Det er vel nesten to veker sidan forrige post. Det blir lita tid til å oppdatere her når ein er to vaksne i full jobb som berre har nokre knappe kveldstimar til å diskutere dørfargar og veggbredder. Det er bra det finst epost, for mykje av kontakten med dei som bygger skjer på det viset. Men arbeidet på huset har gått framover – i rykk og napp. Ein del viktige avklaringar er blitt gjort. Først og fremst fekk vi tatt ei avgjerd på ein del ting rundt vinterhagen. Det dreide seg om HUP’ar og vindusprofilar, aluminium og stål og ikkje minst fargar. Det som er spennande er at vi landa på at vindua i vinterhagen får koksgrå innramming – same farge som vindu i resten av huset. Ikkje berre utvendig, også inne. Det trur eg blir veldig bra og vil harmonere med tak og detaljar. Arbeidet med natursteinsmuren som støtte for vinterhage og terasse har også blitt ferdig desse to vekene. No skal det støypast eit stripefundament for terassen – men dette arbeidet vert ikkje gjort heilt enno. For no har nesten det viktigaste komme på plass – tett tak.
Eg kjørte opp på tomta i ettermiddag og tok bilde. Her er folk frå Protan i sving. Taket mot aust er ferdig, og i dag la dei på listene og tak på vinterhagen. Garasjen er også gjort. Eg er så veldig glad for at fargane passar så godt i hop. Eg syns dei store platene i mønet (Cembrit) er fantastisk fine – same plater er brukt på huset sine to utspring i nord og vest. Svart takpapp blei bra til, og stålbeslaga (colourcoat) passa også fint inn på toppen av mønet og rundt vindua. Veldig glad for at alt dette harmoniserte.
Vidare har vi hatt ein del fram og tilbake om innvendige taknedløp eller ei, men endte på innvendige, sidan dette er råd frå Sintef når det gjeld flate tak. Dette blir altså kun for dei to små flate taka på huset – elles har vi vanlege taknedløp som anna folk.
Trappa har vi også begynt å lande på. Det runde trappeholet skal vere 220 bredt for å gje plass til ei trapp på 210 i diameter. Ut frå dette vil kvart trinn vere ca. 90 cm. Smalare enn det kan vi nesten ikkje ha det. Men breiare hol vil vi heller ikkje ha, for da tek det for mykje av golvet oppe. Eg trur det blir bra. Rekkverkt rundt er enno i det uvisse, men eg skal i alle fall undersøke pris på bua glas rundt holet før eg slår det frå meg som vanvittig dyrt. Eg trur det er vanvittig dyrt.
Omn bestemte vi forrige helg, og her har vi gjort avtale med Varmefag om både levering og montering av ein Rais Viva 120. Det var liksom ingen tvil i butikken – veldig fin og elegant, god å ta i og godt handtak. Eg trur vi skal bli godt fornøgd. Kva vi skal ha under denne peisomnen veit vi enda ikkje. Eg har vurdert ei støypt plate i kvit betong, men glasplate på parkett er sjølvsagt også eit alternativ. Det var litt viktig å få avklart kva omn vi skulle ha, for det skal fresast opp eit spor til friskluft. Da måtte vi vite litt meir om kor stor omnen blir, og kor dette røyret skulle leggast.
Vinda til vinterhagen kjem ikkje før om ein seks vekers tid. I mellomtida har dei dekka til med presenning, og da ser vi litt betre konturane av den. Når ein kjører forbi på vegen nedanfor feltet ser huset litt meir komplett ut.
Og i ettermiddag fyrte dei opp eit digert beist nede i underetasjen. Då eg kom opp der var det allereie byrja å bli varmt i huset, særlig nede. Isen som låg over golva hadde smelta, og dei dreiv og spadde vatn i bøtter og heiv ut. Ei helg med dette dyret skal nok gjere underverk i huset!
Tidleg i neste veke vert det laga forskaling for trappeholet. All isolasjon i golva vert lagt, og deretter feste for vassbåren varme. Elektrikar legg ein del trekkerøyr som skal ligge i golva (for bl.a. å spare slissing i veggar). Siste bit av taket vert lagt på. Om eg ikkje tar heilt feil legg dei beslag på garasjen. Over helga igjen kjem rørleggar og legg vassbåren varme. Etter det kjem det påstøyp både oppe og nede, og først då vert trappeholet klart, slik at det vert støypt saman med sjølve golvet. Deretter skal det borast hol til alt som skal trekkast mellom to etasjar – vassrøyr, el-røyr, sentralstøvsugar og ventilasjon.