I takt med lovnad om vår (og sommar, med innflytting) fell fleire ting på huset på plass. Førre veke vart vannbåren varme lagt ut. Vi har valgt å legge det i støyp i begge etasjane. Ein rask pep talk måtte til for å vere sikker på at det vart laga hol i leca-planken til alle ting som skal gjennom etasjeskillet. Dette inkluderte hol for det elektriske. På grunn av murvegger er ein del trekkerøyr lagt i taket i underetasjen, og deretter opp gjennom etasjeskillet nær der elektrisk punkt skal vere. Det var også ein liten jobb å forskale for trappeholet. Dette blei reine kunstverket:

20120303-214427.jpg

Her slyngar sløyfene seg mellom enden av kjøkkenøya (til venstre) og rekka av høgskapa til høgre. Ved veggen, midt imot og nede ved golvet er friskluftstilførsel for peisovnen.

20120303-220124.jpg

Litt meir av kjøkkenet, mot vinterhagen.

20120303-221740.jpg

Badet oppe.

20120303-220605.jpg

Og så kom sementen… Og alt blei så fint atte.

20120303-220902.jpg

Her er «karnappet» vårt. Utsikten blir fint her – gler meg litt til regn og uver mot ruta! Kva vi skal ha av møblar her ute er ikkje spikra, men eg trur i alle fall det blir ein gammal divan etter mi farmor, eit rundt kaffebord og nokre lenestolar kjøpt på Ikea for ca. 10 år sidan. For råd til særlig nytt har vi ikkje! Dessutan er både stolane og divanen fine…

20120303-222911.jpg

Nede. Får inntrykk av korleis det blir med vindu heilt ned mot golvet.

20120303-221516.jpg

Ute held arbeidet fram; først og fremst har dei starta opprydding rundt huset – godt å få bort skrot. Arbeidet med stripefundament for terrassen skal nå begynne, og så skal vi vel snart få på puss på veggane.

20120303-222259.jpg

Gler meg til puss her … Nordvesthjørnet. Poden sitt soverom nede og kontor/gjesterom oppe.

20120303-222422.jpg

Hallo hus! Ein får ikkje rette inntrykket før vinterhagen er montert og der er kome rekkverk på verandaen i front.

20120303-222627.jpg

Prosessen med å velge farge på ytterdør var like frustrerande som prosessen med å velge farge på murpuss. Pussen er den grå på bildet- valgt for ei god stund sidan, og vi trur og håpar den skal bli ok. Valget blei tatt ut frå denne vesle klatten på maks 4 cm i diam. Dette skal så overførast til eit digert hus… Nåvel, vi får tru det går bra. Fargen på døra la eg saman med fargeprøven. Men skulle vi ha grøn dør? Blå? Grå? Svart? Det blei raud. Eg er veldig glad i rødt, og blått og grønt er da så trist bakgrunn for julekransen på døra? Upraktisk… Så rødt blei det, nærmare bestemt den mørkaste som ligg mot det grå.

20120303-223928.jpg

Det har vore vinterferie denne veka – særs nyttig for å kunne få på plass ein del detaljar. Parkett er bestilt; dessverre endte vi med å bestille frå England. Synd for dei norske butikkane, men når prisforskjellen ETTER frakt og norsk moms er 50.000,- blir valget ganske klart. Parketten heiter Kahrs Oak Brighton og blir levert på tomta i byrjinga av mai.

Når det gjeld kvitevarer visste vi at vi hadde ikkje råd til dei 80 000,- til 100 000,- som norske butikkar skal ha… Da hadde vi valget mellom å velge heilt ok kvitevarer, f.eks frå Ikea ( som faktisk er svært rimelige!) eller sjå over dammen. I Danmark opererer dei med halve prisen på det meste. Min uoppnåelige draum om diger platetopp frå Siemens blir plutselig ikkje så uoppnåelig likevel.. Vi snusar vidare på det, og eg får rapportere korleis det går.

