje inn i Touran’en, men det gjorde godt likevel. Vinterdekk tar stor plass! Eit nytt lass, 9 vinøskjer fulle av bøker, vart lempa av i dag.

For i dag var det førskuledag for eldste barnet vårt! Ho har gleda seg lenge, og endelig fekk ho kome inn i skulen som ho berre har sett frå utsida så langt. Ho er om mulig enda meir skuleklar no, så dette lovar godt. Ein fin skule, og vi gler oss til å flytte for godt om ein månads tid. Det viste seg at ein liten kamerat i klassen bur på same plass på øya som oss :)

Elles fekk vi kjøpt oss kort til ferga, eg fekk ein lynvisitt til den lokale butikken (3 minutts gange frå leiligheten vi leiger), og vi fekk ein liten naturopplevelse på fergekaien, for der er det svaler! Slikt har vi ikkje i byen!

Når det gjeld huset: arkitekten vår melder at det einaste som nå gjenstår før søknad om rammeløyve går til kommunen er snitteikningane. Eg håpar på at søknaden kan bli sendt om ei lita veke eller to (avhenging av om vi har merknader eller ei). Etter det er det berre å vente da…