Archives for category: Terasse

Nok ein merkedag – på fredag blei vinterhagen montert. Den har vi venta på ei god stund av diverse årsaker, og det var kjekt å få den på plass!

20120401-185342.jpg

Det ser litt ut som at vi skal starte restaurant-drift der oppe på kanten… Bildet under viser vinterhagen frå anna hald, og forskaling for terassefundament.

20120401-185518.jpg

Det blir eit bra rom å vere i. Trur det blir fint å kunne sitte her i vintersola. Og dette er også den delen av huset som har tidleg morgonsol – dei morgonane vil eg tøfle ut hit med kaffekruset.

Bildet viser at hjørnet manglar eit siste beslag som skal på plass, elles er her ferdig (bortsett frå fliser da). Rommet har to opningar ut, ein mot den delen av terassen som kjem ut i front, og ein til bakre del av terassen.

20120401-190332.jpg

Inne er gipsplatene i hovedetasjen begynt å komme på plass. Kjekt å sjå romma ta form og at overlyset frå mønet gir behagelige lysforhold. Bildet under er tatt mot det lange kjøkkenvinduet i front. Veggen som ikkje har fått gips er mellom kjøkken og stove. Her blir det høge bokhyller i stova og ein vegg med høgskap på kjøkenet. Børsten mot veggen står om lag der omnen vil komme.

20120401-190920.jpg

Bildet under viser det store utspringet i front.

20120401-191121.jpg

I veka som var hadde vi møte med rørleggar og gjekk gjennom kva vi ønsker av armatur og innreiing på bada. No ventar vi på pris. Sidan vi er så fryktelig glad i å gjere ting komplisert for oss sjølve, så har vi valgt å ha armatur rett ut av vegg. Vola sine klassikerar strauk vi raskt av lista – fryktelig fine, men uaktuelle i vårt budsjett. Men Axor Uno frå Hansgrohe er ikkje langt unna da, til ein finare pris (bilde frå vvskupp)

20120401-192519.jpg

Eller kanskje Pura Vida av samme merke?

20120401-192559.jpg

Ved å velge veggmonterte kranar, så har vi lite å velge i når det gjeld vask og møbel. Dei fleste vaskar har jo hol til blandebatteri. Ein rund bolle vil vi ikkje ha, men derimot noko firkanta, fortrinnsvis noko som dekker heile skuffeskapet. Rørleggar har funne ein som kan underlimast i ei komposittplate (f.eks frå Diapol), men det ser ut til at vi også kan få til noko hos Kvik. No ventar vi litt på prisar, og får sjå kva det blir til.

Elles kan eg rå folk til å ta ein kikk på Kvik sin planleggar for bad, kjøkken og garderobe. Sjølv den som ikkje planlegg å handle der kan bruke programmet og få litt inntrykk av korleis rommet blir i både 2d og 3d. Alt blir lasta ned på eigen pc og filene lagra hos deg sjølv. Fleire av møblane er skalerbare, og generelt sett er det heile langt lettare å bruke enn t.d Ikea sitt teikneprogram.

Ein liten milepæl er nådd; i dag, ca. kvart på fire på ettermiddagen, vart siste døra montert. Eg var tilfeldigvis der. Kjørte forbi for å hente ungane på SFO, og kunne sjå frå vegen at fleire vindu nede var på plass. Da måtte eg svinge opp og fekk tatt bilde når døra ut frå TV-stova til hagen vart buksert på plass. Bildet under viser korleis huset ser ut like før det mørkna i ettermiddag.

Det lyse tømmeret til høgre i bildet er taket på vinterhagen. Vindua her kjem seinare. Under det lange kjøkenvinduet i høgre del av sjølve huskroppen er terrassen påbegynt. Terrassen vil halde fram forbi vinterhagen og ut i høgre bildekant.

TA DA! Siste døra! Det har vore veldig mange tunge løft for tømrarane – sikkerhetsglas i trippelt lag blir mykje tyngde.

Fint blir det. Og fine muren som gir støtte for vinterhagen! Betongkanten oppå vil vi nok forblende. Vinduet nærast muren er i jentungen sitt soverom. Ho har dør ut til hagen. Deretter kjem foreldresoverommet med dør ut her også. Litt smale dører, men god grunn til å halde seg slank!

