Archives for category: Prosess

Her er Mikkel. Han er ein priviligert katt, som har 220 kvm å boltre seg på. Heilt aleine. Han kan ligge der på golv med vannbåren varme, myse ut gjennom trelags isolervindu og sjå etter nye byttedyr. For han har eiga kattedør må vite. Som reagerer  på hans chip i nakken. Til og med kattedøra er hans aleine.

 

Og her har han budd i over 2  månader, utan oss. Sommaren har vore nokså rotete og i beste fall interessant. For å gjere ei lang historie kort – huset vart ikkje ferdig innan kontraktsfristen.  Men sidan det berre var snakk om dagar flytta vi ut  av den leigde leiligheten vi hadde, lempa alt vårt jordiske gods inn i huset som nesten var klart, og budde midlertidig hos venner. Og så skjedde det ting med den nylagde parketten – den bukta seg som bananskal. Noko var riktig galt. Det tok litt tid å finne ut kva, men tilslutt sto vi att med:

  • Betonggolvet (i to etasjar) var ikkje tørt nok då parketten vart lagt – for svake byggtørkarar hadde blitt brukt. Det var mykje restfuktighet i betongen som ikkje var målbar i luft
  • Vannbåren varme vart satt på etter at parketten var lagt. Den burde vore satt på forsiktig i nokre veker i forkant. All fukt blei pressa opp i parketten då varmen blei satt på
  • Betonggolvet var ujamnt med fleire cm. Det var både dalar og fjelltoppar – ein heil liten geografi i begge etasjar

Merk det heller ironiske namnet på rettholten:

Resultatet av dette var eit golv som sleit med å finne bakkekontakt. Heldigvis har det ikkje vore nøling  frå entepenør si side. Ansvaret låg på dei, og golvet måtte ordnast. I juli benytta vi oss av tomme feriehus rundt omkring og budde på legd. I august fekk vi ordna eit midlertidig krypinn som var møblert, og der er vi ennå. Her får vi blåst liv i gammalt handverk som Oppvask for Hand og Korleis lage Jevning utan Visp, men med Bakepensel. For ikkje å snakke om kjøleskaps-stuing. Vi slit frameleis i kunsten å lage god, variert, næringsrik middag ut frå to kokeplater (ingen steikomn). Det meste går med litt galgenhumor og tanken på at vi er på hyttetur. Ein 6 veker lang hyttetur.

Alle våre møbler og saker er stua godt og kompakt på flisegolva i huset. Nå når hausten er komen merkar vi behovet for litt varmare kle. Og sko. Dagens utfordring; finn ungane sine støvlar ein stad inne i den der haugen på bildet. Kanskje ligg dei underst, innerst?

I tida som har gått har entrepenør (og vi), måtte rykke tilbake til start, og følgjande har blitt gjort:

  • Kjøkenøya med vask og platetopp er demontert
  • Bygget har blitt tørka (så til dei grader)
  • Alle golvlister og mange dørlister er fjerna (det meste kasta)
  • All parkett er tatt av (halvparten måtte kastast)
  • Trappa er demontert
  • Alle golv er flytesparkla på nytt

Under: En gang i svundne tider var her en køgen-ø.  Ventilatoren fungerer i dag som potensiell tannknuser. Merk elles ny-summa golv. Fint og beint!

Status nå er at ein er godt i gang med å legge parketten ned igjen. Det ser ut til at dette blir eit bra resultat. Trappa er tilbake også. Nå gjenstår parkett i hovedetasjen (ny), listing, montering av kjøkken og til sist utvask. Dette er jo ikkje gjort i  ein fei, men vi har eit håp om at 14 dagar vil hjelpe.

Det er ikkje så rart  at katten er ekstra kjælen for tida. Eg trur han ser fram til å få rombuddies.

Eg vinn nok ikkje prisen for ivrigaste bloggar i år, men eg får trøste meg med at eg i alle fall jobbar det eg skal, er mor slik eg skal, og er prosjektleiar for huset dei timane det tek. Nesten. For det å bygge hus, rettare sagt, å ha andre til å bygge hus for ein, er noko som krev sine timar. Her føl uansett nokre bilde og ei rask oppdatering.

Denne veka har muraren starta med puss inne. Det er neste som kunstverk syns eg, og eg blir beint fram glad av den fine strukturen vi får på veggane som er yttervegger. Kombinert av alt lyset i hovedetasjen så ser vi allereie at her er det kvalitetar som vi kjem til å like. Sjølv utan møblar og fargar av noko slag så er det slik nå at vi helst ikkje vil heim dit vi eigentleg bur for tida.

