Nei, foreløbig ikkje hos meg, men ein av dei beste interiørbloggane i dette vakre landet er Åpent Hus, som har ei fin utfordring gåande med fine permiar 🙂 Eg er innom nestne i samme sekund som eg får beskjed i lesaren at her er det komme ei oppdatering. Hos Åpent Hus finn eg alltid informasjon og inspirasjon! Og så så god smak denne dama har da! 🙂
Utfordringa er at ein skal vise fram noko ein eig som har stor immateriell verdi.
Eg veit godt kva eg skal velge. Det er dei fire dessertskålene eg fått overta etter foreldra mine. Dei fekk dei til bryllupet i 1958, og dei må da vere nokså tidstypiske! Så fine! Eg elskar dei litt sursøte fargane. Inni er dei glatte, men utanpå er glaset ruglete. Og grunnen til at eg likar dei? Det er fordi dei har tilhøyrt foreldra mine ein gong dei var pur unge og hadde eit liv saman framfor seg. Eit godt liv viste det seg 🙂 Og så likar eg dei fordi dei representerer sin tidsepoke så fint – eg likar godt retro ting av denne typen. Og ja, eg likar dei også fordi eg hugsar dei frå barndommen. Dei har aldri vore i bruk så vidt eg kan hugse, men eg fekk lov å sjå på dei av og til. Eg var fortapt i dei allereie som barn.
Det var mitt bidrag! Eg sender utfordringa vidare til to andre som eg er ivrig lesar av: Briggs lekehus og Den gode feen.