Eg startar denne posten med eit bilete av ungane sine føter. Dei viser nokre minutt med kvardagslykke (før dei gjenopptok kranglinga)
Vi har vore ein del på farten denne sommaren. Ved mellomlanding på Gatwick kjøpte eg magasinet Grand Designs, som naturleg nok er knytt til TV-programmet Grand Designs på Channel 4 i Storbritannia. Ein god del spennande å lese her, og mykje reklame for britiske leverandørar av byggevarer. Sidan byggevarer ikkje er momsbelagt, så kan ein kanskje gjere gode kjøp på andre sida av norskerenna? Uansett, ein artikkel av Maureen Rice var tankevekkande, og sette ord på litt av dei tankane i alle fall eg har gjort meg ute i blogglandia (interiørbloggar først og fremst). Har også diskutert litt med Torill på Blomster og Bier 🙂 Her kjem eit kort samandrag, omsett til riktig norsk:
Å blande saman dine husdraumar med di kjensle av sjølvverdi er den sikraste måten til å bruke for mykje pengar. Å akseptere at husprosjektet har ei budsjettgrense kan underleg nok vere frigjerande. Å planlegge og skape sin nye heim har mindre å gjere med praktiske behov enn behovet for å tilfredstille emosjonelle og kulturelt betinga ønsker. Dette kan vere ubevisst, og vere del av det psykologar kallar «konseptuelt forbruk»; ideen om at vi vi kjøper ikkje berre TING, men ein LIVSSTIL. Dette er hovedgrunnen til at folk finn det så vanskeleg å halde seg innafor rammene til husbudsjetta sine. Det er lett å bruke for mykje, for vi tenker ikkje på husprosjektet som like ødslande og ufornuftig som pengar brukt på sko, kle, mat og reiser. Å bruke for mykje pengar på hus handlar om vår draum om det perfekte huset og det perfekte livet. Dersom du klarer å sjå på husprosjektet ditt med realistisk blikk, vil du bruke mindre, elske huset meir, og møte dine emosjonelle behov på ein annan måte enn gjennom ting.
Summa summarum i artikkelen: «Overspending is driven by emotional triggers. Understand yours and you’re halfway to saving yourself a small fortune»
Eg har ein 5-åring som av og til spør kvifor vi skal bygge hus. Kva skal vi med det da? Vi bur jo i eit hus? Her er det jo fint og flott, og han har ei eiga lita seng å sove i. Jentungen på snart 7 er enig, sjølv om ho forsåvidt gler seg til eige rom (i rosa, lilla, lyseblått og rødt). Dei bryr seg absolutt ingenting om fargen på gardiner og møbler, om salongbordet er avleggs, eller om der er fliser eller vinyl på badet. Eg er klar over at dette vil endre seg etter som dei vert eldre, og gradvis vert innlemma i vår voksenverd med forventingar om korleis ting skal vere. Alt vi omgjev oss med, vår materielle kultur, er i bunn og grunn signal og symbol til omverda om korleis vi oppfattar oss, kva vi står for, korleis vi lever liva våre, og ikkje minst, kor lykkelege vi er og kor velfungerande vår familie er.
Mogeleg går eg for langt no? Dette er likevel tankar eg gjer meg når eg vandrar rundt i blogglandia og ser at alle kjøper den same stolen (Eames og Tolix blant anna (trur eg det heiter), alle har plakatar om å halde seg «calm» på veggen, og ingen veit vel heilt kor mange fine, gamle klenodier som for alltid er blitt øydelagde av å blir malt og/eller pussa ned. Før skulle alt lutast. Nå skal alt malast. Eg er på ingen måte imot å male gamle møblar, men eg får vondt i meg når det er gjort utan tanke på kva møbel dei går laus på.
Eg er også ein materialist, og har klare tankar om kva eg vil ha. Eg ønskjer meg også den perfekte heimen med dei perfekte møblane, og eit hus som utstråler ro, harmoni og lykke. Eg trur vel også at livet i nyhuset vil bli enkelt og problemfritt. På min nye terrasse er det sjølvsagt alltid sol, og glade barn skal springe berrføtt over terrasseborda (I Kebony eller Sibirsk lerk?). Men det anar meg at livet vil i grunn halde fram som før på sin humpete veg. Også dei flise-fine golva blir møkkete. Alt dette tenker eg på nå når vi får avdekka kva huset skal koste. Og korleis vi velger å FRAMSTILLE oss, er noko eg tenker på når eg les interiørbloggar for tida.
Noko å ta med seg i budsjettidene som følger.