Vi vil heller vere i det uferdige, umøblerte huset med alt lyset. Og så er det masse sol her. Og god varme. Og det luktar godt av tømmer.

Men her er ikkje buande heilt enda. Innflytting vil bli i slutten av juni. Det som gjenstår er litt meir puss inne og puss ute. Tak og vegger skal malast. Golv summast. Dører skal i, og terrasse leggast. Bada står utan gips enn så lenge. Der skal komme boksar til dei innvendige armatura, og vi må ha inn innreiing. Litt gjenstår altså.

Men lyset har vi!

Bildet under viser kjøkenet. Høgskapa kjem i nisjen der det står ei skuffe – etter planen skal vi få dei lakkert grøne. Nedforinga for ventilatoren heng frå taket og ned. Var veldig i tvil korleis den skulle bli, men eg syns den fungerer bra!

Igjen – kjøkenet, her mot «yttervegg» som vender mot vinterhagen. Veggen er enda ikkje heilt tørr.

Og her i rommet innafor, som er ein bi-inngang og grovkjøken. Og ekstra vaskerom. Fine lyset!

To gamle stolar står berre å ventar på at ting skal bli ferdig, slik at vi kan flytte inn og nyte utsikta… Dei blir nok bytta ut med noko litt meir komfortabelt.

Igjen frå kjøkenet.

Vinterhagen har fått «øyenbryna» på. Det gjorde at denne siste «klossen» begynte å snakke meir saman med utspringet i front av huset (ikkje på bildet). Huset blei samanhengande. No gjenstår berre rekkverk på terrasse, og murpuss, så er utsida ferdig. Inne i vinterhagen står parketten stabla. Den kom i frå England i forrige veke.

No er vi på badet i underetasjen. Som sagt er veggane framleis opne. Det skal lagast boksar i veggen for armaturet. På ein stender har eg hengt ein lapp med skisse over korleis denne veggen skal bli med møblering. Ikkje alltid like lett å forklare til murar, elektriker og rørleggar kva som skal kor… Da er det like greit å lage ei arbeidstegning og få den på veggen. Vi har også tusja på golv og vegger for å vise møblering. Det er satt inn to vindu i veggen. Under kjem det to lampar, deretter spegel, to armatur to stikkontaktar og to vaskar.

Inn døra til vaskerommet / teknisk. Her kjem det vaskemaskin og tørketrommel med benkeplate oppå. Eg håpar berre kassen er høg nok til at vi kanskje kan få bygd kvitevarene litt opp. Kvitevarene er komne forresten – bestilt frå Danmark og stua inn i boder og skap her vi leiger. Platetoppen ligg under dobbeltsenga.

Resten av teknisk er ein imponerande spaghetti.

Og til sist frå tv-stova nede. Enn så lenge er mest heile trappeholet dekt av plater, men når dei er borte vil det komme lys ned her frå overlysvindua oppe. Eg trur vi vil sette pris på å få litt morgonlys ned hit!

Arbeidet går jevnt og trutt framover, og ingen problem har vore større enn at dei kunne løysast. No prøver vi så godt vi kan å halde tak i økonomien slik at vi ikkje får altfor mange tillegg på tampen. Tillegg blir det, men vi prøver å manøvrere oss bort frå det som gjer altfor vondt!

Nok ein merkedag – på fredag blei vinterhagen montert. Den har vi venta på ei god stund av diverse årsaker, og det var kjekt å få den på plass!

20120401-185342.jpg

Det ser litt ut som at vi skal starte restaurant-drift der oppe på kanten… Bildet under viser vinterhagen frå anna hald, og forskaling for terassefundament.

20120401-185518.jpg

Det blir eit bra rom å vere i. Trur det blir fint å kunne sitte her i vintersola. Og dette er også den delen av huset som har tidleg morgonsol – dei morgonane vil eg tøfle ut hit med kaffekruset.

Bildet viser at hjørnet manglar eit siste beslag som skal på plass, elles er her ferdig (bortsett frå fliser da). Rommet har to opningar ut, ein mot den delen av terassen som kjem ut i front, og ein til bakre del av terassen.

