Archives for category: Mur

Eg vinn nok ikkje prisen for ivrigaste bloggar i år, men eg får trøste meg med at eg i alle fall jobbar det eg skal, er mor slik eg skal, og er prosjektleiar for huset dei timane det tek. Nesten. For det å bygge hus, rettare sagt, å ha andre til å bygge hus for ein, er noko som krev sine timar. Her føl uansett nokre bilde og ei rask oppdatering.

Denne veka har muraren starta med puss inne. Det er neste som kunstverk syns eg, og eg blir beint fram glad av den fine strukturen vi får på veggane som er yttervegger. Kombinert av alt lyset i hovedetasjen så ser vi allereie at her er det kvalitetar som vi kjem til å like. Sjølv utan møblar og fargar av noko slag så er det slik nå at vi helst ikkje vil heim dit vi eigentleg bur for tida.

Vi vil heller vere i det uferdige, umøblerte huset med alt lyset. Og så er det masse sol her. Og god varme. Og det luktar godt av tømmer.

Men her er ikkje buande heilt enda. Innflytting vil bli i slutten av juni. Det som gjenstår er litt meir puss inne og puss ute. Tak og vegger skal malast. Golv summast. Dører skal i, og terrasse leggast. Bada står utan gips enn så lenge. Der skal komme boksar til dei innvendige armatura, og vi må ha inn innreiing. Litt gjenstår altså.

Men lyset har vi!

Bildet under viser kjøkenet. Høgskapa kjem i nisjen der det står ei skuffe – etter planen skal vi få dei lakkert grøne. Nedforinga for ventilatoren heng frå taket og ned. Var veldig i tvil korleis den skulle bli, men eg syns den fungerer bra!

Igjen – kjøkenet, her mot «yttervegg» som vender mot vinterhagen. Veggen er enda ikkje heilt tørr.

Og her i rommet innafor, som er ein bi-inngang og grovkjøken. Og ekstra vaskerom. Fine lyset!

To gamle stolar står berre å ventar på at ting skal bli ferdig, slik at vi kan flytte inn og nyte utsikta… Dei blir nok bytta ut med noko litt meir komfortabelt.

Igjen frå kjøkenet.

Vinterhagen har fått «øyenbryna» på. Det gjorde at denne siste «klossen» begynte å snakke meir saman med utspringet i front av huset (ikkje på bildet). Huset blei samanhengande. No gjenstår berre rekkverk på terrasse, og murpuss, så er utsida ferdig. Inne i vinterhagen står parketten stabla. Den kom i frå England i forrige veke.

No er vi på badet i underetasjen. Som sagt er veggane framleis opne. Det skal lagast boksar i veggen for armaturet. På ein stender har eg hengt ein lapp med skisse over korleis denne veggen skal bli med møblering. Ikkje alltid like lett å forklare til murar, elektriker og rørleggar kva som skal kor… Da er det like greit å lage ei arbeidstegning og få den på veggen. Vi har også tusja på golv og vegger for å vise møblering. Det er satt inn to vindu i veggen. Under kjem det to lampar, deretter spegel, to armatur to stikkontaktar og to vaskar.

Inn døra til vaskerommet / teknisk. Her kjem det vaskemaskin og tørketrommel med benkeplate oppå. Eg håpar berre kassen er høg nok til at vi kanskje kan få bygd kvitevarene litt opp. Kvitevarene er komne forresten – bestilt frå Danmark og stua inn i boder og skap her vi leiger. Platetoppen ligg under dobbeltsenga.

Resten av teknisk er ein imponerande spaghetti.

Og til sist frå tv-stova nede. Enn så lenge er mest heile trappeholet dekt av plater, men når dei er borte vil det komme lys ned her frå overlysvindua oppe. Eg trur vi vil sette pris på å få litt morgonlys ned hit!

Arbeidet går jevnt og trutt framover, og ingen problem har vore større enn at dei kunne løysast. No prøver vi så godt vi kan å halde tak i økonomien slik at vi ikkje får altfor mange tillegg på tampen. Tillegg blir det, men vi prøver å manøvrere oss bort frå det som gjer altfor vondt!

