Archives for category: Vinterhage

Nok ein merkedag – på fredag blei vinterhagen montert. Den har vi venta på ei god stund av diverse årsaker, og det var kjekt å få den på plass!

20120401-185342.jpg

Det ser litt ut som at vi skal starte restaurant-drift der oppe på kanten… Bildet under viser vinterhagen frå anna hald, og forskaling for terassefundament.

20120401-185518.jpg

Det blir eit bra rom å vere i. Trur det blir fint å kunne sitte her i vintersola. Og dette er også den delen av huset som har tidleg morgonsol – dei morgonane vil eg tøfle ut hit med kaffekruset.

Bildet viser at hjørnet manglar eit siste beslag som skal på plass, elles er her ferdig (bortsett frå fliser da). Rommet har to opningar ut, ein mot den delen av terassen som kjem ut i front, og ein til bakre del av terassen.

20120401-190332.jpg

Inne er gipsplatene i hovedetasjen begynt å komme på plass. Kjekt å sjå romma ta form og at overlyset frå mønet gir behagelige lysforhold. Bildet under er tatt mot det lange kjøkkenvinduet i front. Veggen som ikkje har fått gips er mellom kjøkken og stove. Her blir det høge bokhyller i stova og ein vegg med høgskap på kjøkenet. Børsten mot veggen står om lag der omnen vil komme.

20120401-190920.jpg

Bildet under viser det store utspringet i front.

20120401-191121.jpg

I veka som var hadde vi møte med rørleggar og gjekk gjennom kva vi ønsker av armatur og innreiing på bada. No ventar vi på pris. Sidan vi er så fryktelig glad i å gjere ting komplisert for oss sjølve, så har vi valgt å ha armatur rett ut av vegg. Vola sine klassikerar strauk vi raskt av lista – fryktelig fine, men uaktuelle i vårt budsjett. Men Axor Uno frå Hansgrohe er ikkje langt unna da, til ein finare pris (bilde frå vvskupp)

20120401-192519.jpg

Eller kanskje Pura Vida av samme merke?

20120401-192559.jpg

Ved å velge veggmonterte kranar, så har vi lite å velge i når det gjeld vask og møbel. Dei fleste vaskar har jo hol til blandebatteri. Ein rund bolle vil vi ikkje ha, men derimot noko firkanta, fortrinnsvis noko som dekker heile skuffeskapet. Rørleggar har funne ein som kan underlimast i ei komposittplate (f.eks frå Diapol), men det ser ut til at vi også kan få til noko hos Kvik. No ventar vi litt på prisar, og får sjå kva det blir til.

Elles kan eg rå folk til å ta ein kikk på Kvik sin planleggar for bad, kjøkken og garderobe. Sjølv den som ikkje planlegg å handle der kan bruke programmet og få litt inntrykk av korleis rommet blir i både 2d og 3d. Alt blir lasta ned på eigen pc og filene lagra hos deg sjølv. Fleire av møblane er skalerbare, og generelt sett er det heile langt lettare å bruke enn t.d Ikea sitt teikneprogram.

Eg hadde ikkje heilt sett for meg husa sine hemmeligheter – alt som ligg kamuflert inne i veggar og tak. Eitkvart moderne menneske veit jo at ein treng straum og vatn i eit hus, men lite visste eg kor mykje plass det må ha, og kor krevjande det er å få det tilpassa og smetta og snudd gjennom, over og under. Og i dag har eg sett at eit avløp frå eit toalett ned gjennom kan vere reine skulpturen. Det var nesten litt vakkert der det samla to nedløp frå taket i etasjen over, dreide seg mot veggen, sklei nedover, bende seg inn i veggen, og forsvann ned i golvet og forhåpentligvis ut under huset. Med ein sokk på, for å dempe støy og sus. Røyret skal få stå sånn, eksponert, for her er vi på teknisk rom, og det skal få vere….. teknisk. Så får vi sjå om eg blir lei av å tørke støv av avløpsrøyret mitt.

Sol over heile Vestlandet i dag. Vi gler oss over dei store vindua i karnappet. Dette blir bra både i solskin og snøstorm

Alle stenderar i vegger ser ut til er komne opp, og alle tak er lekta ned. Det er klart for gipsing. Elektrikar har vore i sving i forrige veke, og punkt for elektrisk er i ferd med å komme på plass. Sidan vi er litt over normalen glad i pendlar, og litt under normalen glad i spottar, så er det ein del som må avklarast no. Særleg når ein heller ikkje vil ha støpsel oppe ved taket for pendlane. Plassering av takpunkt må da vere nokså nøyaktig over der vi skal ha bord, og da var det best at vi sjølve bestemte nøyaktig kor dei skulle komme. Så det fekk vi gjort i dag, godt utstyrt med måleband, snor og lodd, planskisser og sprittusj. I same slengen som vi markerte takpunkt, så fekk vi tatt ein del andre viktige ting som surround og lyd.