20120401-190332.jpg

Inne er gipsplatene i hovedetasjen begynt å komme på plass. Kjekt å sjå romma ta form og at overlyset frå mønet gir behagelige lysforhold. Bildet under er tatt mot det lange kjøkkenvinduet i front. Veggen som ikkje har fått gips er mellom kjøkken og stove. Her blir det høge bokhyller i stova og ein vegg med høgskap på kjøkenet. Børsten mot veggen står om lag der omnen vil komme.

20120401-190920.jpg

Bildet under viser det store utspringet i front.

20120401-191121.jpg

I veka som var hadde vi møte med rørleggar og gjekk gjennom kva vi ønsker av armatur og innreiing på bada. No ventar vi på pris. Sidan vi er så fryktelig glad i å gjere ting komplisert for oss sjølve, så har vi valgt å ha armatur rett ut av vegg. Vola sine klassikerar strauk vi raskt av lista – fryktelig fine, men uaktuelle i vårt budsjett. Men Axor Uno frå Hansgrohe er ikkje langt unna da, til ein finare pris (bilde frå vvskupp)

20120401-192519.jpg

Eller kanskje Pura Vida av samme merke?

20120401-192559.jpg

Ved å velge veggmonterte kranar, så har vi lite å velge i når det gjeld vask og møbel. Dei fleste vaskar har jo hol til blandebatteri. Ein rund bolle vil vi ikkje ha, men derimot noko firkanta, fortrinnsvis noko som dekker heile skuffeskapet. Rørleggar har funne ein som kan underlimast i ei komposittplate (f.eks frå Diapol), men det ser ut til at vi også kan få til noko hos Kvik. No ventar vi litt på prisar, og får sjå kva det blir til.

Elles kan eg rå folk til å ta ein kikk på Kvik sin planleggar for bad, kjøkken og garderobe. Sjølv den som ikkje planlegg å handle der kan bruke programmet og få litt inntrykk av korleis rommet blir i både 2d og 3d. Alt blir lasta ned på eigen pc og filene lagra hos deg sjølv. Fleire av møblane er skalerbare, og generelt sett er det heile langt lettare å bruke enn t.d Ikea sitt teikneprogram.

Eg har mykje anna å finne på enn å skrive innlegg på bloggen, derfor går det litt tid mellom kvar gong. Så har eg desto meir å fortelje, for no har det skjedd mykje sidan sist. Først kom betongen, og no er vassrøyra forsegla for lang, lang tid framover. Så kom isolasjonen til taket, og den er blitt lagt på plass. Samtidig med at vi fekk skipa til eit aldri så lite kranselag, så kom ventilasjonen og gipsplatene. Veldig praktisk at det da var masse folk i huset (murar, tømrerar, elektrikerar og rørleggerar), og dei blei satt i sving til å bere alt inn i eit forrykande uver førre veke. Dei blei belønna med wraps, muffis og kaffe, og verka glade for det. Vi er i alle fall veldig, veldig glade for den gode innsatsen alle har gjort så langt!

Bildet viser stova oppe – betonggolvet er ferdig, trappeholet ser  ut som eit rundt trappehol skal sjå ut, og isolasjonen til taket ligg klar.

Etter at isolasjonen var komme på plass har dei lagt opp plast (for å stoppe varm, fuktig luft å trenge inn i isolasjonen)(alt man lærer når ein bygger hus altså), og har så begynt å lekte ned. Medan dette har pågått har ventilasjonsanlegget blitt drøfta og planlagt. Utkast og innkast i det DIGRE skapet var sjølvsagt ikkje ideelt plassert. Dei to kanalane må krysse kvarandre nede i teknisk rom – men det skal vere plass til dette uansett.

Her er ein liten del av ventilasjonsanlegget – litt absurd at vi skal gje plass til alt dette spetakkelet inne i veggane.

Muren ute er blitt heilt ferdig. Det skal støypast ein betongkant i flukt med dragaren midt i bildet.

Muren er vår største budsjettsprekk – men vi valgte den med vitande vilje. Eg syns den fungerer godt mot huset – eg likar fargen og strukturen. Den vil bli litt dempa når det veks opp noko grønt nedafor, og vil også gjere mindre av seg når verandaen blir forlenga over muren og det kjem opp rekkverk i glas. Men elles er eg glad for at mykje av muren er godt synleg, for eg syns den er blitt veldig fin!. Og det skal bli godt når glasa i vinterhagen kjem på  plass rundt den 26.