Blir nok litt annleis her når stillas er fjerna, men litt inntrykk får ein likevel. Har ein liten jobb å gjere i «hagen» ser eg…

Til sist eit raskt sveip opp til den påbegynte terrassen. Ein smal tarm skal sno seg rundt hjørnet ved vinterhagen og halde fram på framsida av huset, under kjøkenvinduet. Eg trudde det kom til å bli litt smalt her, men ser at her blir det plass til både benk og eit lite bord. Her sit vi heilt skjerma for innsyn også. Kanskje vi kunne trenge ein utekontakt til vaffeljernet her på veggen?

Er litt som skjer for tida med andre ord! Metallbeslag som skal på i mønet og rundt vindua i utspringa kjem muligens i slutten av veka – då får eg sjå om eg får tatt nye bilete.

På tide med ei oppdatering. Det har skjedd ein del sidan sist – først og fremst har alt av panel blitt satt på, og vi likar fargen! Garasjen er blitt varmbrun og fin, og gløda mot oss i vintersola i dag. Elles har arbeidet heilt klart blitt forsinka av det dårlege veret som har vore i haust. Kombiner dette med litt anna smårusk, så ligg vi etter eitpar-tre veker i progresjonen. Først og fremst tok det lenger tid enn tenkt å få opp natursteinsmuren. Det gjorde at golvet for vinterhagen ikkje har blitt støypt før no, og at bygging av dette rommet ikkje har komme i gang. Dette gjer også at tak ikkje er blitt  lagt på hus og garasje, for dette gjer ein først når alle bygg er komne opp.

Men nå er fundamentet for vinterhagen støypt! Den blir ikkje liten heller syns vi – ein veldig bra plass å sitte og nyte utsikta. Døra til høgre er inn til kjøkenet og arbeidsfeltet mellom to kjøkkenbenkar. Her blir det nok ein del aktivitet ut og inn om sommaren for å hente urter i kassen eg planlegg på terrassen. Skyvedøra til venstre er ved spisebordet, også inne på kjøkenet. Døra er 250 høg, og måtte leverast på nytt, for ho kom først i 240 høgde. Men det ordna seg 🙂 I vinterhagen kjem skyvedør mot fotografen og også ei dør ut mot venstre bildekant. Elles blir her vindu med aluminiumsomramming. Grå altså, som takrennene. Utanfor vinterhagen (mot kamera på bildet under), kjem terrassen. Den skal vere i komposittmateriale, og det aller beste er at det skal vere ein plassbygd plantekasse i den til urter og kjøkkenhage. Ja takk! Eg gler meg.

Og så er hoveddelen av natursteinsmuren under vinterhagen ferdig. Vi er godt fornøgd med den – hadde nokre rundar på kva type stein vi skulle velge, men endte opp med denne grå som eg trur vil kle huset bra. Nå skal muren endrast litt på for å støtte opp under terassen som havnar litt  i «lause lufta» i høgre bildekant. Det vil gi oss litt skjerming frå sør, og blir ein fin liten uteplass på nedre plan av tomta, utanfor soverom og TV-stove.

Vindu er satt i i heile hovedetasjen. Som nevnt over er alt panel montert. Austfasaden har fått takrenner. No blir innsatsen lagt i vinterhagen, slik at ein kan få starta opp med taket, og deretter tørking av bygget. Det er ikkje få liter vatn som har stått i underetasjen…. For å få vinterhagen på plass må vindu bestillast. Tanken er å få så smale omrammingar rundt vindua som mulig, og at dei skal stå tett i tett. Meininga var å få satt inn «hubs» eller «hubbar» mellom vindua for å gje støtte til taket (som er tett, ikkje av glas). Det viser seg vanskeleg å få dei tynne nok og sterke no (vi har greid å presse det ned til 5 cm. men syns det er for mykje). Kanskje må vi tilbake til tynne søyler langs veggane (5 stk) på enkelte støttepunkt for å bere taket oppe. Eg vil heller det enn å auke godset mellom vindua i vinterhagen. Vidare skal det påmonterast metallplater rundt takvindua i mønet, og rundt vindua i treutspringa. Nokre foringar skal også få plater på seg – fargen blir mørk koksgrå, og eg trur det kan bli bra. Andre ting som har vore diskutert er terrassen. Vi lurte ei stund på å heve terassen 12 cm for å viske ut høgdeforskjellen mellom vinterhage og terrasse, men slo  det frå oss. Kan vere praktisk med ein liten kant ned, særleg sidan dette er mot sørvest og vatn kan drive mot vindu og dører.  Og sånn går no dagane med diverse spørsmål. Sjølv med eit hus som er teikna og gjennomdrøfta, dukkar det opp ting undervegs. Enn så lenge fell det meste på plass etter ein liten tenkepause. Er glad vi har folk med oss som faktisk spør, og ikkje berre gjer eit val for oss utan å fortelle!

