Archives for category: Grunnarbeid

På tide med ei oppdatering. Det har skjedd ein del sidan sist – først og fremst har alt av panel blitt satt på, og vi likar fargen! Garasjen er blitt varmbrun og fin, og gløda mot oss i vintersola i dag. Elles har arbeidet heilt klart blitt forsinka av det dårlege veret som har vore i haust. Kombiner dette med litt anna smårusk, så ligg vi etter eitpar-tre veker i progresjonen. Først og fremst tok det lenger tid enn tenkt å få opp natursteinsmuren. Det gjorde at golvet for vinterhagen ikkje har blitt støypt før no, og at bygging av dette rommet ikkje har komme i gang. Dette gjer også at tak ikkje er blitt  lagt på hus og garasje, for dette gjer ein først når alle bygg er komne opp.

Men nå er fundamentet for vinterhagen støypt! Den blir ikkje liten heller syns vi – ein veldig bra plass å sitte og nyte utsikta. Døra til høgre er inn til kjøkenet og arbeidsfeltet mellom to kjøkkenbenkar. Her blir det nok ein del aktivitet ut og inn om sommaren for å hente urter i kassen eg planlegg på terrassen. Skyvedøra til venstre er ved spisebordet, også inne på kjøkenet. Døra er 250 høg, og måtte leverast på nytt, for ho kom først i 240 høgde. Men det ordna seg 🙂 I vinterhagen kjem skyvedør mot fotografen og også ei dør ut mot venstre bildekant. Elles blir her vindu med aluminiumsomramming. Grå altså, som takrennene. Utanfor vinterhagen (mot kamera på bildet under), kjem terrassen. Den skal vere i komposittmateriale, og det aller beste er at det skal vere ein plassbygd plantekasse i den til urter og kjøkkenhage. Ja takk! Eg gler meg.

Og så er hoveddelen av natursteinsmuren under vinterhagen ferdig. Vi er godt fornøgd med den – hadde nokre rundar på kva type stein vi skulle velge, men endte opp med denne grå som eg trur vil kle huset bra. Nå skal muren endrast litt på for å støtte opp under terassen som havnar litt  i «lause lufta» i høgre bildekant. Det vil gi oss litt skjerming frå sør, og blir ein fin liten uteplass på nedre plan av tomta, utanfor soverom og TV-stove.

Vindu er satt i i heile hovedetasjen. Som nevnt over er alt panel montert. Austfasaden har fått takrenner. No blir innsatsen lagt i vinterhagen, slik at ein kan få starta opp med taket, og deretter tørking av bygget. Det er ikkje få liter vatn som har stått i underetasjen…. For å få vinterhagen på plass må vindu bestillast. Tanken er å få så smale omrammingar rundt vindua som mulig, og at dei skal stå tett i tett. Meininga var å få satt inn «hubs» eller «hubbar» mellom vindua for å gje støtte til taket (som er tett, ikkje av glas). Det viser seg vanskeleg å få dei tynne nok og sterke no (vi har greid å presse det ned til 5 cm. men syns det er for mykje). Kanskje må vi tilbake til tynne søyler langs veggane (5 stk) på enkelte støttepunkt for å bere taket oppe. Eg vil heller det enn å auke godset mellom vindua i vinterhagen. Vidare skal det påmonterast metallplater rundt takvindua i mønet, og rundt vindua i treutspringa. Nokre foringar skal også få plater på seg – fargen blir mørk koksgrå, og eg trur det kan bli bra. Andre ting som har vore diskutert er terrassen. Vi lurte ei stund på å heve terassen 12 cm for å viske ut høgdeforskjellen mellom vinterhage og terrasse, men slo  det frå oss. Kan vere praktisk med ein liten kant ned, særleg sidan dette er mot sørvest og vatn kan drive mot vindu og dører.  Og sånn går no dagane med diverse spørsmål. Sjølv med eit hus som er teikna og gjennomdrøfta, dukkar det opp ting undervegs. Enn så lenge fell det meste på plass etter ein liten tenkepause. Er glad vi har folk med oss som faktisk spør, og ikkje berre gjer eit val for oss utan å fortelle!