Her er litt meir av fasaden mot vest. Eg trur vi får ein fin uteplass her framfor soverom og TV-stove

Parkett er bestilt og vil komme til tomta den 7. mai. Når det gjeld kjøkken og kvitevarer har vi bestemt oss. Det blir IKEA på alle benkeskap og overskap, Norema på dei fire høgskapa, kvitevarer frå Danmark  til  ein brøkdel av prisen, og benkeplate i kvit kompositt frå Diapol. Og etter alle dei grå og fargelause bilda så langt i innlegget må eg vise fram to tapetprøvar frå Missprint. Og nei, eg tenker ikkje på heile rom dette her, men ein aldri så liten småvegg kanskje?

Sist men ikkje minst har vi to vaksne i familien satt oss ned nokre timar og bladd gjennom alt av papir og betalingar som er gjort for å finne ut kor vi ligg i det økonomiske landskapet. Det måtte gjerast, for no er vi komne inn i den berykta fasen der alt plutselig blir dyrare. Og dei problem og ekstra ting som dukkar opp nå i innspurten må vi betale oss ut av, for vi er to vaksne i full jobb (+litt meir) som ikkje har sjangs å slå i ein spiker ein gong.  Men vi er innafor budsjettet, dvs dersom ein reknar med dei 10% som var satt av til budsjettsprekk. Eit raskt overslag over det vi har betalt og det vi forventar å betale viser at huset truleg vil havne ein stad mellom 20 000 og 21 000 per kvm, og det syns vi er bra. Det inkluderer natursteinsmuren, kjøkkeninnreiing med gode kvitevarer, energibrønn, vv-varme, parkett og flis.

Heldigvis har eg gratis interiørkonsulentar. Her er dei i sving med å finne ut kva farge vi skal ha inne.

Aller siste nytt: I dag var murar i sving med murpuss ute! Fargen ser veldig bra ut, passar veldig godt til platene og beslaga!

Det er vel nesten to veker sidan forrige post. Det blir lita tid til å oppdatere her når ein er to vaksne i full jobb som berre har nokre knappe kveldstimar til å diskutere dørfargar og veggbredder. Det er bra det finst epost, for mykje av kontakten med dei som bygger skjer på det viset. Men arbeidet på huset har gått framover – i rykk og napp. Ein del viktige avklaringar er blitt gjort. Først og fremst fekk vi tatt ei avgjerd på ein del ting rundt vinterhagen. Det dreide seg om HUP’ar og vindusprofilar, aluminium og stål og ikkje minst fargar. Det som er spennande er at vi landa på at vindua i vinterhagen får koksgrå innramming – same farge som vindu i resten av huset. Ikkje berre utvendig, også inne. Det trur eg blir veldig bra og vil harmonere med tak og detaljar. Arbeidet med natursteinsmuren som støtte for vinterhage og terasse har også blitt ferdig desse to vekene. No skal det støypast eit stripefundament for terassen – men dette arbeidet vert ikkje gjort heilt enno. For no har nesten det viktigaste komme på plass – tett tak.

20120210-201449.jpg

Eg kjørte opp på tomta i ettermiddag og tok bilde. Her er folk frå Protan i sving. Taket mot aust er ferdig, og i dag la dei på listene og tak på vinterhagen. Garasjen er også gjort. Eg er så veldig glad for at fargane passar så godt i hop. Eg syns dei store platene i mønet (Cembrit) er fantastisk fine – same plater er brukt på huset sine to utspring i nord og vest. Svart takpapp blei bra til, og stålbeslaga (colourcoat) passa også fint inn på toppen av mønet og rundt vindua. Veldig glad for at alt dette harmoniserte.

Vidare har vi hatt ein del fram og tilbake om innvendige taknedløp eller ei, men endte på innvendige, sidan dette er råd frå Sintef når det gjeld flate tak. Dette blir altså kun for dei to små flate taka på huset – elles har vi vanlege taknedløp som anna folk.

Trappa har vi også begynt å lande på. Det runde trappeholet skal vere 220 bredt for å gje plass til ei trapp på 210 i diameter. Ut frå dette vil kvart trinn vere ca. 90 cm. Smalare enn det kan vi nesten ikkje ha det. Men breiare hol vil vi heller ikkje ha, for da tek det for mykje av golvet oppe. Eg trur det blir bra. Rekkverkt rundt er enno i det uvisse, men eg skal i alle fall undersøke pris på bua glas rundt holet før eg slår det frå meg som vanvittig dyrt. Eg trur det er vanvittig dyrt.