Trappa har eg også «jobba» med i vinterferien. Vi ønsker oss aller helst rekkverk i glas, bolta fast langs innsida av trappeholet. Men vanlig glas kan ikkje ha så krapp krumming. Så nå ser det ut til at det blir pleksiglas i staden – som faktisk ikkje er noko dårligare. Er spent på om vi får det til – men eg meiner at trappa blir finast utan «leikegrind» rundt holet.

20120303-225347.jpg

Det som skjer i neste veke er først og fremst at taket skal isolerast og innerveggane skal opp. Deretter gipsing. Yttervegger skal få vere i mur, men dei må pussast fint. Eg vil tru at arbeidet med fundament for terrasse blir ferdig. Enn så lenge nyt eg opplevinga av store golvflater og lite veggar. Gruar litt for korleis det blir når veggar reiser seg. Eg forstår at dei aller fleste får bittelitt panikk, for da ser alt så trangt og lite ut…

Men eg kan alltids trøste meg med at eg i går bestilte drømmelampen – som skal henge under mønet like ved trappa. Berre dette faktum gir meg ro i sjela. Random Light, Moooi, kjøpt hos room21.no. Og da trur eg lampebudsjettet var brukt opp for i år!

20120303-225947.jpg

Det er vel nesten to veker sidan forrige post. Det blir lita tid til å oppdatere her når ein er to vaksne i full jobb som berre har nokre knappe kveldstimar til å diskutere dørfargar og veggbredder. Det er bra det finst epost, for mykje av kontakten med dei som bygger skjer på det viset. Men arbeidet på huset har gått framover – i rykk og napp. Ein del viktige avklaringar er blitt gjort. Først og fremst fekk vi tatt ei avgjerd på ein del ting rundt vinterhagen. Det dreide seg om HUP’ar og vindusprofilar, aluminium og stål og ikkje minst fargar. Det som er spennande er at vi landa på at vindua i vinterhagen får koksgrå innramming – same farge som vindu i resten av huset. Ikkje berre utvendig, også inne. Det trur eg blir veldig bra og vil harmonere med tak og detaljar. Arbeidet med natursteinsmuren som støtte for vinterhage og terasse har også blitt ferdig desse to vekene. No skal det støypast eit stripefundament for terassen – men dette arbeidet vert ikkje gjort heilt enno. For no har nesten det viktigaste komme på plass – tett tak.

20120210-201449.jpg

Eg kjørte opp på tomta i ettermiddag og tok bilde. Her er folk frå Protan i sving. Taket mot aust er ferdig, og i dag la dei på listene og tak på vinterhagen. Garasjen er også gjort. Eg er så veldig glad for at fargane passar så godt i hop. Eg syns dei store platene i mønet (Cembrit) er fantastisk fine – same plater er brukt på huset sine to utspring i nord og vest. Svart takpapp blei bra til, og stålbeslaga (colourcoat) passa også fint inn på toppen av mønet og rundt vindua. Veldig glad for at alt dette harmoniserte.

Vidare har vi hatt ein del fram og tilbake om innvendige taknedløp eller ei, men endte på innvendige, sidan dette er råd frå Sintef når det gjeld flate tak. Dette blir altså kun for dei to små flate taka på huset – elles har vi vanlege taknedløp som anna folk.

Trappa har vi også begynt å lande på. Det runde trappeholet skal vere 220 bredt for å gje plass til ei trapp på 210 i diameter. Ut frå dette vil kvart trinn vere ca. 90 cm. Smalare enn det kan vi nesten ikkje ha det. Men breiare hol vil vi heller ikkje ha, for da tek det for mykje av golvet oppe. Eg trur det blir bra. Rekkverkt rundt er enno i det uvisse, men eg skal i alle fall undersøke pris på bua glas rundt holet før eg slår det frå meg som vanvittig dyrt. Eg trur det er vanvittig dyrt.