Og nå når vi kan oppleve romma meir, så har vi høve til å legge inn endringar før det blir for seint. Heldigvis var det ikkje så mange, for bildet under representerer ein del lappar….

Vi brukte lengst tid på å finne ut kor dei tre pendlane over kjøkkenhalvøya skulle henge. Nøyaktig liksom. For først måtte vi finne ut kor øya kom. Og så måtte vi sjå for oss kor tett pendlane skulle henge… Mannen satsa på rein matematikk, medan eg satsa på å lukke augene og visualisere og finne balanse…. Men vi kom nå i hamn på eit vis og fekk teikna opp nokre piler høgt der oppe ved mønet. Borda på tvers er feste for ventilatoren, og utkastet skal vere på den vesle veggbiten mellom vindua.

To pendlar over spisebordet måtte på plass. Først må ein finne ut kor stort spisebord ein har/planlegg å ha. Deretter – kor skal det stå i forhold til veggar og benker? Kor stor plass treng stolar? Og kor breie lampar skal vi ha over bordet (eg ser for meg to som er store, ca 50 cm. i diam). Vi endte opp med å tusje bordet rett på golvet og plassere pendlane etter dette. Ikkje for langt frå kvarandre, men ikkje for tett heller. Når punkta var plassert vart punktet i taket funne ved hjelp av snor og lodd.

Kva lampe? Vel, nå har vi investert i dyr pendel til stova, så lommeboka har mest lyst på to stk. Brasa frå IKEA. Dei er fine i formen og har innvendig blending. Helst ville eg hatt raude, men nå ser eg dei berre i kvitt og svart?

Og til sist eit bilde frå utsida. Murpussen ser ut til å bli veldig bra – og eg er fornøgd med fargen mot både treverket, vindua og dei grå platene.

Kva skjer i veka som kjem? Arbeidet med røyr held fram. Innan mandag må vi avgjere om vi skal ha vasskranar på badet som kjem ut av kasse på vegg, eller er montert fast i vasken. Elektrikar trekker sine ting vidare, murar pusser meir (hurra for solskinn!) og tømrar går i gang med gipsing. Kanskje aller mest spennande – vinterhagevindua er komne og skal opp. Det skal bli bra å få bort dei siste presenningane. Horisonten vidare har eg ikkje full oversikt over, men malaren kjem i midten av april, golvet frå England kjem første veka i mai, og kjøken og trapp i slutten av denne månaden. Og i stova vi leiger hopar ting seg opp. Vi har ein sovesofa innapakka i papp, ein fantastisk Random Light pendel som tar noko over 1 kubikkmeter, og snart skal vi ta i mot kjøkenomn, platetopp, kombiskap, varmeskuff, oppvaskmaskin, tørketrommel og vaskemaskin sendt frå Danmark. Skal tru om vi får plass under senga?

Det er vel nesten to veker sidan forrige post. Det blir lita tid til å oppdatere her når ein er to vaksne i full jobb som berre har nokre knappe kveldstimar til å diskutere dørfargar og veggbredder. Det er bra det finst epost, for mykje av kontakten med dei som bygger skjer på det viset. Men arbeidet på huset har gått framover – i rykk og napp. Ein del viktige avklaringar er blitt gjort. Først og fremst fekk vi tatt ei avgjerd på ein del ting rundt vinterhagen. Det dreide seg om HUP’ar og vindusprofilar, aluminium og stål og ikkje minst fargar. Det som er spennande er at vi landa på at vindua i vinterhagen får koksgrå innramming – same farge som vindu i resten av huset. Ikkje berre utvendig, også inne. Det trur eg blir veldig bra og vil harmonere med tak og detaljar. Arbeidet med natursteinsmuren som støtte for vinterhage og terasse har også blitt ferdig desse to vekene. No skal det støypast eit stripefundament for terassen – men dette arbeidet vert ikkje gjort heilt enno. For no har nesten det viktigaste komme på plass – tett tak.

20120210-201449.jpg

Eg kjørte opp på tomta i ettermiddag og tok bilde. Her er folk frå Protan i sving. Taket mot aust er ferdig, og i dag la dei på listene og tak på vinterhagen. Garasjen er også gjort. Eg er så veldig glad for at fargane passar så godt i hop. Eg syns dei store platene i mønet (Cembrit) er fantastisk fine – same plater er brukt på huset sine to utspring i nord og vest. Svart takpapp blei bra til, og stålbeslaga (colourcoat) passa også fint inn på toppen av mønet og rundt vindua. Veldig glad for at alt dette harmoniserte.

