Litt rart å ha komme til siste finish, men vi er nå der da. Det er fint at heile huset står der – med alle sine kilo betong – urokkelig og til Dovre fell. No er det detaljane som tel.
Malarane er nesten ferdige, hovedetasjen har fått sine strøk. Det som gjenstår er litt flikking her og der og eit siste strøk nede. Vi valgte, etter mykje om og men, fargen «Chi». Eg var bekymra for at den skulle bli veldig kald, og særlig bekymra for at den faktisk har ørlite grønt i seg. Men vi måtte ha noko som var veldig kvitt til det kvite kjøkenet vi skal ha. Nå når fargen har komme opp er eg veldig godt nøgd. Chi er ikkje kald hos oss – kanskje fordi vi har mykje lys? Om kvelden blir stove og kjøken fyllt av gyllent ettermiddagslys, og da er fargen varm og fin. Hadde vi hatt noko med meir gult er eg redd eg ville syns veggene vart for gule.
Og vi er så enkle vesener – her er det same farge over alt. Det er Chi på vegger og Chi i taket, frå vaskerom til stove. Ein vegg i stova, den bak TV skal få ein mellomgrå farge som heiter Matrix. Og så får vi sjå når vi har budd oss litt inn om der kjem meir variasjon.
Elles har arbeidet med terassen komme godt i gang. Komposittborda er veldig fine – og vi håpar på fine sommardagar i juli!
Denne veka har mykje skjedd. Parketten vart påbegynt for tre dagar sidan og vart ferdig i hovedetasjen i går. Var veldig spent på om eg ville like den – tenkte at den muligens var for grå, men eg konkluderer med at eg kan like det eg ser. Der er litt meir kvist enn det eg hadde tenkt, men så kan det faktisk vere greit med litt liv i eit golv som er kvitmattlakka og dradd mot det nøytrale.
Flislegging er også i gang. Det er ferdig på grovkjøkkenet og teknisk rom står for tur..
Elektriker er i full gang med å montere brytarar og kontaktar og på tirsdag får vi vanleg straum på bygget. Vi har ikkje noko spesielt påkosta når det gjeld det elektriske. Her er det ordinær Elko med punkt som bygger ein del ut frå veggen. Lite spottar har vi og, men dei spottane vi har er LED, og er sånn sett dyrare enn vanleg. Det er ikkje noko smarthus heller… Men for oss har ikkje dette vore viktig. Det smartaste vi har er muligens ein bevegelsessensor som gjer at lyset i grovkjøkkenet slår seg på når ein kjem inn ytterdøra. Praktisk når ein har hendene fulle med posar. Upraktisk med tanke på at katten skal sove der, og vil slå lyset av og på heile tida…..
Overtaking skal skje innan 1. juli, så no blir det prioritert alt ein treng for å få midlertidig brukstillatelse. Det gjer også ein god bonus ved at då kan byggelånet bli endra til Husbanklån; renta på byggelånet merkes etter kvart! For å få løyve må ein sjølvsagt kunne bu i huset utan fare for liv og helse. Vi treng vatn, toalett og kokemulighet. Trappeholet må sikrast, for vi er ikkje sikre på om trappa kjem i tide, men det er heilt mulig å bu på eit plan hos oss. Vi skal ikkje ha barn i fritt fall… Det viktige no er å få opp kjøkkenet (og der byrjar vår eigeninnsats) og få satt opp fliser på bada slik at rørleggar kan få på plass toalett og kranar.
Om ein månad så er vi i hus. Noko seier meg at vi har nok å finne på i vekene som kjem.
Ser veldig fint ut Kjersti. Lykke til med innspurten:)
🙂