Eg hadde ikkje heilt sett for meg husa sine hemmeligheter – alt som ligg kamuflert inne i veggar og tak. Eitkvart moderne menneske veit jo at ein treng straum og vatn i eit hus, men lite visste eg kor mykje plass det må ha, og kor krevjande det er å få det tilpassa og smetta og snudd gjennom, over og under. Og i dag har eg sett at eit avløp frå eit toalett ned gjennom kan vere reine skulpturen. Det var nesten litt vakkert der det samla to nedløp frå taket i etasjen over, dreide seg mot veggen, sklei nedover, bende seg inn i veggen, og forsvann ned i golvet og forhåpentligvis ut under huset. Med ein sokk på, for å dempe støy og sus. Røyret skal få stå sånn, eksponert, for her er vi på teknisk rom, og det skal få vere….. teknisk. Så får vi sjå om eg blir lei av å tørke støv av avløpsrøyret mitt.

Sol over heile Vestlandet i dag. Vi gler oss over dei store vindua i karnappet. Dette blir bra både i solskin og snøstorm

Alle stenderar i vegger ser ut til er komne opp, og alle tak er lekta ned. Det er klart for gipsing. Elektrikar har vore i sving i forrige veke, og punkt for elektrisk er i ferd med å komme på plass. Sidan vi er litt over normalen glad i pendlar, og litt under normalen glad i spottar, så er det ein del som må avklarast no. Særleg når ein heller ikkje vil ha støpsel oppe ved taket for pendlane. Plassering av takpunkt må da vere nokså nøyaktig over der vi skal ha bord, og da var det best at vi sjølve bestemte nøyaktig kor dei skulle komme. Så det fekk vi gjort i dag, godt utstyrt med måleband, snor og lodd, planskisser og sprittusj. I same slengen som vi markerte takpunkt, så fekk vi tatt ein del andre viktige ting som surround og lyd.

Og nå når vi kan oppleve romma meir, så har vi høve til å legge inn endringar før det blir for seint. Heldigvis var det ikkje så mange, for bildet under representerer ein del lappar….

Vi brukte lengst tid på å finne ut kor dei tre pendlane over kjøkkenhalvøya skulle henge. Nøyaktig liksom. For først måtte vi finne ut kor øya kom. Og så måtte vi sjå for oss kor tett pendlane skulle henge… Mannen satsa på rein matematikk, medan eg satsa på å lukke augene og visualisere og finne balanse…. Men vi kom nå i hamn på eit vis og fekk teikna opp nokre piler høgt der oppe ved mønet. Borda på tvers er feste for ventilatoren, og utkastet skal vere på den vesle veggbiten mellom vindua.

To pendlar over spisebordet måtte på plass. Først må ein finne ut kor stort spisebord ein har/planlegg å ha. Deretter – kor skal det stå i forhold til veggar og benker? Kor stor plass treng stolar? Og kor breie lampar skal vi ha over bordet (eg ser for meg to som er store, ca 50 cm. i diam). Vi endte opp med å tusje bordet rett på golvet og plassere pendlane etter dette. Ikkje for langt frå kvarandre, men ikkje for tett heller. Når punkta var plassert vart punktet i taket funne ved hjelp av snor og lodd.

Kva lampe? Vel, nå har vi investert i dyr pendel til stova, så lommeboka har mest lyst på to stk. Brasa frå IKEA. Dei er fine i formen og har innvendig blending. Helst ville eg hatt raude, men nå ser eg dei berre i kvitt og svart?

Og til sist eit bilde frå utsida. Murpussen ser ut til å bli veldig bra – og eg er fornøgd med fargen mot både treverket, vindua og dei grå platene.

Kva skjer i veka som kjem? Arbeidet med røyr held fram. Innan mandag må vi avgjere om vi skal ha vasskranar på badet som kjem ut av kasse på vegg, eller er montert fast i vasken. Elektrikar trekker sine ting vidare, murar pusser meir (hurra for solskinn!) og tømrar går i gang med gipsing. Kanskje aller mest spennande – vinterhagevindua er komne og skal opp. Det skal bli bra å få bort dei siste presenningane. Horisonten vidare har eg ikkje full oversikt over, men malaren kjem i midten av april, golvet frå England kjem første veka i mai, og kjøken og trapp i slutten av denne månaden. Og i stova vi leiger hopar ting seg opp. Vi har ein sovesofa innapakka i papp, ein fantastisk Random Light pendel som tar noko over 1 kubikkmeter, og snart skal vi ta i mot kjøkenomn, platetopp, kombiskap, varmeskuff, oppvaskmaskin, tørketrommel og vaskemaskin sendt frå Danmark. Skal tru om vi får plass under senga?