Omn bestemte vi forrige helg, og her har vi gjort avtale med Varmefag om både levering og montering av ein Rais Viva 120.  Det var liksom ingen tvil i butikken – veldig fin og elegant, god å ta i og godt handtak. Eg trur vi skal bli godt fornøgd. Kva vi skal ha under denne peisomnen veit vi enda ikkje. Eg har vurdert ei støypt plate i kvit betong, men glasplate på parkett er sjølvsagt også eit alternativ. Det var litt viktig å få avklart kva omn  vi skulle ha, for det skal fresast opp eit spor til friskluft. Da måtte vi vite litt meir om kor stor omnen blir, og kor dette røyret skulle leggast.

Vinda til vinterhagen kjem ikkje før om ein seks vekers tid. I mellomtida har dei dekka til med presenning, og da ser vi litt betre konturane av den. Når ein kjører forbi på vegen nedanfor feltet ser huset litt meir komplett ut.

Og i ettermiddag fyrte dei opp eit digert beist nede i underetasjen. Då eg kom opp der var det allereie byrja å bli varmt i huset, særlig nede. Isen som låg over golva hadde smelta, og dei dreiv og spadde vatn i bøtter og heiv ut. Ei helg med dette dyret skal nok gjere underverk i huset!

Tidleg i neste veke vert det laga forskaling for trappeholet. All isolasjon i golva vert lagt, og deretter feste for vassbåren varme. Elektrikar legg ein del trekkerøyr som skal ligge i golva (for bl.a. å spare slissing i veggar). Siste bit av taket vert lagt på. Om eg ikkje tar heilt feil legg dei beslag på garasjen. Over helga igjen kjem rørleggar og legg vassbåren varme. Etter det kjem det påstøyp både oppe og nede, og først då vert trappeholet klart, slik at det vert støypt saman med sjølve golvet. Deretter skal det borast hol til alt som skal trekkast mellom to etasjar – vassrøyr, el-røyr, sentralstøvsugar og ventilasjon.

Trasketur til tomta ein fin vinterdag. Huset ligg på kanten midt i bildet.

Det har vore stillstand i ei veke. Vi ventar på taktekkar, og har har hatt ein del fram og tilbake med korleis vinterhagen best skal konstruerast. Arkitekt og murar har også blitt einige om korleis overgangen mellom mur  og tak skal bli.  På bildet over ser de vinterhagen til høgre på huskroppen. Det vi håpar å få til er limte vindu i hjørna og slanke stålstøtter for å halde taket oppe, slik at veggane blir mest mulig glas og minst mulig gods. Vi håpar det skal bli bra!

Vi har bestemt oss for malar. Og då har eg og begynt å tenke på fargar inne. Det er ganske overveldande å skal velge farge for eit heilt hus. Eg vil ha det så lyst som mulig, men ikkje kaldt. I helga har eg prøvd å finne ut av NCS-systemet, og kom eit godt stykke på veg hos Ifi. I går henta eg meg fargelappar. Eg sanka inn ein heil serie av kvitt iblanda svart, og starten av skalaen er vist på bildet under. Her er det ingenting med farge, og slik unngår ein heilt gulskjer på veggene. Men mitt problem da er at dette blir litt trist og kaldt trur eg…

Så da må ein kanskje vurdere fargar med noko gult og/eller rødt i.

Måten fargane er vist på bildet er på ingen måte slik dei ser ut eigentleg! Alt blir forvrengt gjennom telefon-kamera og ut på PC-skjerm, men eg tok nå bildet med for å illustrere valgmulighetene. For eg lider valgets kval, men ser at «Letthet» kan vere aktuell, det same gjeld «Refleksjon». Omtrent alle velger «Chi» for tida. Sjølv er eg redd den blir altfor kvit og kald. Særleg på fire meter høge vegger. Elles kan også heilt andre fargar vere aktuelle. I TV-stova nede er det absolutt aktuelt å male ein heilt mørk farge på veggen der TV skal henge. «Matrix» er kanskje ut frå namnet, ein aktuell farge? Mange velger tapet for tida – eg er ikkje der heilt enda – men det er ikkje uaktuelt. I så fall blir det ingenting barokk eller søtt, men heller noko geometrisk.