Advertisements

Det er nesten ikkje til å tru. Og før eg går vidare kan eg like gjerne innrømme det; den første byggetida er ikkje prega av estetikk. Så eg startar derfor med eit bilete av ein blom (er det georgine?), til kr. 99,- kjøpt på Plantasjen. Den var vel på salg fordi sommaren er over. Men altså først litt estetikk:

Og så over til meir grovarbeid. Nå skal eg ikkje påstå at grunnarbeid og arbeid med såle er heilt utan finesse. Eg har jobba med gravemaskiner i mange år, og blei tidleg imponert og facinert over presisjonen og .. tja.. til dels elegansen ein gravemaskin i sving kan oppvise. Det er likevel ikkje derfor eg har tatt bilda under.

Her er frå tomta 2. august, dvs. for om lag to veke sidan. Ned mot høgre bildekant ser de toppen av boreholet for energibrønnen. Dei svarte røyra med raud topp er taknedløp. Og alt det andre er Mor Norge i grå drakt. Vi trippa stort sett rundt i bygda og kastar lange blikk oppover mot tomta. Kva skjer?

Og så ein laurdag vart det snekra forskaling, og veka som fulgte var det lagt røyr. O lykke!

Travle menn på jobb. Telefonane ringer konstant! Vel klagar folk på handverkarar som aldri kjem, men eg har ikkje inntrykk av at dei ligg på latsida heller. I alle fall ikkje dei eg har vore ute for.

Det rare er at no som sålen er støypt (sjå under), er eg underlig glad eg tok desse bilda, mest av alt fordi prosessen er litt morsom å følge med på. Aldri skal eg sjå desse røyr igjen (får vi tru), men eg har bilde av dei. Bunnledning heiter det visst.  Stakkars gutungen sitt rom har mange vassrøyr under sålen. Er det bra for helsa skal tru? Har høyrt at nokon snakkar om vassårer som skapar problem… Vi trur at det skal gå bra likevel.

Og så, i går da! Da var alt dekka til med grus. Vi tok ein tur på kvelden og kunne glede oss over synet av at alle slukar ser ut til å vere på plass, og der ser ut til at vi får vatn i dusjen. Utmerket!

Og med litt hjelp ser vi strukturen i underetasjen. Strekane her er svært omtrentlege – vil presisere at det vil faktisk vere plass til dobbeltseng på foreldresoverommet.  

Og i dag vart det støypt! Mannen kunne rapportere frå joggerunden sin at han såg sementbilar på plass. Etter jobb kjøyrde eg opp og tok bilde av herligheten. Dette må da vere den finaste plata de har sett folkens? Så fin atte! Over her kjem der isolasjon – og så ein del andre greier som eg absolutt ikkje har oversikt over – men der kjem i alle fall radonduk og eit lag til med støyp med røyr for vassbåren varme.

Det  har gått ca. 4 år sidan vi kjøpte tomta. Derfor er det nokså uverkeleg at noko faktisk skjer. Det er nesten så ein ikkje er mentalt førebudd på det. Er ikkje vi dei evige planleggarane da? Og at ting skjer fort forstår eg – Vestnorsk Brunnboring ringde i dag og lurte på om dette var ein fin dag å komme og montere kollektorslangen. Det var det i grunn ikkje, så dei blei bedt om å komme ein seinare dag. Heldigvis ingen problem. Røyrleggar har trekt røyr frå energibrønnen til teknisk, og elles lagt på plass alt som dei skal gjere no i starten (bunnledning). Eg har hatt møte med firmaet også og gått gjennom teikningane for å sjå om noko er utegløymt. Vi fekk ein utekran markert på teikningane, og handkletørkaren på vegg nede (kobla til vassboren varme) vart teikna inn. Røyrleggar sitt utstyr tar eine heile langvegen i teknisk, så elektrikar vart forvist til kortveggen. Det bør nok gå bra – skapet krev ikkje store plassen, og montør kom fredag og la det elektriske på plass (kvite røyr lengst ute til høgre i bildet). Så dobbeltsjekka vi at telefon / kabel og slike ting var trekt inn, samt eit tomt røyr for eventuelle eventualitetar i framtida. Kven veit, kanskje vi i framtida kan få kaffe via kabel?