Vidare har vi hatt ein del fram og tilbake om innvendige taknedløp eller ei, men endte på innvendige, sidan dette er råd frå Sintef når det gjeld flate tak. Dette blir altså kun for dei to små flate taka på huset – elles har vi vanlege taknedløp som anna folk.

Trappa har vi også begynt å lande på. Det runde trappeholet skal vere 220 bredt for å gje plass til ei trapp på 210 i diameter. Ut frå dette vil kvart trinn vere ca. 90 cm. Smalare enn det kan vi nesten ikkje ha det. Men breiare hol vil vi heller ikkje ha, for da tek det for mykje av golvet oppe. Eg trur det blir bra. Rekkverkt rundt er enno i det uvisse, men eg skal i alle fall undersøke pris på bua glas rundt holet før eg slår det frå meg som vanvittig dyrt. Eg trur det er vanvittig dyrt.

Omn bestemte vi forrige helg, og her har vi gjort avtale med Varmefag om både levering og montering av ein Rais Viva 120.  Det var liksom ingen tvil i butikken – veldig fin og elegant, god å ta i og godt handtak. Eg trur vi skal bli godt fornøgd. Kva vi skal ha under denne peisomnen veit vi enda ikkje. Eg har vurdert ei støypt plate i kvit betong, men glasplate på parkett er sjølvsagt også eit alternativ. Det var litt viktig å få avklart kva omn  vi skulle ha, for det skal fresast opp eit spor til friskluft. Da måtte vi vite litt meir om kor stor omnen blir, og kor dette røyret skulle leggast.

Vinda til vinterhagen kjem ikkje før om ein seks vekers tid. I mellomtida har dei dekka til med presenning, og da ser vi litt betre konturane av den. Når ein kjører forbi på vegen nedanfor feltet ser huset litt meir komplett ut.

Og i ettermiddag fyrte dei opp eit digert beist nede i underetasjen. Då eg kom opp der var det allereie byrja å bli varmt i huset, særlig nede. Isen som låg over golva hadde smelta, og dei dreiv og spadde vatn i bøtter og heiv ut. Ei helg med dette dyret skal nok gjere underverk i huset!

Tidleg i neste veke vert det laga forskaling for trappeholet. All isolasjon i golva vert lagt, og deretter feste for vassbåren varme. Elektrikar legg ein del trekkerøyr som skal ligge i golva (for bl.a. å spare slissing i veggar). Siste bit av taket vert lagt på. Om eg ikkje tar heilt feil legg dei beslag på garasjen. Over helga igjen kjem rørleggar og legg vassbåren varme. Etter det kjem det påstøyp både oppe og nede, og først då vert trappeholet klart, slik at det vert støypt saman med sjølve golvet. Deretter skal det borast hol til alt som skal trekkast mellom to etasjar – vassrøyr, el-røyr, sentralstøvsugar og ventilasjon.

Ein liten milepæl er nådd; i dag, ca. kvart på fire på ettermiddagen, vart siste døra montert. Eg var tilfeldigvis der. Kjørte forbi for å hente ungane på SFO, og kunne sjå frå vegen at fleire vindu nede var på plass. Da måtte eg svinge opp og fekk tatt bilde når døra ut frå TV-stova til hagen vart buksert på plass. Bildet under viser korleis huset ser ut like før det mørkna i ettermiddag.

Det lyse tømmeret til høgre i bildet er taket på vinterhagen. Vindua her kjem seinare. Under det lange kjøkenvinduet i høgre del av sjølve huskroppen er terrassen påbegynt. Terrassen vil halde fram forbi vinterhagen og ut i høgre bildekant.

TA DA! Siste døra! Det har vore veldig mange tunge løft for tømrarane – sikkerhetsglas i trippelt lag blir mykje tyngde.

Fint blir det. Og fine muren som gir støtte for vinterhagen! Betongkanten oppå vil vi nok forblende. Vinduet nærast muren er i jentungen sitt soverom. Ho har dør ut til hagen. Deretter kjem foreldresoverommet med dør ut her også. Litt smale dører, men god grunn til å halde seg slank!