Omn bestemte vi forrige helg, og her har vi gjort avtale med Varmefag om både levering og montering av ein Rais Viva 120.  Det var liksom ingen tvil i butikken – veldig fin og elegant, god å ta i og godt handtak. Eg trur vi skal bli godt fornøgd. Kva vi skal ha under denne peisomnen veit vi enda ikkje. Eg har vurdert ei støypt plate i kvit betong, men glasplate på parkett er sjølvsagt også eit alternativ. Det var litt viktig å få avklart kva omn  vi skulle ha, for det skal fresast opp eit spor til friskluft. Da måtte vi vite litt meir om kor stor omnen blir, og kor dette røyret skulle leggast.

Vinda til vinterhagen kjem ikkje før om ein seks vekers tid. I mellomtida har dei dekka til med presenning, og da ser vi litt betre konturane av den. Når ein kjører forbi på vegen nedanfor feltet ser huset litt meir komplett ut.

Og i ettermiddag fyrte dei opp eit digert beist nede i underetasjen. Då eg kom opp der var det allereie byrja å bli varmt i huset, særlig nede. Isen som låg over golva hadde smelta, og dei dreiv og spadde vatn i bøtter og heiv ut. Ei helg med dette dyret skal nok gjere underverk i huset!

Tidleg i neste veke vert det laga forskaling for trappeholet. All isolasjon i golva vert lagt, og deretter feste for vassbåren varme. Elektrikar legg ein del trekkerøyr som skal ligge i golva (for bl.a. å spare slissing i veggar). Siste bit av taket vert lagt på. Om eg ikkje tar heilt feil legg dei beslag på garasjen. Over helga igjen kjem rørleggar og legg vassbåren varme. Etter det kjem det påstøyp både oppe og nede, og først då vert trappeholet klart, slik at det vert støypt saman med sjølve golvet. Deretter skal det borast hol til alt som skal trekkast mellom to etasjar – vassrøyr, el-røyr, sentralstøvsugar og ventilasjon.

Trasketur til tomta ein fin vinterdag. Huset ligg på kanten midt i bildet.

Det har vore stillstand i ei veke. Vi ventar på taktekkar, og har har hatt ein del fram og tilbake med korleis vinterhagen best skal konstruerast. Arkitekt og murar har også blitt einige om korleis overgangen mellom mur  og tak skal bli.  På bildet over ser de vinterhagen til høgre på huskroppen. Det vi håpar å få til er limte vindu i hjørna og slanke stålstøtter for å halde taket oppe, slik at veggane blir mest mulig glas og minst mulig gods. Vi håpar det skal bli bra!

Vi har bestemt oss for malar. Og då har eg og begynt å tenke på fargar inne. Det er ganske overveldande å skal velge farge for eit heilt hus. Eg vil ha det så lyst som mulig, men ikkje kaldt. I helga har eg prøvd å finne ut av NCS-systemet, og kom eit godt stykke på veg hos Ifi. I går henta eg meg fargelappar. Eg sanka inn ein heil serie av kvitt iblanda svart, og starten av skalaen er vist på bildet under. Her er det ingenting med farge, og slik unngår ein heilt gulskjer på veggene. Men mitt problem da er at dette blir litt trist og kaldt trur eg…

Så da må ein kanskje vurdere fargar med noko gult og/eller rødt i.

Måten fargane er vist på bildet er på ingen måte slik dei ser ut eigentleg! Alt blir forvrengt gjennom telefon-kamera og ut på PC-skjerm, men eg tok nå bildet med for å illustrere valgmulighetene. For eg lider valgets kval, men ser at «Letthet» kan vere aktuell, det same gjeld «Refleksjon». Omtrent alle velger «Chi» for tida. Sjølv er eg redd den blir altfor kvit og kald. Særleg på fire meter høge vegger. Elles kan også heilt andre fargar vere aktuelle. I TV-stova nede er det absolutt aktuelt å male ein heilt mørk farge på veggen der TV skal henge. «Matrix» er kanskje ut frå namnet, ein aktuell farge? Mange velger tapet for tida – eg er ikkje der heilt enda – men det er ikkje uaktuelt. I så fall blir det ingenting barokk eller søtt, men heller noko geometrisk.