Elles har eg også snakka med både Kvik og Designa. At vi skal ha IKEA-kjøkken er allereie bestemt, men kvitevarer skal vi nok skaffe andre stader. At kvitevarer er dyrt har eg vore klar over lenge, men det er likevel litt demotiverande å ta fram kalkulatoren når ein skal plusse saman alt ein har lyst på. Toppmodell av alt kan eg nok berre utelukke! Så da må ein prioritere, og det ser ut for at vi kjøper nett den platetoppen vi vil ha, og så får vi heller vere meir nøktern på det andre. Vi ønsker oss denne frå Siemens:

Og grunnen er at eg SKAL ha induksjon, og eg SKAL ha plass til minst 5 gryter. Eg er over normalen interessert i å lage mat, og eg balanserer svært ofte fleire gryter enn normalt på komfyren sidan jentungen har matallergi. Kvik tilbyr denne noko lågare enn listeprisen, men det er meir enn dyrt nok likevel…

Det er på tide å bestille trappa snart, for den skal også produserast. Og så må vi vel gjere eit valg av golv om ikkje så lenge. Det kan sjå ut til at det blir bestilt frå England, men det er ikkje bestemt endeleg enda.

No håpar vi på at det blir meir aktivitet på huset i veka som kjem!

Ein liten milepæl er nådd; i dag, ca. kvart på fire på ettermiddagen, vart siste døra montert. Eg var tilfeldigvis der. Kjørte forbi for å hente ungane på SFO, og kunne sjå frå vegen at fleire vindu nede var på plass. Da måtte eg svinge opp og fekk tatt bilde når døra ut frå TV-stova til hagen vart buksert på plass. Bildet under viser korleis huset ser ut like før det mørkna i ettermiddag.

Det lyse tømmeret til høgre i bildet er taket på vinterhagen. Vindua her kjem seinare. Under det lange kjøkenvinduet i høgre del av sjølve huskroppen er terrassen påbegynt. Terrassen vil halde fram forbi vinterhagen og ut i høgre bildekant.

TA DA! Siste døra! Det har vore veldig mange tunge løft for tømrarane – sikkerhetsglas i trippelt lag blir mykje tyngde.

Fint blir det. Og fine muren som gir støtte for vinterhagen! Betongkanten oppå vil vi nok forblende. Vinduet nærast muren er i jentungen sitt soverom. Ho har dør ut til hagen. Deretter kjem foreldresoverommet med dør ut her også. Litt smale dører, men god grunn til å halde seg slank!

Blir nok litt annleis her når stillas er fjerna, men litt inntrykk får ein likevel. Har ein liten jobb å gjere i «hagen» ser eg…

Til sist eit raskt sveip opp til den påbegynte terrassen. Ein smal tarm skal sno seg rundt hjørnet ved vinterhagen og halde fram på framsida av huset, under kjøkenvinduet. Eg trudde det kom til å bli litt smalt her, men ser at her blir det plass til både benk og eit lite bord. Her sit vi heilt skjerma for innsyn også. Kanskje vi kunne trenge ein utekontakt til vaffeljernet her på veggen?

Er litt som skjer for tida med andre ord! Metallbeslag som skal på i mønet og rundt vindua i utspringa kjem muligens i slutten av veka – då får eg sjå om eg får tatt nye bilete.

Og medan vi ventar på hus, kan ein jo la tankane jobbe med hage? Sterkt inspirert av Blomster og bier – her er nokre av mine funn, alle frå svenske Impecta, der ein kan bestille frø til langt lågare prisar enn i Norge. Eg har lenge tenkt kvitt, grønt, lilla og blått rundt huset, i alle fall på sida mot vegen. Vintergrønt blir viktig. Men eg er så glad i fargar, at det kjem nok ein del anna også vil eg tru. Utfordringa blir å halda tunga beint i munnen og ikkje ta heilt av med eit samansurium av fargar. Eg har aldri hatt hage som vaksen, men har interessa. Barndomsheimen har stor hage, så eg er ikkje heilt ukjent med kva det går i, og kor mykje arbeid som ligg bak. Stauder er tingen! Eg gler meg!