Blir nok litt annleis her når stillas er fjerna, men litt inntrykk får ein likevel. Har ein liten jobb å gjere i «hagen» ser eg…

Til sist eit raskt sveip opp til den påbegynte terrassen. Ein smal tarm skal sno seg rundt hjørnet ved vinterhagen og halde fram på framsida av huset, under kjøkenvinduet. Eg trudde det kom til å bli litt smalt her, men ser at her blir det plass til både benk og eit lite bord. Her sit vi heilt skjerma for innsyn også. Kanskje vi kunne trenge ein utekontakt til vaffeljernet her på veggen?

Er litt som skjer for tida med andre ord! Metallbeslag som skal på i mønet og rundt vindua i utspringa kjem muligens i slutten av veka – då får eg sjå om eg får tatt nye bilete.

På tide med ei oppdatering. Det har skjedd ein del sidan sist – først og fremst har alt av panel blitt satt på, og vi likar fargen! Garasjen er blitt varmbrun og fin, og gløda mot oss i vintersola i dag. Elles har arbeidet heilt klart blitt forsinka av det dårlege veret som har vore i haust. Kombiner dette med litt anna smårusk, så ligg vi etter eitpar-tre veker i progresjonen. Først og fremst tok det lenger tid enn tenkt å få opp natursteinsmuren. Det gjorde at golvet for vinterhagen ikkje har blitt støypt før no, og at bygging av dette rommet ikkje har komme i gang. Dette gjer også at tak ikkje er blitt  lagt på hus og garasje, for dette gjer ein først når alle bygg er komne opp.

Men nå er fundamentet for vinterhagen støypt! Den blir ikkje liten heller syns vi – ein veldig bra plass å sitte og nyte utsikta. Døra til høgre er inn til kjøkenet og arbeidsfeltet mellom to kjøkkenbenkar. Her blir det nok ein del aktivitet ut og inn om sommaren for å hente urter i kassen eg planlegg på terrassen. Skyvedøra til venstre er ved spisebordet, også inne på kjøkenet. Døra er 250 høg, og måtte leverast på nytt, for ho kom først i 240 høgde. Men det ordna seg 🙂 I vinterhagen kjem skyvedør mot fotografen og også ei dør ut mot venstre bildekant. Elles blir her vindu med aluminiumsomramming. Grå altså, som takrennene. Utanfor vinterhagen (mot kamera på bildet under), kjem terrassen. Den skal vere i komposittmateriale, og det aller beste er at det skal vere ein plassbygd plantekasse i den til urter og kjøkkenhage. Ja takk! Eg gler meg.

Og så er hoveddelen av natursteinsmuren under vinterhagen ferdig. Vi er godt fornøgd med den – hadde nokre rundar på kva type stein vi skulle velge, men endte opp med denne grå som eg trur vil kle huset bra. Nå skal muren endrast litt på for å støtte opp under terassen som havnar litt  i «lause lufta» i høgre bildekant. Det vil gi oss litt skjerming frå sør, og blir ein fin liten uteplass på nedre plan av tomta, utanfor soverom og TV-stove.

Vindu er satt i i heile hovedetasjen. Som nevnt over er alt panel montert. Austfasaden har fått takrenner. No blir innsatsen lagt i vinterhagen, slik at ein kan få starta opp med taket, og deretter tørking av bygget. Det er ikkje få liter vatn som har stått i underetasjen…. For å få vinterhagen på plass må vindu bestillast. Tanken er å få så smale omrammingar rundt vindua som mulig, og at dei skal stå tett i tett. Meininga var å få satt inn «hubs» eller «hubbar» mellom vindua for å gje støtte til taket (som er tett, ikkje av glas). Det viser seg vanskeleg å få dei tynne nok og sterke no (vi har greid å presse det ned til 5 cm. men syns det er for mykje). Kanskje må vi tilbake til tynne søyler langs veggane (5 stk) på enkelte støttepunkt for å bere taket oppe. Eg vil heller det enn å auke godset mellom vindua i vinterhagen. Vidare skal det påmonterast metallplater rundt takvindua i mønet, og rundt vindua i treutspringa. Nokre foringar skal også få plater på seg – fargen blir mørk koksgrå, og eg trur det kan bli bra. Andre ting som har vore diskutert er terrassen. Vi lurte ei stund på å heve terassen 12 cm for å viske ut høgdeforskjellen mellom vinterhage og terrasse, men slo  det frå oss. Kan vere praktisk med ein liten kant ned, særleg sidan dette er mot sørvest og vatn kan drive mot vindu og dører.  Og sånn går no dagane med diverse spørsmål. Sjølv med eit hus som er teikna og gjennomdrøfta, dukkar det opp ting undervegs. Enn så lenge fell det meste på plass etter ein liten tenkepause. Er glad vi har folk med oss som faktisk spør, og ikkje berre gjer eit val for oss utan å fortelle!