På tide med ei oppdatering. Det har skjedd ein del sidan sist – først og fremst har alt av panel blitt satt på, og vi likar fargen! Garasjen er blitt varmbrun og fin, og gløda mot oss i vintersola i dag. Elles har arbeidet heilt klart blitt forsinka av det dårlege veret som har vore i haust. Kombiner dette med litt anna smårusk, så ligg vi etter eitpar-tre veker i progresjonen. Først og fremst tok det lenger tid enn tenkt å få opp natursteinsmuren. Det gjorde at golvet for vinterhagen ikkje har blitt støypt før no, og at bygging av dette rommet ikkje har komme i gang. Dette gjer også at tak ikkje er blitt  lagt på hus og garasje, for dette gjer ein først når alle bygg er komne opp.

Men nå er fundamentet for vinterhagen støypt! Den blir ikkje liten heller syns vi – ein veldig bra plass å sitte og nyte utsikta. Døra til høgre er inn til kjøkenet og arbeidsfeltet mellom to kjøkkenbenkar. Her blir det nok ein del aktivitet ut og inn om sommaren for å hente urter i kassen eg planlegg på terrassen. Skyvedøra til venstre er ved spisebordet, også inne på kjøkenet. Døra er 250 høg, og måtte leverast på nytt, for ho kom først i 240 høgde. Men det ordna seg 🙂 I vinterhagen kjem skyvedør mot fotografen og også ei dør ut mot venstre bildekant. Elles blir her vindu med aluminiumsomramming. Grå altså, som takrennene. Utanfor vinterhagen (mot kamera på bildet under), kjem terrassen. Den skal vere i komposittmateriale, og det aller beste er at det skal vere ein plassbygd plantekasse i den til urter og kjøkkenhage. Ja takk! Eg gler meg.

Og så er hoveddelen av natursteinsmuren under vinterhagen ferdig. Vi er godt fornøgd med den – hadde nokre rundar på kva type stein vi skulle velge, men endte opp med denne grå som eg trur vil kle huset bra. Nå skal muren endrast litt på for å støtte opp under terassen som havnar litt  i «lause lufta» i høgre bildekant. Det vil gi oss litt skjerming frå sør, og blir ein fin liten uteplass på nedre plan av tomta, utanfor soverom og TV-stove.

Vindu er satt i i heile hovedetasjen. Som nevnt over er alt panel montert. Austfasaden har fått takrenner. No blir innsatsen lagt i vinterhagen, slik at ein kan få starta opp med taket, og deretter tørking av bygget. Det er ikkje få liter vatn som har stått i underetasjen…. For å få vinterhagen på plass må vindu bestillast. Tanken er å få så smale omrammingar rundt vindua som mulig, og at dei skal stå tett i tett. Meininga var å få satt inn «hubs» eller «hubbar» mellom vindua for å gje støtte til taket (som er tett, ikkje av glas). Det viser seg vanskeleg å få dei tynne nok og sterke no (vi har greid å presse det ned til 5 cm. men syns det er for mykje). Kanskje må vi tilbake til tynne søyler langs veggane (5 stk) på enkelte støttepunkt for å bere taket oppe. Eg vil heller det enn å auke godset mellom vindua i vinterhagen. Vidare skal det påmonterast metallplater rundt takvindua i mønet, og rundt vindua i treutspringa. Nokre foringar skal også få plater på seg – fargen blir mørk koksgrå, og eg trur det kan bli bra. Andre ting som har vore diskutert er terrassen. Vi lurte ei stund på å heve terassen 12 cm for å viske ut høgdeforskjellen mellom vinterhage og terrasse, men slo  det frå oss. Kan vere praktisk med ein liten kant ned, særleg sidan dette er mot sørvest og vatn kan drive mot vindu og dører.  Og sånn går no dagane med diverse spørsmål. Sjølv med eit hus som er teikna og gjennomdrøfta, dukkar det opp ting undervegs. Enn så lenge fell det meste på plass etter ein liten tenkepause. Er glad vi har folk med oss som faktisk spør, og ikkje berre gjer eit val for oss utan å fortelle!