Eg er glad i det meste som gror, men må tenke litt på huset når vi skal velge planter. Til eit stramt murhus er kanskje ikkje romantiske roser det mest passande, men syrinhekken som er planlagt mot naboen trur eg er vil gli fint inn (den er vi einige om, og skal spleise på). Eg er på jakt etter høge allium, men fann dei ikkje på den svenske nettsida. Dei er blå, på ein lang stilk, og har ei stor rund, blå kule på toppen. Dei vil passe svært bra, men vi må også ta høgde for at det kan vere vind på delar av tomta. Det blir nokre flekkar med plen her og der, men ingenting å spele fotball på. Helst vil eg mjuke det opp med litt avrunda kantar, og kanskje ha rullestein med grønt i enkelte stader. Det har eg lært av ein grei kar som heiter Tormod her på øya! Betongheller kan bli aktuelt til å gå på. Hellegang opp skråninga som vi trur vi skal ha frå nedre hagen opp til terasseområdet. Det er langt fram dit, men trur det er fint ha nokre tankar om dette allereie nå! Plen vil bli sådd til våren ein gong vil eg tru, og arbeid med å lage ein hage vil nok ta til så snart innflytting er klar. Vi må jo nytte oss av første sommaren!

På tide med ei oppdatering. Det har skjedd ein del sidan sist – først og fremst har alt av panel blitt satt på, og vi likar fargen! Garasjen er blitt varmbrun og fin, og gløda mot oss i vintersola i dag. Elles har arbeidet heilt klart blitt forsinka av det dårlege veret som har vore i haust. Kombiner dette med litt anna smårusk, så ligg vi etter eitpar-tre veker i progresjonen. Først og fremst tok det lenger tid enn tenkt å få opp natursteinsmuren. Det gjorde at golvet for vinterhagen ikkje har blitt støypt før no, og at bygging av dette rommet ikkje har komme i gang. Dette gjer også at tak ikkje er blitt  lagt på hus og garasje, for dette gjer ein først når alle bygg er komne opp.

Men nå er fundamentet for vinterhagen støypt! Den blir ikkje liten heller syns vi – ein veldig bra plass å sitte og nyte utsikta. Døra til høgre er inn til kjøkenet og arbeidsfeltet mellom to kjøkkenbenkar. Her blir det nok ein del aktivitet ut og inn om sommaren for å hente urter i kassen eg planlegg på terrassen. Skyvedøra til venstre er ved spisebordet, også inne på kjøkenet. Døra er 250 høg, og måtte leverast på nytt, for ho kom først i 240 høgde. Men det ordna seg 🙂 I vinterhagen kjem skyvedør mot fotografen og også ei dør ut mot venstre bildekant. Elles blir her vindu med aluminiumsomramming. Grå altså, som takrennene. Utanfor vinterhagen (mot kamera på bildet under), kjem terrassen. Den skal vere i komposittmateriale, og det aller beste er at det skal vere ein plassbygd plantekasse i den til urter og kjøkkenhage. Ja takk! Eg gler meg.

Og så er hoveddelen av natursteinsmuren under vinterhagen ferdig. Vi er godt fornøgd med den – hadde nokre rundar på kva type stein vi skulle velge, men endte opp med denne grå som eg trur vil kle huset bra. Nå skal muren endrast litt på for å støtte opp under terassen som havnar litt  i «lause lufta» i høgre bildekant. Det vil gi oss litt skjerming frå sør, og blir ein fin liten uteplass på nedre plan av tomta, utanfor soverom og TV-stove.

Vindu er satt i i heile hovedetasjen. Som nevnt over er alt panel montert. Austfasaden har fått takrenner. No blir innsatsen lagt i vinterhagen, slik at ein kan få starta opp med taket, og deretter tørking av bygget. Det er ikkje få liter vatn som har stått i underetasjen…. For å få vinterhagen på plass må vindu bestillast. Tanken er å få så smale omrammingar rundt vindua som mulig, og at dei skal stå tett i tett. Meininga var å få satt inn «hubs» eller «hubbar» mellom vindua for å gje støtte til taket (som er tett, ikkje av glas). Det viser seg vanskeleg å få dei tynne nok og sterke no (vi har greid å presse det ned til 5 cm. men syns det er for mykje). Kanskje må vi tilbake til tynne søyler langs veggane (5 stk) på enkelte støttepunkt for å bere taket oppe. Eg vil heller det enn å auke godset mellom vindua i vinterhagen. Vidare skal det påmonterast metallplater rundt takvindua i mønet, og rundt vindua i treutspringa. Nokre foringar skal også få plater på seg – fargen blir mørk koksgrå, og eg trur det kan bli bra. Andre ting som har vore diskutert er terrassen. Vi lurte ei stund på å heve terassen 12 cm for å viske ut høgdeforskjellen mellom vinterhage og terrasse, men slo  det frå oss. Kan vere praktisk med ein liten kant ned, særleg sidan dette er mot sørvest og vatn kan drive mot vindu og dører.  Og sånn går no dagane med diverse spørsmål. Sjølv med eit hus som er teikna og gjennomdrøfta, dukkar det opp ting undervegs. Enn så lenge fell det meste på plass etter ein liten tenkepause. Er glad vi har folk med oss som faktisk spør, og ikkje berre gjer eit val for oss utan å fortelle!

Det er framgang på tomta, trass i veret! Det er nesten ikkje til å forstå, men på onsdag, i haglebyger, piskande regn og storm i kasta, fekk dei lagt på «ei greie» som eg kallar det, på taket. Ein duk i alle fall, og presenning over, for å halde regnet ute. Då reknar eg med at vi ikkje vil kunne sjå opp på himmelen igjen når vi står inne i huset…

Bilete

Pakkane med material som har lagt på oversida av huset er pakka ut – og avdekka bl.a. det ferdigbeisa panelet som vi bestilte. Fargen ser heilt super ut, og dei er nå i gang med å legge på garasjen (på bildet over vert dei første panela satt på). Panela skal på i litt vill uorden, utan system og fast oppskrift på kor stor avstand det skal vere mellom borda. Eg snakka med handverkaren som held på der oppe, og ba han bruke det han hadde av kreative gener! Bra trur eg det blir uansett.

Bilete

Her er garasjen frå andre haldet. Han står altså i ein betongmur mot vegen. På hjørnet av garasjen kjem nok ein busk eller levegg av noko slag, slik at vi skjermar terrassen på sida av huset.

Bilete

Og slik ser det no ut i hovedetasjen! Her ser vi beint mot gjesterommet til venstre, og badet i høgre hushjørne. Den store opningen til høgre er hovedinngangen.

Bilete

Og motsett veg; mot grovkjøken og kjøken. Midt i etasjen ligg den øvre stova. Og forskalingselementa (?) som ligg i midten dekker trappeholet ned. Dette skal omsider bli rundt, og gi plass til ei vindeltrapp.

Bilete

Garasjen er allereie i bruk, og husar nå alle vindu og glasdører som skal inn i huset! Her står også panelet som skal på garasje og huset sine karnapp. Eg veit ikkje om dette bildet og nettvisning av fargen blir heilt riktig, men den er nok ikkje så fjern. Det blir i alle fall ein god farge, og noko som varmar opp mot den kvite, kalde muren.

Det var alt frå meg i dag!

Da har eg vore ute med min elendige Iphone 3 igjen og tatt bilde. Slik såg det ut i går – eit panorama sett saman av tre bilde.

