Archives for category: Tegning og tanke

Vi er tungt inne i val av fargar for tida. Eg blei litt overrumpla av det – tenkte det var lenge til vi måtte vite dette sikkert, men det viser seg at vindu skal bestillast og puss skal på før frosten kjem. Og det skal bestillast bord til ytterveggane i tre også.

Vi konsentrerte oss først om vindua. Tømraren har henta prisar frå Lyssand i Os. Dei har 8 standardfargar. Det kostar ekstra å ha ulik farge ute og inne – noko vi svært gjerne ønsker. Vindua skal vere kvite inne, men ute vil vi ha dei mørke grå. Lyssand har ein mellomgrå farge som ein av sine standard fargar, så det er mulig vi ender opp med dette, men ber om pris for å få velge ein enda mørkare. Eg tippar at det kostar meir enn det smakar, men vi får nå sjå. Mørke karmar på eksteriøret er veldig fint syns eg, sjå berre her under! Her er det også vist veldig fin solskjerming – noko vi også må vurdere. Elles når det gjeld vindua blir det lavenergi-vindu med uv-filter og sjølvrens. Dei kostar skjorta, og er nok ein av dei tinga vi har prioritert å bruka pengar på. Bilde under er frå Vossasol, leverandørar av solskjerming (og fint hus forresten).

Vel, neste spørsmål var muren under terrassen. Etter kvart har vi innsett at det vil vere trong for ein mur ved sida av huset, som støtte for vinterhage og terrasse. Heldigvis var det tatt høgde for det i budsjettet. Spørsmålet var då kva type stein vi ønskte – Vossastein som naboen har (ein stein med varm, litt mørk farge), eller kaldare stein frå Sogn og Fjordane? Lys brun, litt gulaktig stein frå Jondal, eller noko meir spraglete med kvarts frå Nordfjord? Ikkje visste eg at der var så mykje variasjon og fargar. Men det er godt å ha ein arkitekt som ein kan rådføre seg hos. I fellesskap kom vi fram til at noko som er ganske rolig i mønsteret, og som er nedtona og kjølig passar best. Så får vi sjå da, om uttrykket blir noko a la det ein ser under. Muren ser de under terrrassen.

Så kom muraren og spurde kva farge pussen skulle ha. Noko grått og varmt har alltid vore tanken. I fargekartet fann vi fram til noko som kan bli bra trur vi, men det er eit langt steg frå ein lapp på 3 cm. til eit hus på 200 kvm. I morgon har eg avtalt eit raskt møte med arkitekten og høyrer med henne kva ho trur kan bli best.

Og til sist var det fargen på treverket da. For sjølv om vi bygger murhus blir det litt detaljar i tre – ikkje ubetydelige detaljar heller. Heile utspringet i front skal ha beisa ståande panel. Eit lite karnapp i nord skal også ha tilsvarande uttrykk (tenk at vi skal ha karnapp!!), og så har vi jo heile garasjen. Noko varmt og brunt er tenkt. Noko gyllent. Eg elskar beisa hus frå 70-talet. Eg får ei god og lun stemning av det. Det er like før ein tar fram gitaren og tar ein trall. Vi søker i Jotun Trebitt sitt fargekart, og opplevde at fargane er svært, svært ulike det ein ser på ein skjerm. Det blir ein av dei i vifta under, men kva for ein er ikkje sikkert. Eg held ein knapp på den 3. nedste.

Takrenner måtet vi også velge farge på – her endte vi opp med grå. Det same valget endte vi opp med for aluminiumsvindua i vinterhagen.

Det er ikkje utan vidare lett å sitte og bestemme slike ting før vi ser konturane av huset, men eg trur og håpar det blir bra. Når det gjeld huset, så har dei byrja på 2. etasje. No er dei om lag midt på veggen, og vi ser vindusåpningane i 2. etasje tre fram. Dei har begynt å fylle inn til husveggane i nord, aust og vest, og snart startar muringa av muren under terrassen. No har dei ein liten pause på eitpar dagar. Eg unner dei å nyte denne vesle ekstra sommaren som har komme !

Eit slikt hyggelig møte!

Ja, her er koppane til arkitekt, assistent-arkitekt, murar, tømrar og prosjektkoordinator/entrepenør.

De ser vel at dette blei bra? Kaffien eg lagde likte dei også, og siste rest av konfekt frå turen til Berlin forsvann innimellom alle husteikningane. Det blei peika på, notert, gestikulert, ledd og vurdert. Av og til var det litt hoderysting også – dvs gjensidig, vi-er-så-enige-hoderysting.

For tenk, ja, vi har landa på kven som skal bygge. Vi føler oss trygge på at dette går bra, og etter møtet i dag er vi enda tryggare.

Det som skjer no er følgjande:

  1. Vi skaffar pengar – tenk – vi har berre ei oppgåve (om enn ganske stor)
  2. Diverse papir blir sendt frå murar/tømrar/entrepenør til arkitekt for søknad om igangsetting hos kommunen
  3. Snekkar justerer pris – fordi vi endrar litt storleik på eitpar vindu, nokre små justeringar i vinterhagen, vi ender opp med beisa gran på utstikka våre (i staden for Sibirsk lerk – takk og lov for det), og diverse anna småplukk, bl.a. dekket på terrassen (meir om det under)
  4. Med grunnlag i justert pris lagar vi kontrakt, og signerer, med forbehold om finansiering (sjå del A – øh, den hastar visst).
  5. Det blir nytt møte for å gå gjennom utrekning av massane og for å fryse prisen. Om ein trekker ting ut av prosjektet har ein då ein standard pris for å trekke frå (eller legge til) materiale o.a.

Når det gjeld pkt 1 er alt egentlig klart for innsending. Alle papir er fyllt ut, men vi treng å sjå over det heile. Eg har også snakka med Husbanken igjen, og hadde ein svært hyggelig samtale med ein saksbehandlar der. Det verka nesten som han gledde seg til søknaden kom. Håpet er at det blir avgjort raskt, og at vi ikkje må vente i 3 månader, slik som dei faktisk skremmer med. Eg vel å tru at dette er «worst case scenario», og at dei fleste søkander blir avgjort raskare…

Når det gjeld terrassedekket er vi litt i villreie. I anbudet står det sibirsk lerk eller kebony. Så har vi begynt å lure på golv i kompositt i staden – må vere fantastisk med eit golv som mest ikkje treng vedlikehald! Heller var også oppe til diskusjon, men DET blir temmelig kostbart og utgår glatt.

Men litt får vi ta som det kjem. Ro i sjela får eg ikkje før tilsagn om lån i Husbanken er avklart.

Forresten har vi også valgt elektriker og rørlegger. Dei berre veit det ikkje enda. Komplette, gode tilbud. Og sa eg at boreholet kom på plass like før påske? Brønnborerfirma dukka plutselig opp og laga eit borehol på 130 meter. Rekninga har vi ikkje fått enda, men den ligg vel på ein stad opp mot 60 000. Der går feriepengane!