På tide med oppdatering, men eg har ingen bilde å vise fram. Vi er jo på jobb på dagtid, og når vi kjem heim er det litt for mørkt å fotografere. Dessutan er det så myke søe og aktivitet rundt huset at eg føler eg spring berre i vegen om eg hoppar rundt der med kamera.

La meg først starte med vindua. Vi har hatt ein liten runde på dei nemlig. Våre to desidert minste vindu i heile huset har skapt størst hodebry. Grunnen er prisen. For det viste seg at dei lot seg ikkje levere som tenkt, og vi fekk litt fram og tilbake om prisen. Hola for vindua var allereie ferdig murt, og vindu må vi jo ha. På bilda ser de dei to vindua – det til venstre er vindu på badet oppe, det til høgre er identisk vindu i «profil» på grovkjøkenet. Ruta på taket er større enn bildet til venstre gir inntrykk av – det er eit takvindu rett og slett, og stikk opp over taket. Så møter det veggvinduet i ein karm. Eg trur det blir fint…

Vi får sikkert dei dyraste grovinngangs-vindua på heile øya 😀 Men so be it. Vi satsar på billig dørmatte i alle fall. Og forbod mot ballspeling på baksida av huset…

Ellers er det hektisk der oppe. Garasjen er i sving, og eg ser at den vesle plassen ved inngangsdøra samlar seg og finn si form. Det er godt å sjå! Garasjen er justert noko bort frå vegen i forhold til det som var planen. Vi meinte at det var uheldig å ha garasjen kant i kant med asfalten i fellesvegen! Å få til ei endring her var uproblematisk i forhold til kommunen; vi trakk jo berre garasjen nærmare huset og bort frå grensa. Når den gjeld huset sin yttermur er den ferdig pussa inne og ute. Det er påført kvit grunning (?) nede, og stillas er blitt montert. Rørleggar har kobla røyr til energibrønnen og stein til natursteinsmuren som vi skal ha under terrassen / vinterhagen blir snart levert. Plassen på oversida av huset mot vegen har fått pukk (?) og terrenget er der det skal vere før vi velger belegning /asfalt. Kum for drenering er på plass mellom garasje og hus. Og jammen meg har vi fått over teikningar på ventilasjonsanlegget – endeleg! Det har vore det største usikkerhetsmomentet den siste tida, og det er drøfta fram og tilbake korleis ein best kan få det til utan å gjere store synlege inngrep inne.

Og slik ser første utkast frå ventilasjonsfolka ut – flotte spagettiar i rødt og blått som skal sikre frisk luft. Rødt er avtrekk og blått er tilluft. Dei to lange linjene som går langs heile huset si lengde ligg i nedsenkinga av taket i underetasjen. Dette er teknisk rom, bad, garderobe og bod. Frå denne hovedkanalen med røyr diameter 20 cm. er det fleire oppstikk til rom oppe -desse er 12,5 cm. i diameter. Dei til venstre er til kjøken. Den vesle blå lengst til venstre går i kasse i taket på jentungen sitt soverom under, for så å smette opp og ut ved golvet i vinterhagen. At desse røyra er smalare var ein lettelse, for det betyr at det er mogeleg å komme gjennom lecaplanken utan større problem. Trur vi enn så lenge.

I  morgon må eg opp på tomta og ta bilde av siste utvikling på huset. Eg skimtar nemmelig konturane av toppen, og tømrarane er tydeligvis godt i gang! Meir følger!

Det lagar seg 🙂

Huset har begynt å kikke på oss når vi kjører forbi. Augene opnar seg på eit vis og glor forundra ut over bygda. Og nå skal eg slutte å vere så poetisk… men det er berusande.

