Eg vinn nok ikkje prisen for ivrigaste bloggar i år, men eg får trøste meg med at eg i alle fall jobbar det eg skal, er mor slik eg skal, og er prosjektleiar for huset dei timane det tek. Nesten. For det å bygge hus, rettare sagt, å ha andre til å bygge hus for ein, er noko som krev sine timar. Her føl uansett nokre bilde og ei rask oppdatering.
Denne veka har muraren starta med puss inne. Det er neste som kunstverk syns eg, og eg blir beint fram glad av den fine strukturen vi får på veggane som er yttervegger. Kombinert av alt lyset i hovedetasjen så ser vi allereie at her er det kvalitetar som vi kjem til å like. Sjølv utan møblar og fargar av noko slag så er det slik nå at vi helst ikkje vil heim dit vi eigentleg bur for tida.
Vi vil heller vere i det uferdige, umøblerte huset med alt lyset. Og så er det masse sol her. Og god varme. Og det luktar godt av tømmer.
Men her er ikkje buande heilt enda. Innflytting vil bli i slutten av juni. Det som gjenstår er litt meir puss inne og puss ute. Tak og vegger skal malast. Golv summast. Dører skal i, og terrasse leggast. Bada står utan gips enn så lenge. Der skal komme boksar til dei innvendige armatura, og vi må ha inn innreiing. Litt gjenstår altså.
Men lyset har vi!
Bildet under viser kjøkenet. Høgskapa kjem i nisjen der det står ei skuffe – etter planen skal vi få dei lakkert grøne. Nedforinga for ventilatoren heng frå taket og ned. Var veldig i tvil korleis den skulle bli, men eg syns den fungerer bra!
Igjen – kjøkenet, her mot «yttervegg» som vender mot vinterhagen. Veggen er enda ikkje heilt tørr.
Og her i rommet innafor, som er ein bi-inngang og grovkjøken. Og ekstra vaskerom. Fine lyset!
To gamle stolar står berre å ventar på at ting skal bli ferdig, slik at vi kan flytte inn og nyte utsikta… Dei blir nok bytta ut med noko litt meir komfortabelt.
Igjen frå kjøkenet.
Vinterhagen har fått «øyenbryna» på. Det gjorde at denne siste «klossen» begynte å snakke meir saman med utspringet i front av huset (ikkje på bildet). Huset blei samanhengande. No gjenstår berre rekkverk på terrasse, og murpuss, så er utsida ferdig. Inne i vinterhagen står parketten stabla. Den kom i frå England i forrige veke.
No er vi på badet i underetasjen. Som sagt er veggane framleis opne. Det skal lagast boksar i veggen for armaturet. På ein stender har eg hengt ein lapp med skisse over korleis denne veggen skal bli med møblering. Ikkje alltid like lett å forklare til murar, elektriker og rørleggar kva som skal kor… Da er det like greit å lage ei arbeidstegning og få den på veggen. Vi har også tusja på golv og vegger for å vise møblering. Det er satt inn to vindu i veggen. Under kjem det to lampar, deretter spegel, to armatur to stikkontaktar og to vaskar.
Inn døra til vaskerommet / teknisk. Her kjem det vaskemaskin og tørketrommel med benkeplate oppå. Eg håpar berre kassen er høg nok til at vi kanskje kan få bygd kvitevarene litt opp. Kvitevarene er komne forresten – bestilt frå Danmark og stua inn i boder og skap her vi leiger. Platetoppen ligg under dobbeltsenga.
Resten av teknisk er ein imponerande spaghetti.
Og til sist frå tv-stova nede. Enn så lenge er mest heile trappeholet dekt av plater, men når dei er borte vil det komme lys ned her frå overlysvindua oppe. Eg trur vi vil sette pris på å få litt morgonlys ned hit!
Arbeidet går jevnt og trutt framover, og ingen problem har vore større enn at dei kunne løysast. No prøver vi så godt vi kan å halde tak i økonomien slik at vi ikkje får altfor mange tillegg på tampen. Tillegg blir det, men vi prøver å manøvrere oss bort frå det som gjer altfor vondt!
Her skjer det masse, dette blir fantastisk flott! Og alt det fine lyset!
Ser veldig bra ut 🙂
Her er det myyyye å forelske seg i :)) knall flott, det er helt sikkert:)) for et uniktog fantastisk hus dere snart skal flytte inn i 🙂
Blir spennende å sjå det ferdig:)
Huset deres ser virkelig flott ut Kjersti. Regner med dere er kommet enda lenger fremover nå. Gleder meg til å se ny oppdatering 🙂 Vigdis