Elles har eg også snakka med både Kvik og Designa. At vi skal ha IKEA-kjøkken er allereie bestemt, men kvitevarer skal vi nok skaffe andre stader. At kvitevarer er dyrt har eg vore klar over lenge, men det er likevel litt demotiverande å ta fram kalkulatoren når ein skal plusse saman alt ein har lyst på. Toppmodell av alt kan eg nok berre utelukke! Så da må ein prioritere, og det ser ut for at vi kjøper nett den platetoppen vi vil ha, og så får vi heller vere meir nøktern på det andre. Vi ønsker oss denne frå Siemens:

Og grunnen er at eg SKAL ha induksjon, og eg SKAL ha plass til minst 5 gryter. Eg er over normalen interessert i å lage mat, og eg balanserer svært ofte fleire gryter enn normalt på komfyren sidan jentungen har matallergi. Kvik tilbyr denne noko lågare enn listeprisen, men det er meir enn dyrt nok likevel…

Det er på tide å bestille trappa snart, for den skal også produserast. Og så må vi vel gjere eit valg av golv om ikkje så lenge. Det kan sjå ut til at det blir bestilt frå England, men det er ikkje bestemt endeleg enda.

No håpar vi på at det blir meir aktivitet på huset i veka som kjem!

At ein kan bli så blid av litt tømring? Arbeid med taket starta i går, og eg syns dei har komme langt allereie. Sjølv om vi ser ingenting av taket enda, får vi likevel litt inntrykk av korleis det blir inne. Veggen på langs inne i huset ser vi også konturane av. Og så har vi fått mur langs vegen og inn til garasjen.

Men inne først! Bildet er tatt frå hovedinngangen mot grovkjøkkenet. Rett framfor kamera kjem det ein vegg med garderobe, som skiller grovkjøkken og hovedinngang. Døropningen til venstre er grovkjøkkeninngangen. Og ved sida av vårt luksøriøse vindu (forrige post). Dette rommet blir smalt, for det skal opp ein vegg mot kjøkenet. Døropningen rett fram er nemmelig frå kjøkenet ut til vinterhagen, og på kvar side av denne opninga skal det kjøkenbenker. Men sjølv om grovkjøkken blir smalt, blir det bra lell! Vi får plass til seks benkeskap i lengderetningen, og eitpar til på kortveggen midt imot. I dette rommet blir det også opplegg for vaskemaskin, sluk og utslagsvask. På ytterveggen blir det ikkje plass til noko som bygger i bredden, men skoskap skal nok gli pent inn tenker eg. Ved døra, på veggen som står mot kamera, er det plass til garderobeskap.

Takvindu! Eller kva det no heiter – for det er jo ikkje vindu i tak da, men.. vindu i møne? Nåvel. Dette er jo veggen inne i huset, slik at vi ser opp på desse vindua når vi sit ved spisebordet i kjøkenet. På muren mellom dei to døropningane midt imot kjem kjøkken-halvøya ut. Og til høgre for denne, ved skyvedører ut til vinterhagen, kjem spisebord. Glipa mellom dei to siste vindua i toppen gir plass til ventilasjon ut for kjøkkenvifta. Som eg enno ikkje har fått heilt koll på, men vi har vel meir eller mindre bestemt oss for ei som heng i staden for benkeventilator.

Eg veit ikkje heilt kvifor mannen min slår ut med armane på dette bildet – men kanskje det er garasjen som gir slik glede? Bildet er tatt frå grovkjøkken-inngangen mot garasjen som er under bygging. Den runde dingsen i midten er ein kum. Det grøne lyset er IKKJE kule lys innfelt i bakken, men sola som reflekterer…. Muren til venstre er ein mur som går langs heile denne sida av tomta, og utgjer nedre del av austveggen i garasjen. Mannen min står i passasjen mellom garasje og hus. Her går ein inn på terrassen. Vinterhagen vil også ligge her – rett rundt hjørnet og til høgre.

Og her har eg gått forbi garasjen og snudd meg rundt. I enden av garasjen, mot kamera kjem ei utebod. Terrassen vil gå fram til hjørnet på garasjen ute til venstre, og gå fram og forbi framsida av huset. Vinterhagen kjem mot gavlen på huset

I 12. time fekk vi signert papira frå Husbanken – vi har jo gløymt heilt ut å gi beskjed om at vi tar imot og at arbeidet er i gang! Det fekk vi purring på – heldigvis, så da skulle alt vere i orden likevel.

Oppdateringar vil nok følgje, sjølv om det ikkje er så lett å få tatt bilde no i «mørketida».

Nytt møte i dag, mellom oss, elektrikar, rørleggar, tømrar, murar og entrepenøren. Det er verkeleg bra å samle alle slik på denne måten; eg trur vi sparer ein del telefonar og epostar på dette! Tema for møtet var kva rekkefølge ting skal skje i nå framover.

