Archives for category: Design

Det er ikkje lett å innreie eit hus som berre finst mentalt. Slik har det vore nokre år no, men no når det nærmar seg at vi har eit materielt hus ein kan gå inn i, har vi begynt å skaffe ein del av dei tinga som skal inn i dette huset. Vi kjem til å  bruke det vi har frå før, og noko som eg finn på loftet heime der eg voks opp. Men noko nytt vil det  vere trong for.

I vinter hadde Bolia sett ned prisen på sovesofaen som vi visste vi ville ha til gjesterommet / kontoret i hovedetasjen. Den blei bestilt og kom for ei veke sidan. Det er trist å ikkje opne den store pakken, men eg stoler nå på at den er fin… Slik skal den vere; Scandinavia sovesofa i Mind stoff lys grå. Einaste forskjellen til vår er at vi valgte bein i eik.

20120325-001641.jpg

Elles har eg tidlegare fortald at lampen Random Light er bestilt. Den er nå kommen, og står i ei diger øskje i stova vi leiger. Vi kjøpte LED- versjonen, og satsar på lite lyspæreskift i åra som kjem.

Og så ventar vi på kvitevarene frå Danmark. Vi hadde to val – enten å kjøpe billige kvitevarer (bruke pengar på noko anna i staden), eller å «fleske til» og skaffe oss det vi eigentleg ville ha no med ein gong. Med gode prisar frå Danmark, så valgte vi å fleske. Platetoppen er t.d. meir enn ein halv gang dyrare i Norge.

Her er det vi ventar på (bilde frå Siemens)
Kombiskap

20120325-004416.jpg

Ovn
20120325-004935.jpg

Kombiovn (vanlig ovn kombinert med damp)
Som vi kjøper hos Norema, for denne greide ikkje danskane skaffe i svart. Ovnen kjem i ny modell i mai, og eg finn ikkje bilde på nett, men får stole på at den passar saman med vanlig ovn. (og treng ein to ovnar spør du?). Nei gjer ein det? Eg har ønska meg to ovnar i lang tid, for eg er lei av å sjonglere med ulike rettar som skal steikast samtidig. Og så gler eg meg til damping av fisk og grønsaker.

Varmeskuff

20120325-005809.jpg

Platetopp

20120325-010153.jpg

Av andre ting som er i boks er Cilindro ventilator frå Rørosmetall (via Norema) og Rais Viva peisomn via Varmefag. Elles: kjøken i Abstrakt kvit høgglans frå Ikea, og fire høgskap frå Norema. Desse kjøper vi i kvit mdf, og får dei lakkert hos Bergen Billakkering. Grønt er skjønt!

Elles skal vi bruke det vi har frå før: nokre skeive, heimesnekra barnesenger, vår smale rammemadrass frå IKEA, ein nedsleten, nuppete sofa, eit utslete kaffebord (som er reparert med metallplater), eit umoderne kjøkenbord med stolar og eit direkte stygt tv-møbel. Bokhyllene i bøk må vi også leve med ei stund. Sånn går det når ein absolutt skal ha platetoppen ein absolutt skal ha.

Vi må jo ha noko inni dette huset. Eg blir litt matt av og til over alle val som ein må ta i tida som kjem. Lys og lyskjelder syns eg er mest vanskelig. Det same gjeld fargar og materialbruk. Her følgjer ein del av mine funn på nettet, og eg kaboodlar ivrig. Her følgjer, i vill uorden, ein del av mine funn dei siste månadene. Om alt dette hamnar vi vårt hus er vel tvilsomt, men ein kan i alle fall lage ønskelister…

Kartell FL/Y lampe til barneromma?

E 27 pendant lamp enkelt og greit…. til grovkjøkken og vaskerom? (eg likar hengande lampar, ikkje kuplar)

Mega bulb pendel – denne syns eg er vakker! Kunne hatt tre på rekke over kjøkkenøya

Likte også denne, som ein kan få i alle slags fargar. Må jo ha fargar i eit såpass kvitt hus som vårt! Er å få bl.a hos dkno

Og elles? Eg har vore i kontakt med Betonggulv AS for å få anbud på Epoxy golv til begge bada. Vi blir liksom ikkje heilt fornøgd med å skulle ha flis på bada våre. Vi vil aller helst ha noko glattare og enklare å halde reint, og som også er enda sikrare i forhold til lekasjar. Epoxy ser ut vil å vere veldig fint og «shiny». Meir om slike golv hos Bad og bolig.

Vi har heller ikkje forlatt tanken på «knottegolv», slik som her.

Og så trur eg at eg har funne tørkestativet som islendingen insisterer på å ha. Han veit å engasjere seg i enkelte detaljar. Men bevares, fint tørkestativ, frå Midthaug. Litt usikker på kor vi får plass til det.

Og  i min vandring på nettet fann eg jammen meg ein leilighet med spiraltrapp! Veldig flott, og du kan lese meir om denne leiligheten hos Desire to Inspire. Dei presenterer masse fint!

Eg ramla også over Ideapaint – som leverer «whiteboardmaling». Kunne vore fint på ei kjøkkendør, eller på ein vegg på barneromma.

Og treng du inspirasjon til kjøkken? Eg finn alt eg treng av inspirasjon hos Åpent Hus, både til kjøkken, men også til alle husets rom. Ta ein kikk her, men sjekk også andre bloginnlegg.