Dei har ikkje nett vore heldige med veret, dei stakkarane som bygger for oss. Men det har gått unna denne veka likevel. Kvar dag ser vi store endringar – og det er ekstra gledelig! Vi veit at når arbeidet inne startar vil framskritta ikkje vere så merkbare, så vi får nyte det medan vi kan! Sidan sist eg viste bilete frå  huset har 2. etasje, hovedetasjen,  begynt å reise seg. Vindusopningane trer fram! Dei har også nesten gjort ferdig tilfyllinga mot muren, slik at ein no kan gå trygt inn i hovedetasjen oppe. Først no ser vi også kor flatt og bra det blir på oppsida av huset. Det er ikkje store fallet ned frå vegen!

Her følgjer eit lite knippe bilete. Det første er eitpar-tre dagar gammalt, dei to nedste er frå i dag.

Her står eg omtrent ved enden av kjøkenbenken, og ser mot der spisebordet skal stå, og ut vinduet i front. Det blir eit veeeeldig langt vindu! Til venstre for hjørnet kjem balkongdører

Bilde tatt frå naboen. Vinduet midt imot går heilt ned til golvet i hovedetasjen.  

Eit meir eller mindre interessant bilde frå badet oppe. Ikkje særlig spa-aktig…. Vinduet her blir litt mikkmakk med – det ligg utanpå huset, og stekker seg opp over taket også. Det oransje anleggs-gjerde som ein ser gjennom vindus-opninga viser at vegen ikkje ligg så mykje høgare enn huset.  Og ja, vi kjem til å ha ein form for film i vinduet for å stoppe innsyn.

Og her er fronten. Spennande å sjå kjøkenvinduet tre fram! Det blir ikkje så magne veritkale stolpar i vinduet som skal inn som det som er vist her.

I vekene som kjem blir det mykje som skjer – huset skal murast ferdig, natursteinsmuren i front skal på plass, det skal fyllast til for terrasse, og ein skal vel gjere ein del av utearbeidet ferdig på oversida av vegen også. Eg håpar berre på litt mindre nedbør og ikkje så veldig kaldt!

Vi er tungt inne i val av fargar for tida. Eg blei litt overrumpla av det – tenkte det var lenge til vi måtte vite dette sikkert, men det viser seg at vindu skal bestillast og puss skal på før frosten kjem. Og det skal bestillast bord til ytterveggane i tre også.

Vi konsentrerte oss først om vindua. Tømraren har henta prisar frå Lyssand i Os. Dei har 8 standardfargar. Det kostar ekstra å ha ulik farge ute og inne – noko vi svært gjerne ønsker. Vindua skal vere kvite inne, men ute vil vi ha dei mørke grå. Lyssand har ein mellomgrå farge som ein av sine standard fargar, så det er mulig vi ender opp med dette, men ber om pris for å få velge ein enda mørkare. Eg tippar at det kostar meir enn det smakar, men vi får nå sjå. Mørke karmar på eksteriøret er veldig fint syns eg, sjå berre her under! Her er det også vist veldig fin solskjerming – noko vi også må vurdere. Elles når det gjeld vindua blir det lavenergi-vindu med uv-filter og sjølvrens. Dei kostar skjorta, og er nok ein av dei tinga vi har prioritert å bruka pengar på. Bilde under er frå Vossasol, leverandørar av solskjerming (og fint hus forresten).

Vel, neste spørsmål var muren under terrassen. Etter kvart har vi innsett at det vil vere trong for ein mur ved sida av huset, som støtte for vinterhage og terrasse. Heldigvis var det tatt høgde for det i budsjettet. Spørsmålet var då kva type stein vi ønskte – Vossastein som naboen har (ein stein med varm, litt mørk farge), eller kaldare stein frå Sogn og Fjordane? Lys brun, litt gulaktig stein frå Jondal, eller noko meir spraglete med kvarts frå Nordfjord? Ikkje visste eg at der var så mykje variasjon og fargar. Men det er godt å ha ein arkitekt som ein kan rådføre seg hos. I fellesskap kom vi fram til at noko som er ganske rolig i mønsteret, og som er nedtona og kjølig passar best. Så får vi sjå da, om uttrykket blir noko a la det ein ser under. Muren ser de under terrrassen.

Så kom muraren og spurde kva farge pussen skulle ha. Noko grått og varmt har alltid vore tanken. I fargekartet fann vi fram til noko som kan bli bra trur vi, men det er eit langt steg frå ein lapp på 3 cm. til eit hus på 200 kvm. I morgon har eg avtalt eit raskt møte med arkitekten og høyrer med henne kva ho trur kan bli best.