Status for huset er at alt murverk er oppe, heilt til mønet. Det er pussa ferdig innvendig – ute gjenstår veggen i hovedetasjen. Murarane har jammen slitt; på dei to månadene som har gått har dei hatt 8 dagar utan regn. Tømrar skal nå i gang, men oppstart er utsett ei veke, dvs. det vil bli oppstart på mandag. Da står taket for tur. Ute vil entrepenøren gå i gang med natursteinsmur under terrasse og vinterhage, og fundament for garasje. Vindua kjem i løpet av månaden. I desember skal elektrikar og røyrleggar inn, og golvet skal støypast. Og ja, vi legger trekkerøyr for elektrisk i golvet – det er kortaste veg, og det sparer murveggar for slissing.

Det blei tatt eitpar raske beslutningar over bordet. Ja, vi skal ha vannbåren varme i garsjen. Ja, vi går for å behalde muroverflate  inne, men berre  i gavlane. Veggar mot vest og aust skal gipsast. Det blei brukt mykje tid på å drøfte kvar og korleis røyr/ventilasjon/elektrisk skal gå. Det er mykje som skal på plass, og med lecaplank som etasjeskille har vi også utfordringa med at armeringsjerna i planken ligg med 20 cm. mellorom. Det er den same avstanden som dimensjonen er på ventilasjonsrøyra… Og gjennom golvet må vi jo! Men også dette ser ut til å ordne seg greit.

Hus blir det!

Det lagar seg 🙂

Huset har begynt å kikke på oss når vi kjører forbi. Augene opnar seg på eit vis og glor forundra ut over bygda. Og nå skal eg slutte å vere så poetisk… men det er berusande.

Litt zooma inn med eit elendig Iphone3-kamera. Dette er fronten av huset, og viser kva rom som ligg her. Stova oppe kan verke litt lita kanskje, men arbeidsrommet / gjesterommet ved sida av har stor skyvedørsopning og vil fungere som ein del av rommet. Her blir det ein sovesofa og truleg ein ekstra tv om mor får det som ho vil. Den store opningen i fronten, i stova, blir ikkje heilt slik. Her skal tømrar i gang med eit utspring. I denne «velstandsvorta» har eg mest av alt lyst på eit rundt kaffebord, ein gammal divan frå bestemorsheimen, og to lenestolar. Det blir sagt i bygda at det ser ut til at vi bygger ein anleggs-garasje nede…. Eg kan forstå dei litt – dei fire store opningane ned kan nok sjå ut som starten på garasjeportar. Men her blir nå vindu, og med *kremt* fire dører ut til hagen – ei for kvart rom. Rømningsvegar burde ikkje vere eit problem på vårt bruksnummer.

Tal på folk som er i sving varierer frå to til fem. Her blir det murt over vinduet på arbeidsrommet/gjesterom/stove. Som nevnt over vil dette rommet ha fleire bruksområde. Forskalings-greiene som ligg på leca-planken dekker over trappeholet. Det vil ligge i sjølve stova oppe og trappa vil gå rett ned i TV-stova. I dag jobba dei lenge, og har planar for overtid i morgon også. Grunnen er rett og slett det fine veret – lurt å nytte høvet når ein endeleg har fått sol!

Nåh! Eg trur eg bestiller meg denne plassen ved kjøkkenbordet. Slik utsikt kan eg godt leve med til frokost, middag og kvelds! Eg er normalt ikkje begeistra for granskog, men på slik avstand kan eg like det. Det gir litt farge om vinteren, og det ER jo fint med snø på grantre til jul!

 

Og headinga handlar om kor solid huset skal bli….

Det er ein travel haust for oss to vaksne i familien, og det har ingenting med huset å gjere. Eg er inderlig glad for at vi ikkje skal gjere noko sjølv. Det vil vi aldri makte å få til, men det har vi også visst heilt frå starten av. To vaksne i full jobb utan familie, to småskulebarn som treng mykje tid og merksemd, og lang pendling gjer at vi knapt nok bør bruke tid på å male ein vegg. Men vi susar forbi tomta kvar dag, og myser opp i halvmørket mot murane som reiser seg. Det går så fort at vi rekk ikkje følge med. I det heile tatt. Her må vi overlate ansvar og stole på andre.

