Lite nytt i denne bloggen, men det betyr ikkje at det har vore stillstand. Tvert imot. Bildet over fortel vel det.  Dette var den 19. september, ein vanlig onsdags kveld, klokka 21, på håret i tide til å få ungane i seng. Vi bestemte oss der og da at «nå søv vi over». Same dag hadde vi tatt over huset. Skreve under, med tre siders mangelliste.

Sånn ja. Tørke av på beina.

Første frokost…

…i ei rekke av mange måltid. .

På bada set kvardagslivet synlege spor. Vi treng hyller og skap!

Det blei raskt oppdaga at terrassen var ein flott fotballbane / racerområde for sparkehul.

Og vi har sett korleis lavenergivindu er ein tidleg morgon når det er frost ute

Vi har vår eigen versjon av ein berømt ape, hengande i eit av få nyinnkjøp til huset, bordet Tablo.

For vi har ikkje råd til nye møblar i alle rom. Man tager hva man haver. Ei feltseng frå IKEA er ikkje å forakte heilt. Og skal ikkje det teppet dreiast 45 grader skal tru?

… og vi gler oss over lyset

og fargane

Og drar fargane med oss inn. Flott  jobb gjort av Bergen Billakkering

Vi oppdaga at horisonten vår er stor (og at vi treng spisestuestolar utan sprosser og spiler på kryss og tvers)

og at vi har litt å lære om alsken lyspærer. Kva passar her? (Flos Glo Ball)

Vi gler oss over eit godt arbeidskjøkken, som har kontakt med verda der ute

og på bakgrunn av fargen her

så endte vi opp med å bestille dette her (frå BoConcept). Den er i alle fall heilt riktig til påske!

Etter mykje fram og  tilbake, flikking av bilder i photoshop og hake-kløing, bestilte vi nesten svart glasplate til kjøkkenveggen. Om det blir riktig får vi sjå til jul

Vi testar dampovnen

Feirar bursdagar  Ulovlig seint (for vi var jo i ein 4 månader lang flytteprosess)

og generelt nyt livet i huset

Det var eit lite bilderas, som jo ikkje  viser alt vi nå er eigar av. Vi har TV-stove nede, (der den gule sofaen skal), og vi har sjølvsagt soverom til både oss sjølve og ungane. Der er grovkjøkken og teknisk/vaskerom, gang, og garasje. Men det tek tid å komme på  plass, og enkelte av romma er dominert av stablar av øskjer, umonterte IKEA-skap, og leiker som ikkje har funne plassen sin. Vi stressar ikke. Vi putlar på, kjem i orden litt etter litt, og så tek vi ein kaffe med beina på  bordet!

Kva vi syns? Eg likar lister, så da lagar eg det:

Positivt så langt:
  • Vi har utsikt men lite innsyn. Vi ser skog og fjell, vatn og himmel, men også ein veg, slik at vi ikkje gløymer vi er del av sivilisasjonen!
  • All tida vi har brukt til å tenke kjøkkenorganisering har gitt full uttelling. Det hjalp veldig å ha ein flink arkitekt i utgangspunktet. Ikkje lett å kombinere stort kjøkken og det å få til kort avstand mellom viktige arbeidsoppgåver. Matpakkesmøring skjer ved enden av kjøkkenhalvøya – alt er i nær rekkevidde. Kutting av grønsaker og kjøt skjer i motsatt ende av øya – ved veggen, med eigen vask og eigen søppeldunk – og nært koketoppen. Oppvask foregår ved veggen, men stor kum som berre blir brukt til denslags. Baking innerst i hjørnet. Å organisere alt på plass, frå den minste måleskeia til den digre støypejernswokken har tatt mange, mange timar. Men det å sette i gang baking av havrekjeks er utruleg mykje lettare og lystbetont nå, enn når vi hadde eit trangare og meir komplisert kjøkken.
  • To omnar (ein vanlig, ein damp) er i bruk heile tida. Steik i den eine, grønsaker i den andre.  Pizza til oss i den eine, glutenfri i den andre. Angrar ikkje på at vi gjekk for to!
  • Grovkjøkken vee kjøkken er veldig praktisk. Her har vi den gamle vaskemaskinen, og kan hive inn oppvaskfiller og handkle frå badet oppe. Eigen kjøkkeninngang er ein av dei beste tinga ved huset. Her har katten maten sin, og her har han si eiga kattedør (som er verdt si vekt i gull).
  • Gjesterom like ved badet oppe, som også fungerer som eit ekstra opphaldsrom ved stova til dagleg, er smart (igjen, takk til arkitekten). Eg sit ofte i sofaen og jobbar fordi det litt meir dempa lyset her inne er best for skjermen.
  • Karnappet med heile utsikta i fanget er ein favorittplass.
  • Overlyset er nydelig
  • Utsikta frå golv til tak frå senga i soverommet er også nydelig! Kven treng gardiner da? (dog er plisse bestilt)
  • Smuleluke er og blir smart. Vi har tre stk – to på kjøkken og ei i grovkjøkken. Kost-kost,og borte er det.
  • Ungar kjem på besøk, og likar seg her!
  • Terrassen, som vi trudde var altfor stor, er heilt passe. Nå ventar vi berre på sommaren! Veldig glad vi valgte kompositt; det er behagelig å gå barfot på.
  • Vinterhagen er blitt eit flott rom som berre ventar på å bli tatt i bruk. Litt skjerming, og litt møblar, så er vi klare for  sol og lys i vinterhalvåret også! Og nokre tomater kanskje?
  • TV-kroken nede er absolutt ikkje for liten. Den er liten nok til å vere intim og «hule-aktig», men stor nok til oss alle (i alle fall når sofaen kjem).
  • Fornøgd med fargevala. Chi på veggar, Matrix (mørk grå)  på TV-vegg. Dører er litt for gule mot veggene, særlig ved gyllent lys. Men det er ikkje plagsomt. Også fornøgd med murpuss ute og farge på beis!
  • Fornøgd med golv og fliser, trass problema med parketten. Det skuldast ikkje produktet.

Det negative er såpass kort at eg treng ikkje lage liste. Det eg merkar mest er at ein må hugse å ta med seg telefonen over alt, for elles må ein jo springe for å rekke den når det ringer! Neste punkt må vere at det er bittelitt slitsomt å slepe seg opp ei trapp klokka 6 om morgonen for å sette på kaffe. Beina er så tuuunge. Og til sist – vi har litt akustikk igjen å få kontroll over. Lyden frå TV nede ber litt for godt opp i hovedetasjen oppe. Men dette vil betre seg når gardiner nede kjem på plass.