Vi er glade, spente, nervøse. Dvs. min mann tar det heile med stoisk ro, og er fornøgd så lenge han veit at der blir nettverk i hus, og han får plass til diskane sine. Samt at vassbåren varme er i boks.

No driv eg og skriv mentale lister. Hugs å:

  • ha møte med elektrikar og få med mannen denne gongen – vi treng ein gjennomgang av heile opplegget
  • søke Enova om støtte til varmepumpe
  • sjekke papira frå Husbanken – var det noko vi måtte sende inn??
  • purre på pris på ventilasjon. Eventuelt kontakte fleire firma (håpar verkeleg at ledig plass på teknisk er nok til aggregatet)
  • ta opp igjen jakta på trapp – og bestille. Den tar sikkert tid å lage, og trapp må vi ha!
  • gi tilbakemeldingar til malerane vi har fått tilbud frå. Og bestemme kven som får oppdraget
  • ordne byggestraum (snille naboar har hjulpe oss så langt)
  • høyre med rørleggar om dusjkar er ein mulighet – som alternativ til dusjing på flis. Må sikkert bestemmast snart før golvet vert bygd vidare
  • ta ei avgjer om vi skal ha flis, belegg eller epoxy. Er heilt i villrede no.
  • pust ut, gå på jobb og hald orden i heimen. Vi lever nå også

Tomta blei grundig synfart i dag. Vi er litt himmelfalne over kor stor plass det ser ut til å bli. Vi tenkte at hage, det kunne vi trygt droppe. Nå ser vi at problemstillinga plen dukkar opp. Vi skulle jo ikkje ha plen?

Kombinert med synfaring fekk vi ein veldig hyggelig brunsj hos naboen. Dei verkar også å vere glad for ein smule framgang i vårt prosjekt 😀 No håpar vi å få huset i boks også.

Under følger nokre bilde frå i dag, både med og utan mine teikningar på.

Her er jo eit hav av plass!! Bak gravemaskina held tomta fram fleire meter. Raude linjer markerer huset. Grabben ligg i eit område som må fyllast opp: her kjem terrassen (sørsida av huset). Bildet er tatt mot sør-sørvest.

Konstanterer fornøgd at høgdeforskjell mellom veg til garasjen og vegen ovanfor er liten. Vel må vi brøyte, men bratt er det ikkje. Bildet er tatt mot sør. Vi grensar mot eit smalt fellesområde.

Sånn sirka sånn, sirka?

Bilde tatt mot nord-nordaust, og nærmaste nabo. Bilen vår står i vår nedkjørsel. Inngang til huset blir oppe.

Vindauge må vi ha. Det oppe er framskutt, dvs. i ein boks ut av huset. Og kanskje litt grønt og sånn i hagen.. Men må vi ha plen?

Av yrke er jord og stein nokså spennande for meg, men eg kjem likevel til kort når det gjeld å finne bilde av noko fint å legge i bloggen. Eg startar derfor med 7-åringen sin nokså geniale plan for sitt soverom. Eg sa ho kunne skrive ned korleis ho syns rommet skulle vere, og ho kom tilbake med dette. Det er berre å gå på jakt etter tapet ser eg, eller kanskje vi rett og slett må male blomster-bomber på veggen 🙂

Noko av det begge ungane gler seg mest til er å få dører frå sitt rom rett ut i hagen. Det kan nok bli praktisk om sommaren, men kanske meir uheldig når dei blir tenåringar.

Men nå skal eg gå bort frå draumane og over på det meir jordnære bokstavlig talt.

Eg har sjølvsagt gått over tomta og glodd i bakken. Der var ingen funn etter folk før oss. Nå var eg kanskje litt seint ute med mi synfaring, så det kan jo hende at her har vore eit og anna åkerlag. Loftås har nok vore ein fin stad som slåttemark og beiteområde langt tilbake i tid. Kanskje kan ein ha dyrka her også. Sjølve garden har nok lagt der gardstunet ligg i dag – og det er lenger inne i området. Det er ingenting igjen av dei fine bakkane som var her før (og eg rakk så vidt å få sett dei). Litt leit, men nå er det nå sånn at folk må jo bu ein stad også.

Bildet under er vel to veker gammalt når her var så kaldt. