Archives for category: Diverse

Trasketur til tomta ein fin vinterdag. Huset ligg på kanten midt i bildet.

Det har vore stillstand i ei veke. Vi ventar på taktekkar, og har har hatt ein del fram og tilbake med korleis vinterhagen best skal konstruerast. Arkitekt og murar har også blitt einige om korleis overgangen mellom mur  og tak skal bli.  På bildet over ser de vinterhagen til høgre på huskroppen. Det vi håpar å få til er limte vindu i hjørna og slanke stålstøtter for å halde taket oppe, slik at veggane blir mest mulig glas og minst mulig gods. Vi håpar det skal bli bra!

Vi har bestemt oss for malar. Og då har eg og begynt å tenke på fargar inne. Det er ganske overveldande å skal velge farge for eit heilt hus. Eg vil ha det så lyst som mulig, men ikkje kaldt. I helga har eg prøvd å finne ut av NCS-systemet, og kom eit godt stykke på veg hos Ifi. I går henta eg meg fargelappar. Eg sanka inn ein heil serie av kvitt iblanda svart, og starten av skalaen er vist på bildet under. Her er det ingenting med farge, og slik unngår ein heilt gulskjer på veggene. Men mitt problem da er at dette blir litt trist og kaldt trur eg…

Så da må ein kanskje vurdere fargar med noko gult og/eller rødt i.

Måten fargane er vist på bildet er på ingen måte slik dei ser ut eigentleg! Alt blir forvrengt gjennom telefon-kamera og ut på PC-skjerm, men eg tok nå bildet med for å illustrere valgmulighetene. For eg lider valgets kval, men ser at «Letthet» kan vere aktuell, det same gjeld «Refleksjon». Omtrent alle velger «Chi» for tida. Sjølv er eg redd den blir altfor kvit og kald. Særleg på fire meter høge vegger. Elles kan også heilt andre fargar vere aktuelle. I TV-stova nede er det absolutt aktuelt å male ein heilt mørk farge på veggen der TV skal henge. «Matrix» er kanskje ut frå namnet, ein aktuell farge? Mange velger tapet for tida – eg er ikkje der heilt enda – men det er ikkje uaktuelt. I så fall blir det ingenting barokk eller søtt, men heller noko geometrisk.

Elles har eg også snakka med både Kvik og Designa. At vi skal ha IKEA-kjøkken er allereie bestemt, men kvitevarer skal vi nok skaffe andre stader. At kvitevarer er dyrt har eg vore klar over lenge, men det er likevel litt demotiverande å ta fram kalkulatoren når ein skal plusse saman alt ein har lyst på. Toppmodell av alt kan eg nok berre utelukke! Så da må ein prioritere, og det ser ut for at vi kjøper nett den platetoppen vi vil ha, og så får vi heller vere meir nøktern på det andre. Vi ønsker oss denne frå Siemens:

Og grunnen er at eg SKAL ha induksjon, og eg SKAL ha plass til minst 5 gryter. Eg er over normalen interessert i å lage mat, og eg balanserer svært ofte fleire gryter enn normalt på komfyren sidan jentungen har matallergi. Kvik tilbyr denne noko lågare enn listeprisen, men det er meir enn dyrt nok likevel…

Det er på tide å bestille trappa snart, for den skal også produserast. Og så må vi vel gjere eit valg av golv om ikkje så lenge. Det kan sjå ut til at det blir bestilt frå England, men det er ikkje bestemt endeleg enda.

No håpar vi på at det blir meir aktivitet på huset i veka som kjem!

Vi er tungt inne i val av fargar for tida. Eg blei litt overrumpla av det – tenkte det var lenge til vi måtte vite dette sikkert, men det viser seg at vindu skal bestillast og puss skal på før frosten kjem. Og det skal bestillast bord til ytterveggane i tre også.

Vi konsentrerte oss først om vindua. Tømraren har henta prisar frå Lyssand i Os. Dei har 8 standardfargar. Det kostar ekstra å ha ulik farge ute og inne – noko vi svært gjerne ønsker. Vindua skal vere kvite inne, men ute vil vi ha dei mørke grå. Lyssand har ein mellomgrå farge som ein av sine standard fargar, så det er mulig vi ender opp med dette, men ber om pris for å få velge ein enda mørkare. Eg tippar at det kostar meir enn det smakar, men vi får nå sjå. Mørke karmar på eksteriøret er veldig fint syns eg, sjå berre her under! Her er det også vist veldig fin solskjerming – noko vi også må vurdere. Elles når det gjeld vindua blir det lavenergi-vindu med uv-filter og sjølvrens. Dei kostar skjorta, og er nok ein av dei tinga vi har prioritert å bruka pengar på. Bilde under er frå Vossasol, leverandørar av solskjerming (og fint hus forresten).

Vel, neste spørsmål var muren under terrassen. Etter kvart har vi innsett at det vil vere trong for ein mur ved sida av huset, som støtte for vinterhage og terrasse. Heldigvis var det tatt høgde for det i budsjettet. Spørsmålet var då kva type stein vi ønskte – Vossastein som naboen har (ein stein med varm, litt mørk farge), eller kaldare stein frå Sogn og Fjordane? Lys brun, litt gulaktig stein frå Jondal, eller noko meir spraglete med kvarts frå Nordfjord? Ikkje visste eg at der var så mykje variasjon og fargar. Men det er godt å ha ein arkitekt som ein kan rådføre seg hos. I fellesskap kom vi fram til at noko som er ganske rolig i mønsteret, og som er nedtona og kjølig passar best. Så får vi sjå da, om uttrykket blir noko a la det ein ser under. Muren ser de under terrrassen.

Så kom muraren og spurde kva farge pussen skulle ha. Noko grått og varmt har alltid vore tanken. I fargekartet fann vi fram til noko som kan bli bra trur vi, men det er eit langt steg frå ein lapp på 3 cm. til eit hus på 200 kvm. I morgon har eg avtalt eit raskt møte med arkitekten og høyrer med henne kva ho trur kan bli best.

Og til sist var det fargen på treverket da. For sjølv om vi bygger murhus blir det litt detaljar i tre – ikkje ubetydelige detaljar heller. Heile utspringet i front skal ha beisa ståande panel. Eit lite karnapp i nord skal også ha tilsvarande uttrykk (tenk at vi skal ha karnapp!!), og så har vi jo heile garasjen. Noko varmt og brunt er tenkt. Noko gyllent. Eg elskar beisa hus frå 70-talet. Eg får ei god og lun stemning av det. Det er like før ein tar fram gitaren og tar ein trall. Vi søker i Jotun Trebitt sitt fargekart, og opplevde at fargane er svært, svært ulike det ein ser på ein skjerm. Det blir ein av dei i vifta under, men kva for ein er ikkje sikkert. Eg held ein knapp på den 3. nedste.

Takrenner måtet vi også velge farge på – her endte vi opp med grå. Det same valget endte vi opp med for aluminiumsvindua i vinterhagen.

Det er ikkje utan vidare lett å sitte og bestemme slike ting før vi ser konturane av huset, men eg trur og håpar det blir bra. Når det gjeld huset, så har dei byrja på 2. etasje. No er dei om lag midt på veggen, og vi ser vindusåpningane i 2. etasje tre fram. Dei har begynt å fylle inn til husveggane i nord, aust og vest, og snart startar muringa av muren under terrassen. No har dei ein liten pause på eitpar dagar. Eg unner dei å nyte denne vesle ekstra sommaren som har komme !

«Kaboodle?» sa Åpent hus i ein kommentar. Og eg skal forklare, for Kaboodle har eg brukt i nokre år. Nettstaden har vore til stor hjelp i planlegginga av hus, men også generelt planlegging av Familien AS. Ungar skal ha sko og regntøy, far skal ha bursdagspresang, vi treng å finne ut kor vi finn delar til Kenwood’en, og mor hentar inspirasjon til husprosjektet. Bildet under er fra mine «pins» i Pinterest.

Folk flest brukar bokmerker i sin nettlesar til å ta vare på sine «funn». Raskt oppdagar ein at ein må organisere bokmerka sine, for det blir så mange av dei. Og ikkje lenge etterpå har ein uansett mista oversikten. Andre lastar i staden ned bilda til harddisk, for å f.eks lage eit inspirerande galleri til sitt planlagte bad. For visuelt orienterte menneske er dette ofte ein fordel, men aberet er at du har mista linken til plassen du fann bildet på. Og så ville du gjerne ha visst litt meir, eller du kunne kanskje til og med tenke deg og kjøpe produktet, og vil gjerne tilbake til nettstaden der du fann bildet i utgangspunktet. Desse metodane har altså sine ulemper.

