Og medan vi ventar på hus, kan ein jo la tankane jobbe med hage? Sterkt inspirert av Blomster og bier – her er nokre av mine funn, alle frå svenske Impecta, der ein kan bestille frø til langt lågare prisar enn i Norge. Eg har lenge tenkt kvitt, grønt, lilla og blått rundt huset, i alle fall på sida mot vegen. Vintergrønt blir viktig. Men eg er så glad i fargar, at det kjem nok ein del anna også vil eg tru. Utfordringa blir å halda tunga beint i munnen og ikkje ta heilt av med eit samansurium av fargar. Eg har aldri hatt hage som vaksen, men har interessa. Barndomsheimen har stor hage, så eg er ikkje heilt ukjent med kva det går i, og kor mykje arbeid som ligg bak. Stauder er tingen! Eg gler meg!

Eg er glad i det meste som gror, men må tenke litt på huset når vi skal velge planter. Til eit stramt murhus er kanskje ikkje romantiske roser det mest passande, men syrinhekken som er planlagt mot naboen trur eg er vil gli fint inn (den er vi einige om, og skal spleise på). Eg er på jakt etter høge allium, men fann dei ikkje på den svenske nettsida. Dei er blå, på ein lang stilk, og har ei stor rund, blå kule på toppen. Dei vil passe svært bra, men vi må også ta høgde for at det kan vere vind på delar av tomta. Det blir nokre flekkar med plen her og der, men ingenting å spele fotball på. Helst vil eg mjuke det opp med litt avrunda kantar, og kanskje ha rullestein med grønt i enkelte stader. Det har eg lært av ein grei kar som heiter Tormod her på øya! Betongheller kan bli aktuelt til å gå på. Hellegang opp skråninga som vi trur vi skal ha frå nedre hagen opp til terasseområdet. Det er langt fram dit, men trur det er fint ha nokre tankar om dette allereie nå! Plen vil bli sådd til våren ein gong vil eg tru, og arbeid med å lage ein hage vil nok ta til så snart innflytting er klar. Vi må jo nytte oss av første sommaren!