Og til sist var det fargen på treverket da. For sjølv om vi bygger murhus blir det litt detaljar i tre – ikkje ubetydelige detaljar heller. Heile utspringet i front skal ha beisa ståande panel. Eit lite karnapp i nord skal også ha tilsvarande uttrykk (tenk at vi skal ha karnapp!!), og så har vi jo heile garasjen. Noko varmt og brunt er tenkt. Noko gyllent. Eg elskar beisa hus frå 70-talet. Eg får ei god og lun stemning av det. Det er like før ein tar fram gitaren og tar ein trall. Vi søker i Jotun Trebitt sitt fargekart, og opplevde at fargane er svært, svært ulike det ein ser på ein skjerm. Det blir ein av dei i vifta under, men kva for ein er ikkje sikkert. Eg held ein knapp på den 3. nedste.

Takrenner måtet vi også velge farge på – her endte vi opp med grå. Det same valget endte vi opp med for aluminiumsvindua i vinterhagen.

Det er ikkje utan vidare lett å sitte og bestemme slike ting før vi ser konturane av huset, men eg trur og håpar det blir bra. Når det gjeld huset, så har dei byrja på 2. etasje. No er dei om lag midt på veggen, og vi ser vindusåpningane i 2. etasje tre fram. Dei har begynt å fylle inn til husveggane i nord, aust og vest, og snart startar muringa av muren under terrassen. No har dei ein liten pause på eitpar dagar. Eg unner dei å nyte denne vesle ekstra sommaren som har komme !

Eit slikt hyggelig møte!

Ja, her er koppane til arkitekt, assistent-arkitekt, murar, tømrar og prosjektkoordinator/entrepenør.

De ser vel at dette blei bra? Kaffien eg lagde likte dei også, og siste rest av konfekt frå turen til Berlin forsvann innimellom alle husteikningane. Det blei peika på, notert, gestikulert, ledd og vurdert. Av og til var det litt hoderysting også – dvs gjensidig, vi-er-så-enige-hoderysting.

For tenk, ja, vi har landa på kven som skal bygge. Vi føler oss trygge på at dette går bra, og etter møtet i dag er vi enda tryggare.

Det som skjer no er følgjande:

  1. Vi skaffar pengar – tenk – vi har berre ei oppgåve (om enn ganske stor)
  2. Diverse papir blir sendt frå murar/tømrar/entrepenør til arkitekt for søknad om igangsetting hos kommunen
  3. Snekkar justerer pris – fordi vi endrar litt storleik på eitpar vindu, nokre små justeringar i vinterhagen, vi ender opp med beisa gran på utstikka våre (i staden for Sibirsk lerk – takk og lov for det), og diverse anna småplukk, bl.a. dekket på terrassen (meir om det under)
  4. Med grunnlag i justert pris lagar vi kontrakt, og signerer, med forbehold om finansiering (sjå del A – øh, den hastar visst).
  5. Det blir nytt møte for å gå gjennom utrekning av massane og for å fryse prisen. Om ein trekker ting ut av prosjektet har ein då ein standard pris for å trekke frå (eller legge til) materiale o.a.

Når det gjeld pkt 1 er alt egentlig klart for innsending. Alle papir er fyllt ut, men vi treng å sjå over det heile. Eg har også snakka med Husbanken igjen, og hadde ein svært hyggelig samtale med ein saksbehandlar der. Det verka nesten som han gledde seg til søknaden kom. Håpet er at det blir avgjort raskt, og at vi ikkje må vente i 3 månader, slik som dei faktisk skremmer med. Eg vel å tru at dette er «worst case scenario», og at dei fleste søkander blir avgjort raskare…

Når det gjeld terrassedekket er vi litt i villreie. I anbudet står det sibirsk lerk eller kebony. Så har vi begynt å lure på golv i kompositt i staden – må vere fantastisk med eit golv som mest ikkje treng vedlikehald! Heller var også oppe til diskusjon, men DET blir temmelig kostbart og utgår glatt.

Men litt får vi ta som det kjem. Ro i sjela får eg ikkje før tilsagn om lån i Husbanken er avklart.

Forresten har vi også valgt elektriker og rørlegger. Dei berre veit det ikkje enda. Komplette, gode tilbud. Og sa eg at boreholet kom på plass like før påske? Brønnborerfirma dukka plutselig opp og laga eit borehol på 130 meter. Rekninga har vi ikkje fått enda, men den ligg vel på ein stad opp mot 60 000. Der går feriepengane!