Litt zooma inn med eit elendig Iphone3-kamera. Dette er fronten av huset, og viser kva rom som ligg her. Stova oppe kan verke litt lita kanskje, men arbeidsrommet / gjesterommet ved sida av har stor skyvedørsopning og vil fungere som ein del av rommet. Her blir det ein sovesofa og truleg ein ekstra tv om mor får det som ho vil. Den store opningen i fronten, i stova, blir ikkje heilt slik. Her skal tømrar i gang med eit utspring. I denne «velstandsvorta» har eg mest av alt lyst på eit rundt kaffebord, ein gammal divan frå bestemorsheimen, og to lenestolar. Det blir sagt i bygda at det ser ut til at vi bygger ein anleggs-garasje nede…. Eg kan forstå dei litt – dei fire store opningane ned kan nok sjå ut som starten på garasjeportar. Men her blir nå vindu, og med *kremt* fire dører ut til hagen – ei for kvart rom. Rømningsvegar burde ikkje vere eit problem på vårt bruksnummer.

Tal på folk som er i sving varierer frå to til fem. Her blir det murt over vinduet på arbeidsrommet/gjesterom/stove. Som nevnt over vil dette rommet ha fleire bruksområde. Forskalings-greiene som ligg på leca-planken dekker over trappeholet. Det vil ligge i sjølve stova oppe og trappa vil gå rett ned i TV-stova. I dag jobba dei lenge, og har planar for overtid i morgon også. Grunnen er rett og slett det fine veret – lurt å nytte høvet når ein endeleg har fått sol!

Nåh! Eg trur eg bestiller meg denne plassen ved kjøkkenbordet. Slik utsikt kan eg godt leve med til frokost, middag og kvelds! Eg er normalt ikkje begeistra for granskog, men på slik avstand kan eg like det. Det gir litt farge om vinteren, og det ER jo fint med snø på grantre til jul!

 

Dei har ikkje nett vore heldige med veret, dei stakkarane som bygger for oss. Men det har gått unna denne veka likevel. Kvar dag ser vi store endringar – og det er ekstra gledelig! Vi veit at når arbeidet inne startar vil framskritta ikkje vere så merkbare, så vi får nyte det medan vi kan! Sidan sist eg viste bilete frå  huset har 2. etasje, hovedetasjen,  begynt å reise seg. Vindusopningane trer fram! Dei har også nesten gjort ferdig tilfyllinga mot muren, slik at ein no kan gå trygt inn i hovedetasjen oppe. Først no ser vi også kor flatt og bra det blir på oppsida av huset. Det er ikkje store fallet ned frå vegen!

Her følgjer eit lite knippe bilete. Det første er eitpar-tre dagar gammalt, dei to nedste er frå i dag.

Her står eg omtrent ved enden av kjøkenbenken, og ser mot der spisebordet skal stå, og ut vinduet i front. Det blir eit veeeeldig langt vindu! Til venstre for hjørnet kjem balkongdører

Bilde tatt frå naboen. Vinduet midt imot går heilt ned til golvet i hovedetasjen.  

Eit meir eller mindre interessant bilde frå badet oppe. Ikkje særlig spa-aktig…. Vinduet her blir litt mikkmakk med – det ligg utanpå huset, og stekker seg opp over taket også. Det oransje anleggs-gjerde som ein ser gjennom vindus-opninga viser at vegen ikkje ligg så mykje høgare enn huset.  Og ja, vi kjem til å ha ein form for film i vinduet for å stoppe innsyn.

Og her er fronten. Spennande å sjå kjøkenvinduet tre fram! Det blir ikkje så magne veritkale stolpar i vinduet som skal inn som det som er vist her.

I vekene som kjem blir det mykje som skjer – huset skal murast ferdig, natursteinsmuren i front skal på plass, det skal fyllast til for terrasse, og ein skal vel gjere ein del av utearbeidet ferdig på oversida av vegen også. Eg håpar berre på litt mindre nedbør og ikkje så veldig kaldt!

Og headinga handlar om kor solid huset skal bli….

