Eg har mykje anna å finne på enn å skrive innlegg på bloggen, derfor går det litt tid mellom kvar gong. Så har eg desto meir å fortelje, for no har det skjedd mykje sidan sist. Først kom betongen, og no er vassrøyra forsegla for lang, lang tid framover. Så kom isolasjonen til taket, og den er blitt lagt på plass. Samtidig med at vi fekk skipa til eit aldri så lite kranselag, så kom ventilasjonen og gipsplatene. Veldig praktisk at det da var masse folk i huset (murar, tømrerar, elektrikerar og rørleggerar), og dei blei satt i sving til å bere alt inn i eit forrykande uver førre veke. Dei blei belønna med wraps, muffis og kaffe, og verka glade for det. Vi er i alle fall veldig, veldig glade for den gode innsatsen alle har gjort så langt!

Bildet viser stova oppe – betonggolvet er ferdig, trappeholet ser  ut som eit rundt trappehol skal sjå ut, og isolasjonen til taket ligg klar.

Etter at isolasjonen var komme på plass har dei lagt opp plast (for å stoppe varm, fuktig luft å trenge inn i isolasjonen)(alt man lærer når ein bygger hus altså), og har så begynt å lekte ned. Medan dette har pågått har ventilasjonsanlegget blitt drøfta og planlagt. Utkast og innkast i det DIGRE skapet var sjølvsagt ikkje ideelt plassert. Dei to kanalane må krysse kvarandre nede i teknisk rom – men det skal vere plass til dette uansett.

Her er ein liten del av ventilasjonsanlegget – litt absurd at vi skal gje plass til alt dette spetakkelet inne i veggane.

Muren ute er blitt heilt ferdig. Det skal støypast ein betongkant i flukt med dragaren midt i bildet.

Muren er vår største budsjettsprekk – men vi valgte den med vitande vilje. Eg syns den fungerer godt mot huset – eg likar fargen og strukturen. Den vil bli litt dempa når det veks opp noko grønt nedafor, og vil også gjere mindre av seg når verandaen blir forlenga over muren og det kjem opp rekkverk i glas. Men elles er eg glad for at mykje av muren er godt synleg, for eg syns den er blitt veldig fin!. Og det skal bli godt når glasa i vinterhagen kjem på  plass rundt den 26.

Her er litt meir av fasaden mot vest. Eg trur vi får ein fin uteplass her framfor soverom og TV-stove

Parkett er bestilt og vil komme til tomta den 7. mai. Når det gjeld kjøkken og kvitevarer har vi bestemt oss. Det blir IKEA på alle benkeskap og overskap, Norema på dei fire høgskapa, kvitevarer frå Danmark  til  ein brøkdel av prisen, og benkeplate i kvit kompositt frå Diapol. Og etter alle dei grå og fargelause bilda så langt i innlegget må eg vise fram to tapetprøvar frå Missprint. Og nei, eg tenker ikkje på heile rom dette her, men ein aldri så liten småvegg kanskje?

Sist men ikkje minst har vi to vaksne i familien satt oss ned nokre timar og bladd gjennom alt av papir og betalingar som er gjort for å finne ut kor vi ligg i det økonomiske landskapet. Det måtte gjerast, for no er vi komne inn i den berykta fasen der alt plutselig blir dyrare. Og dei problem og ekstra ting som dukkar opp nå i innspurten må vi betale oss ut av, for vi er to vaksne i full jobb (+litt meir) som ikkje har sjangs å slå i ein spiker ein gong.  Men vi er innafor budsjettet, dvs dersom ein reknar med dei 10% som var satt av til budsjettsprekk. Eit raskt overslag over det vi har betalt og det vi forventar å betale viser at huset truleg vil havne ein stad mellom 20 000 og 21 000 per kvm, og det syns vi er bra. Det inkluderer natursteinsmuren, kjøkkeninnreiing med gode kvitevarer, energibrønn, vv-varme, parkett og flis.

Heldigvis har eg gratis interiørkonsulentar. Her er dei i sving med å finne ut kva farge vi skal ha inne.

Aller siste nytt: I dag var murar i sving med murpuss ute! Fargen ser veldig bra ut, passar veldig godt til platene og beslaga!