Det er her nettsider som Kaboodle og det nokså nye Pinterest kjem inn. Dette er dei to sidene eg kjenner litt til, men der finst feire andre også. Begge to er gratis å bruke (Pinterest er i ein beta-versjon og du må søke om konto).  Dei kjem inn i kategorien «social shopping» på nett, men er meir enn for den som er shoppegal. Fordelane med slike organisatorar er:

  • Du samlar dine bokmerker på nett, og kan nå dei uansett kva maskin du brukar. Du når dei ved å gå inn på din konto hos Kaboodle eller Pinterest sine nettsider.
  • Du legg til nye produkt ved å installere ein knapp på menylinja di (godt forklart i hjelpefunksjonen), som gjer at når du ser noko du likar trykker du på knappen, og får opp eit lite vindu på skjermen. Her vel du kva du vil ta vare på, lagarar, og  havnar tilbake til sida du var på i utgangspunktet. Svært enkelt med andre ord. Det er også mulig å lagre ting utan denne knappen.
  • Kaboodle og Pinterest fungerer visuelt. Dine funn ligg der med bilde, som linkar deg vidare til nettsida der du gjorde funnet. Det er inspirerande å gå tilbake til sine funn og ta ein kikk (i motsetning til ei liste med bokmerker). Sjølv om produktet blir fjerna frå nettsida du gjorde funnet på, vil bilde og noko tekst ligge igjen på di side, slik at du eventuelt kan google deg fram til alternative sider som har produktet.
  • Treffa dine kan organiserast i grupper, slik at du kan opprette ein kategori for interiør, ein for barnetøy, ein for matoppskrifter, ein for sko, ein for powertools, etc etc. Kva du enn måtte vere interessert i. Du skriv ein kort setning til kvart treff, f.eks «perfekt til mormor til jul», eller «vil ha sånn farge på veggen», eller «ønsker meg denne!». Setningen er synlig saman med bildet.
  • Det er sosialt, særleg er det merkbart med Pinterest. Du kan følge med på kva andre finn spennande på nettet, og svært ofte er det nyttig for deg sjølv også.
  • Det er rett og slett praktisk og intuitivt, hjelper deg å halde oversikt, og minkar sjangsen for bomkjøp.
  • Og så er det suverent å ta vare på alle dine oppskriftsfunn – med bilde!

Eg kjenner som sagt til to system: Kaboodle og Pinterest. Kaboodle har eg brukt i fleire år, Pinterest tok eg i bruk for nokre veker sidan. Der er fordeler og ulemper med begge to.

Kaboodle
+ Velprøvd
+ Ein kan tagge bilda under kvar kategori, slik at ein t.d. kan få opp kun «lampar» under kategori «interiør»
+ Ein kan skjule kategoriar for alle andre, praktisk for kategorien «julegåver 2011», i den grad din familie er på Kaboodle.
 
– VELDIG irriterande pop-up reklame!!!
– Ikkje fullt så lekkert-smekkert som Pinterest. Er rett og slett litt meir traktor
– Finst ikkje som app for Iphone / Ipad.
 
Under er mine «lists» i Kaboodle, og dei med hengelås er kun synlig for meg.
 
Pinterest
+ Lekker layout, inspirerande
+ Meir intuitivt enn Kaboodle (syns eg da)
+ Gode hjelpesider
+ Finst som app for Iphone, og knapp for lagring kan også installerast på Iphone / Ipad! Suverent!
+ Du kan også lagre dine eigne foto, f.eks om du ser noko inspirerande når du går tur.
+ Enn så lenge reklamefri, men reknar med at det kan endre seg.  
 
– Ein må be om å bli medlem, eller bli invitert. Behandling av søknad tar eit par dagar, men er verdt ventinga!
– Du kan ikkje skjule kategoriar. Alle dine treff er åpne for alle  å sjå
– Det verkar som at du må vere medlem at ei samfunn på nett for å få konto, f.eks Facebook. Denne må du oppgi, men du kan slå av funksjonen at dine nye pins i Pinterest havnar på din Facebook-profil.
 
Og slik ser litt av mine oppslagstavler («boards») i Pinterest ut:
 

Og slik ser det ut når eg viser eit utdrag av  mine «pins» i Pinterest (klikk for større bilde). Sidan ein del engelskspråklege venner følger med på mine funn, skriv eg her på engelsk:

Pinterest verkar hakket meir sosialt enn Kaboodle, med sine fordeler og ulemper det har. Pinterest er, etter mi meining, lettare å sette seg inn i og eg elskar at eg kan følge med via Iphone / Ipad (ingen eigen app for Ipad enda, men håpar det kjem). For folk som vil prøve, så er det berre å kaste seg ut i det og teste ut begge to. Da finn ein ut kva ein likar best!