Det er ein travel haust for oss to vaksne i familien, og det har ingenting med huset å gjere. Eg er inderlig glad for at vi ikkje skal gjere noko sjølv. Det vil vi aldri makte å få til, men det har vi også visst heilt frå starten av. To vaksne i full jobb utan familie, to småskulebarn som treng mykje tid og merksemd, og lang pendling gjer at vi knapt nok bør bruke tid på å male ein vegg. Men vi susar forbi tomta kvar dag, og myser opp i halvmørket mot murane som reiser seg. Det går så fort at vi rekk ikkje følge med. I det heile tatt. Her må vi overlate ansvar og stole på andre.

Og vi kjenner oss i trygge hender. I dag har vi hatt ein raskt møte på tomta, med han som styrer heile prosjektet, og muraren. Vi blir møtt med eit breitt murar-smil og orda «ja, de får i alle fall eit SOLID hus». Det ser absolutt solid ut. Tjukke, tunge yttervegger, tverrmurar for å støtte opp for jordtrykk bakfrå, og ein stålbjelke på tvers, som egentlig er overdimensjonert, men da er det i alle fall solid. Eg veit ikkje kva det er, men det at huset er SOLID er som musikk i øyrene til han eg deler utgiftene med. Kanskje er det ei manne-greie, kanskje er det fordi han kjem frå den der skjelvande øya ute i havgapet, men han ønsker seg i bunn og grunn ein bunkers. Eg har litt høgare krav til estetikk (han også vil eg tru), men dette huset skal i alle fall tåle ein vinterstorm med god margin.

Eg har tatt ein del bilde i prosessen, og dei følger under. Tanken har heile tida vore å få lagt dei ut etter kvart, men dette har eg måtte prioritere bort. Ungar, jobb og søvn må komme først, i den rekkefølgen 😉 Men det er fantastisk å berre sjå prosjektet ta form. Eg er facinert over at dei greier å konkretisere arkitekten sine strekar. Korleis får dei hjørnet til å havne på riktig plass? Korleis visste dei at røyret kom opp der det skulle? Nå veit eg jo at der finst måleinstrument, erfaring og berekning her i verden, men likevel. Det er facinerande.

Den 14 september, ei drøy veke sidan.

Utsyn frå badet nede. Eine veggen i huset manglar på eit vis, men der har komme opp ferdige søyler mellom vindua i front…

18 september. Vi tar eit kveldsbesøk. Der er komme opp noko treverk blant alle murane.

Og så har det komme opp noko over søylene! Vi ser endeleg kor store vindua blir!

Nåvel. Det er framleis ein bunkers. Ein bunkers som har fått fire sider i det minste. Og dette var siste gongen desse romma hadde himmelen som tak…

For mandag den 19, denne veka blei det jobba med etasjeskille!

Lurer litt på HMS ved dette bildet her… gulp. Og ja, eg sa faktisk i fra. Men det der var visst veldig dagligdags…  Og nei, i følge kontrakten er ikkje vi ansvarlige for HMS på byggeplassen. Puh. Personen til venstre står forresten i det som skal bli inngangspartiet i huset. Det skal fyllast inn til muren og heilt opp. Etasjen oppe vil vere noko større enn etasjen under.

 

Og nå vart det mørkt! Dette er bilde tatt i går, 23. september. Dei store vindua i front vil gi bra med dagslys, så det skal bli ok i opphaldsrom og soverom, men romma i bakkant, dvs. teknisk/vaskerom, bad, garderobe og bod vil aldri sjå dagslys igjen stakkarane. Vår kloke arkitekt har jo visst om dette frå starten av, og planlagt «arbeidsromma» inn mot den mørke delen av bygget.

Frå bod-døra gjennom garderoben inn til badet i fint overlys. Det lyset forsvinn nokså fort når dei siste elementa blir satt på plass i veka som kjem. I veggen midt mot kamera skal det skjerast ut ei luke til skittentøydunken som står inne på vaskerom/teknisk. Elles? Eg som ikkje er noko glad i spottar vurderer spottar i garderoben. Her trengs det godt med lys. Satsar på skyvedørsgarderobe med speil, frå IKEA.

Og her har vi drista oss opp i hovedetasjen, oppå lecaplanken. Bildet er tatt i kjøkenhjørnet og viser litt korleis det vil bli om nokre månader. Vi får utsikt ned til Kringastemma og elva. Nedanfor oss er det friområde, så her vil det vere grønt og fint.