Tømrarane har gjort ein stor innsats på garasjen dei siste dagane. Min første reaksjon var «gu så diger!!», men ser at bygget bidrar til to veldig fine uterom hos oss. For det første markerer det innganspartiet av tomta – ein plass som nok blir dominert mykje av betong og stein. Her må vi jobbe litt for å få mest mulig grønt inn. Eit av tiltaka vil vere at vi plantar noko grønt i «renna» mellom støypekant langs vegen og muren langs vår innkjørsel. Bredt er det ikkje – kanskje 40 cm., men nok til at vi kan få opp nokre låge planter. Ingenting høgt – for vi treng ikkje skjerming på denne sida av huset.

Her er også garasjen, sett frå huset.

Eg trur dette blir bra. Inst i garasjen blir det ei bod. Vestveggen (der stillaset står), blir nok ein viktig solplass for oss, og blir det andre uteområdet som garasjen skapar for oss. Her er nemmelig terrasse  med utgang frå kjøkenet, og her blir det veldig bra skjerming i forhold til innsyn. Og sjølv om vi har trekt garasjen nærmare huset enn det som opphavleg var tenkt, har vi god passasje mellom hus og garasje. Mycket bra.

Innsatsen har altså vore på garasjen dei siste dagane, men dei har også gjort noko med huset sidan sist. Alle sperrer er nå på plass, og slik ser det nå ut inne. Bildet er tatt mot nordveggen i hovedetasjen.

At ein kan bli så blid av litt tømring? Arbeid med taket starta i går, og eg syns dei har komme langt allereie. Sjølv om vi ser ingenting av taket enda, får vi likevel litt inntrykk av korleis det blir inne. Veggen på langs inne i huset ser vi også konturane av. Og så har vi fått mur langs vegen og inn til garasjen.

Men inne først! Bildet er tatt frå hovedinngangen mot grovkjøkkenet. Rett framfor kamera kjem det ein vegg med garderobe, som skiller grovkjøkken og hovedinngang. Døropningen til venstre er grovkjøkkeninngangen. Og ved sida av vårt luksøriøse vindu (forrige post). Dette rommet blir smalt, for det skal opp ein vegg mot kjøkenet. Døropningen rett fram er nemmelig frå kjøkenet ut til vinterhagen, og på kvar side av denne opninga skal det kjøkenbenker. Men sjølv om grovkjøkken blir smalt, blir det bra lell! Vi får plass til seks benkeskap i lengderetningen, og eitpar til på kortveggen midt imot. I dette rommet blir det også opplegg for vaskemaskin, sluk og utslagsvask. På ytterveggen blir det ikkje plass til noko som bygger i bredden, men skoskap skal nok gli pent inn tenker eg. Ved døra, på veggen som står mot kamera, er det plass til garderobeskap.

Takvindu! Eller kva det no heiter – for det er jo ikkje vindu i tak da, men.. vindu i møne? Nåvel. Dette er jo veggen inne i huset, slik at vi ser opp på desse vindua når vi sit ved spisebordet i kjøkenet. På muren mellom dei to døropningane midt imot kjem kjøkken-halvøya ut. Og til høgre for denne, ved skyvedører ut til vinterhagen, kjem spisebord. Glipa mellom dei to siste vindua i toppen gir plass til ventilasjon ut for kjøkkenvifta. Som eg enno ikkje har fått heilt koll på, men vi har vel meir eller mindre bestemt oss for ei som heng i staden for benkeventilator.

Eg veit ikkje heilt kvifor mannen min slår ut med armane på dette bildet – men kanskje det er garasjen som gir slik glede? Bildet er tatt frå grovkjøkken-inngangen mot garasjen som er under bygging. Den runde dingsen i midten er ein kum. Det grøne lyset er IKKJE kule lys innfelt i bakken, men sola som reflekterer…. Muren til venstre er ein mur som går langs heile denne sida av tomta, og utgjer nedre del av austveggen i garasjen. Mannen min står i passasjen mellom garasje og hus. Her går ein inn på terrassen. Vinterhagen vil også ligge her – rett rundt hjørnet og til høgre.