Her er ein video om korleis  Pinterest fungerer:

Og her er tilsvarande for Kaboodle

Inspirert av Alt Godt, som gjer eit lite dypdykk i blog-arkivet av og til, har eg kikka litt på kva søkeord folk har brukt for å besøke denne bloggen. Det kan vere ganske underholdande og tankevekkande av og til. Her er eit knippe frå den siste månaden: Først ute er «kartell rosa lampe«. Eg trur ikkje vedkommande fann det han leita etter hos meg, men eg HAR vurdert rosa kartell-lampe til jentebarnet i hus. Eg er litt glad i rosa sjøl også, om eg må få lov å innrømme det, men da må det brukast i svært små mengder. Bilde under frå Casanova furniture. Nokon har vore på jakt etter «bygge hus slow motion«. Det er vi svært gode på, så der trur eg at vedkommande fann litt info hos oss! Litt stolt av den! Egentlig kan eg tilrå å ta seg litt tid når det gjeld husbygging, i alle fall i planleggingsfasen. Det har vore nyttig å tenke grundig gjennom (trur vi da), men ein må tåle å heile tida bli spurt om når vi skal flytte inn. Eg må få rose familiane våre som faktisk har vist stort tolmod i desse åra. Dei har rett og slett slått seg til tåls med at vi gjer ting på den seine måten. «Epoxy« har nokon søkt på. Og nei, vi veit framleis ikkje kva vi gjer. Vi veit berre at har veldig lite lyst på flis på golv (ok på vegg). Epoxy kostar over 850,- per kvm, men da inkluderer det arbeidet også. Likevel – vi veit ikkje. Det er ikkje godkjent i våtromsnormen (sist eg sjekka), og det verkar ikkje som om nokon gidd å bry seg ved det. Å få det godkjent kostar store gebyr for dei som driv med epoxygolv, og dei har vel ikkje prioritert det. Så vi tenker vidare. Innimellom. Så er det nokon som er interessert i «terrassegolv kompositt«. Ja det skal vi ha, og er glad for det! Vi kunne spart pengar på vanlig materiale, men eg må seie at eg gler meg til eit golv utan flis og som ikkje treng vedlikehald. Latskap? Kanskje. Bildet under er henta frå Terrassekongen, ein av fleire leverandørar av komposittmateriale. Kva vedkommande som søkte etter «hvordan bygge ein rullestol» egentlig var ute etter veit eg ikkje, men eg trur ikkje der var mykje å hente i denne bloggen. Det lettaste er nok å bestille seg ein ferdig ein. Men apropos rullestol, så vurderer eg faktisk å sette opp eit rullestolskilt på badet oppe. For her er det jo eit bad som ein rullestolbrukar kan bruke. Eg bestiller gjerne frå Mooza Designs. Nokon har søkt på «stilig grovkjøkken«, og eg får håpe dei fann inspirasjon her! Vårt blir nok mindre enn det vi kunne ha ønska oss, men det får vi leve med. Det skal nok bli bra. Det viktigaste er ein god vask, god benkeflate og plass til eit ekstra kjøleskap (det vi brukar nå som er frittståande). Så må vi ha litt plass til sko og jakker, då dette blir grovinngangen. Opplegg for vaskemaskin må vi også ha her, for å tilfredsstille krav til universell utforming. Kanskje vi faktisk skaffar oss ein vaskemaskin her, sidan vi nå først har opplegget? Kunne vore praktisk med ein vaskemaskin nær kjøkenet til filler og klutar, samt skittent regntøy. Hm… Fleire enn meg vurderer å foreta ein «import av parkett fra england«. Her er det mykje å spare, og svært mange har gode erfaringar med å bestille frå 1926 Trading. Det blir Kährs, einstavs ask eller eik. Trur eg. «Vil fastrenten i husbanken falle 2011» lurer nokon på. Det skulle eg også gjerne ha visst! Eg håpar det! Og kva vedkommande som søkte etter «knorr fløtesaus» brukte min blog til veit eg jammen ikkje…. Eg har ein sjelefrende der ute: «wallstickers nynorsk» har nokon leita etter. Eg trur ikkje at slikt er på marknaden, men ein kan laga sitt eige hos Wallwords eller hos norske Happylines. Det skal eg, og eg veit også kva strofer eg skal bruke, men det er hemmeleg! Elles kan eg spare meg for engelske ord på mine veggar, men noko pynt kan eg like, slik som desse (bilda er link til nettsida): Men med denne siste her er det noko galt. Alt tyder på at bildet er redigert – eg antar at klistermerka ikkje ligg ut over kanten på skuffene. Fine stickers er det likevel.