Og vi kjenner oss i trygge hender. I dag har vi hatt ein raskt møte på tomta, med han som styrer heile prosjektet, og muraren. Vi blir møtt med eit breitt murar-smil og orda «ja, de får i alle fall eit SOLID hus». Det ser absolutt solid ut. Tjukke, tunge yttervegger, tverrmurar for å støtte opp for jordtrykk bakfrå, og ein stålbjelke på tvers, som egentlig er overdimensjonert, men da er det i alle fall solid. Eg veit ikkje kva det er, men det at huset er SOLID er som musikk i øyrene til han eg deler utgiftene med. Kanskje er det ei manne-greie, kanskje er det fordi han kjem frå den der skjelvande øya ute i havgapet, men han ønsker seg i bunn og grunn ein bunkers. Eg har litt høgare krav til estetikk (han også vil eg tru), men dette huset skal i alle fall tåle ein vinterstorm med god margin.

Eg har tatt ein del bilde i prosessen, og dei følger under. Tanken har heile tida vore å få lagt dei ut etter kvart, men dette har eg måtte prioritere bort. Ungar, jobb og søvn må komme først, i den rekkefølgen 😉 Men det er fantastisk å berre sjå prosjektet ta form. Eg er facinert over at dei greier å konkretisere arkitekten sine strekar. Korleis får dei hjørnet til å havne på riktig plass? Korleis visste dei at røyret kom opp der det skulle? Nå veit eg jo at der finst måleinstrument, erfaring og berekning her i verden, men likevel. Det er facinerande.

Den 14 september, ei drøy veke sidan.

Utsyn frå badet nede. Eine veggen i huset manglar på eit vis, men der har komme opp ferdige søyler mellom vindua i front…

18 september. Vi tar eit kveldsbesøk. Der er komme opp noko treverk blant alle murane.

Og så har det komme opp noko over søylene! Vi ser endeleg kor store vindua blir!

Nåvel. Det er framleis ein bunkers. Ein bunkers som har fått fire sider i det minste. Og dette var siste gongen desse romma hadde himmelen som tak…

For mandag den 19, denne veka blei det jobba med etasjeskille!

Lurer litt på HMS ved dette bildet her… gulp. Og ja, eg sa faktisk i fra. Men det der var visst veldig dagligdags…  Og nei, i følge kontrakten er ikkje vi ansvarlige for HMS på byggeplassen. Puh. Personen til venstre står forresten i det som skal bli inngangspartiet i huset. Det skal fyllast inn til muren og heilt opp. Etasjen oppe vil vere noko større enn etasjen under.

 

Og nå vart det mørkt! Dette er bilde tatt i går, 23. september. Dei store vindua i front vil gi bra med dagslys, så det skal bli ok i opphaldsrom og soverom, men romma i bakkant, dvs. teknisk/vaskerom, bad, garderobe og bod vil aldri sjå dagslys igjen stakkarane. Vår kloke arkitekt har jo visst om dette frå starten av, og planlagt «arbeidsromma» inn mot den mørke delen av bygget.

Frå bod-døra gjennom garderoben inn til badet i fint overlys. Det lyset forsvinn nokså fort når dei siste elementa blir satt på plass i veka som kjem. I veggen midt mot kamera skal det skjerast ut ei luke til skittentøydunken som står inne på vaskerom/teknisk. Elles? Eg som ikkje er noko glad i spottar vurderer spottar i garderoben. Her trengs det godt med lys. Satsar på skyvedørsgarderobe med speil, frå IKEA.

Og her har vi drista oss opp i hovedetasjen, oppå lecaplanken. Bildet er tatt i kjøkenhjørnet og viser litt korleis det vil bli om nokre månader. Vi får utsikt ned til Kringastemma og elva. Nedanfor oss er det friområde, så her vil det vere grønt og fint.

Og det var kveldens bilderas! På mandag starar muring av hovedetasjen, og dei reknar med at all mur er ferdig om tre vekers tid. Det skal murast ein natursteinsmur på sida av huset, som fundament for vinterhagen (den kjem der eg har skreve skyvedør til terrasse, strengt tatt er det vel skyvedør til vinterhage, og så terrasse). Arbeidet har gått raskare enn venta og muraren har gjort ein kjempefin jobb. Det same gjeld rørleggar, og den vesle biten som elektrikar har vore involvert i så langt. Alt har gått heilt fint så langt. Tømrar har tidlegare sagt at han treng 3-5 månader på sitt arbeid. Da snakkar vi faktisk om ferdig hus i januar-mars, langt tidlegare enn eg hadde trudd….