Og her har eg gått forbi garasjen og snudd meg rundt. I enden av garasjen, mot kamera kjem ei utebod. Terrassen vil gå fram til hjørnet på garasjen ute til venstre, og gå fram og forbi framsida av huset. Vinterhagen kjem mot gavlen på huset

I 12. time fekk vi signert papira frå Husbanken – vi har jo gløymt heilt ut å gi beskjed om at vi tar imot og at arbeidet er i gang! Det fekk vi purring på – heldigvis, så da skulle alt vere i orden likevel.

Oppdateringar vil nok følgje, sjølv om det ikkje er så lett å få tatt bilde no i «mørketida».

På tide med oppdatering, men eg har ingen bilde å vise fram. Vi er jo på jobb på dagtid, og når vi kjem heim er det litt for mørkt å fotografere. Dessutan er det så myke søe og aktivitet rundt huset at eg føler eg spring berre i vegen om eg hoppar rundt der med kamera.

La meg først starte med vindua. Vi har hatt ein liten runde på dei nemlig. Våre to desidert minste vindu i heile huset har skapt størst hodebry. Grunnen er prisen. For det viste seg at dei lot seg ikkje levere som tenkt, og vi fekk litt fram og tilbake om prisen. Hola for vindua var allereie ferdig murt, og vindu må vi jo ha. På bilda ser de dei to vindua – det til venstre er vindu på badet oppe, det til høgre er identisk vindu i «profil» på grovkjøkenet. Ruta på taket er større enn bildet til venstre gir inntrykk av – det er eit takvindu rett og slett, og stikk opp over taket. Så møter det veggvinduet i ein karm. Eg trur det blir fint…

Vi får sikkert dei dyraste grovinngangs-vindua på heile øya 😀 Men so be it. Vi satsar på billig dørmatte i alle fall. Og forbod mot ballspeling på baksida av huset…

Ellers er det hektisk der oppe. Garasjen er i sving, og eg ser at den vesle plassen ved inngangsdøra samlar seg og finn si form. Det er godt å sjå! Garasjen er justert noko bort frå vegen i forhold til det som var planen. Vi meinte at det var uheldig å ha garasjen kant i kant med asfalten i fellesvegen! Å få til ei endring her var uproblematisk i forhold til kommunen; vi trakk jo berre garasjen nærmare huset og bort frå grensa. Når den gjeld huset sin yttermur er den ferdig pussa inne og ute. Det er påført kvit grunning (?) nede, og stillas er blitt montert. Rørleggar har kobla røyr til energibrønnen og stein til natursteinsmuren som vi skal ha under terrassen / vinterhagen blir snart levert. Plassen på oversida av huset mot vegen har fått pukk (?) og terrenget er der det skal vere før vi velger belegning /asfalt. Kum for drenering er på plass mellom garasje og hus. Og jammen meg har vi fått over teikningar på ventilasjonsanlegget – endeleg! Det har vore det største usikkerhetsmomentet den siste tida, og det er drøfta fram og tilbake korleis ein best kan få det til utan å gjere store synlege inngrep inne.

Og slik ser første utkast frå ventilasjonsfolka ut – flotte spagettiar i rødt og blått som skal sikre frisk luft. Rødt er avtrekk og blått er tilluft. Dei to lange linjene som går langs heile huset si lengde ligg i nedsenkinga av taket i underetasjen. Dette er teknisk rom, bad, garderobe og bod. Frå denne hovedkanalen med røyr diameter 20 cm. er det fleire oppstikk til rom oppe -desse er 12,5 cm. i diameter. Dei til venstre er til kjøken. Den vesle blå lengst til venstre går i kasse i taket på jentungen sitt soverom under, for så å smette opp og ut ved golvet i vinterhagen. At desse røyra er smalare var ein lettelse, for det betyr at det er mogeleg å komme gjennom lecaplanken utan større problem. Trur vi enn så lenge.

I  morgon må eg opp på tomta og ta bilde av siste utvikling på huset. Eg skimtar nemmelig konturane av toppen, og tømrarane er tydeligvis godt i gang! Meir følger!