Fredag kveld tok vi fatt – ein heil stabel av øskjer frå IKEA og Norema skulle opnast og puslast saman. I ettermiddag blei dei siste skroga satt saman, totalt 28 skrog.
Vi har fire høgskap (Norema), 18 benkeskap og 6 overskap. Så godt som alle skap er 60 brei – vi ville ikkje ha breiare. Nokre er 40 breie. Og nokre skap i øya er 30 djupe for å gi plass til elektrisk søyle midt i øya. Tre skap var for vask (skal ha to vaskar på kjøkenet), og to skap var for platetopp (har 90 brei topp). Alt dette blei eit lite puslespel av kodar og etikettar, men vi fann da ut av det. Og nå er alle skrog klare til snekkeren som skal få dette festa og satt saman. Når det er gjort har vi ny jobb med å få innmat og dører/skuffer på plass.
Det gjekk nokre timar med montering. Men ein er godt hjulpen av ein liten elektrisk skrutrekjar, iskaffe og musikk frå telefonen. Og mat må ein jo ha – første måltid i huset var ikkje spesielt kulinarisk, men det metta i alle fall
Slik ser det ut no. Dette blir i alle fall stort nok (som bestilt), og eg gler meg til å lage mat her! To heile benkeskap til kjeldesortering skal bli bra – gler meg til å bli kvitt stablane av tomme melkekartongar på kjøkenbenken. Ser også at kjøkenventilator løyste seg greit, den kjem der det på bildet heng ei renneløkke – til skrekk og gru?
Da har vi «berre» dette igjen. Og dette er berre den eine haugen av innmat som står på vent..
Status per i dag: parkett er lagt i heile hovedetasje, og på to soverom nede. Dører er komne på plass i hovedetasje. Flis er lagt på alle golv, unntatt bad. Det er ikkje fuga enda. Det er ikkje lista heller. Men det går da veien dette?
Så flinke dere har vært Kjersti 🙂 Det blir en spennende uke for dere da med oppsetting av kjøkken 🙂
Spennende!! 🙂
Gleder meg til å se det ferdige resultatet 😉
Åh…så kjekt å sjå. No er det ikkje lenge att. Det var dette vi brukte romjula til…
oppdatering! klør etter å sjå fleire bilete:)