Og det var kveldens bilderas! På mandag starar muring av hovedetasjen, og dei reknar med at all mur er ferdig om tre vekers tid. Det skal murast ein natursteinsmur på sida av huset, som fundament for vinterhagen (den kjem der eg har skreve skyvedør til terrasse, strengt tatt er det vel skyvedør til vinterhage, og så terrasse). Arbeidet har gått raskare enn venta og muraren har gjort ein kjempefin jobb. Det same gjeld rørleggar, og den vesle biten som elektrikar har vore involvert i så langt. Alt har gått heilt fint så langt. Tømrar har tidlegare sagt at han treng 3-5 månader på sitt arbeid. Da snakkar vi faktisk om ferdig hus i januar-mars, langt tidlegare enn eg hadde trudd….

 

 

 

 

Det er verkeleg oppløftande å kjøre forbi tomta ein tidleg onsdag og sjå synlege murar og arbeidsfolk i aktivitet. Då får det så vere at det er regn og haust. Eg håpar berre dei slepp å bli altfor våte!

Til saman er det nå lagt 10 skift med Scanblokk – himmelhøgt! No veit eg at eg blir lurt av at golvet sjølvsagt skal byggast høgare. Det skal isolering over det heile, røyr for varme, og så ny støyp. Det blir ein del ekstra centimeter det. Men det ser i alle fall ut til at vi skal ha god takhøgde nede – og det er bra, for elles ville undertasjen kanskje opplevast meir som ei grotte (tre veggar utan vindu). Oppå murane nå skal det ei spesiell rad med blokker før lecaplank skal på. Da forsvinn himmelen frå underetasjen – for alltid!

Dei har laga forskaling for tverrveggen nede – den som i bunn og grunn fungerer som ein teknisk vegg for heile huset. Opp gjennom denne, og i taket innanfor, skal alt av røyr og dilldall inn. Til venstre side av veggen, ut mot utsikten, er soverom og oppholdsrom. På høgre side er bod, garderobe, bad og teknisk rom.

Eg snakka med to hyggelige brør som m.a. holdt på med.. tja, er det slemming det heiter? Dei held i alle fall på med å smøre ei «greie» ut over ytterveggen. Dette er vegg som skal vere under jord.

Eg er glad for at ein del er blitt gjort før hausten verkeleg setter inn. Håpet er at dei får nokre fine haustveker med godt vêr – da er det godt å jobbe ute, og så går arbeidet raskare. Elles har vi fått eit tilbod på ventilasjon frå Enervent, som vi truleg går for. Det er på høg tid at vi får avgjort denne saka, for det hastar med å få teikningane klar for kvar ventilasjonsrøyra skal gå. Vi trur det er nok plass og rom til dette opplegget, men om det må gjerast justeringar for å få røyra fram, så er det siste sjangs nå!

Det er mur på tomta! Skikkelig mur – solid mur – rett og slett vegg! Seks skift har dei lagt, på to dagar. Det er så beint og flott atte. Huset begynner å manifistere seg! Bildet over er tatt langs bakveggen i huset, såkalla «teknisk sone». Teknisk rom ligg i enden rett fram, med opplegg for vaskemaskin og utslagsvask. Deretter kjem badet nede. Røyret som kjem opp nærmast kamera er toalettet.

Det kvite de ser i midten av muren er isolasjonen, fiks ferdig. Dette er Scanblokk 35 cm, eit tilsvarande produkt til Leca isoblokk 35. Scanblokk har not og fjør, som kan vere ein fordel – går raskare å legge og er meir stødig. Og så skal den visst vere lettare å pusse sidan overflata er litt jevnare enn hos Leca. Kor mange skift som skal leggast før etasjen har full høgde veit eg ikkje, men dei har da komme langt. Som de ser er det ikkje murt på framsida – her er det ingen vegg! Her blir det vindu over det heile, frå golv til tak. Over dette blir det lecaplank før dei murer vidare. Då blir bygningskroppen utvida noko for å gi plass til vinterhagen oppe. Mmmmmm, trur dette blir bra eg 🙂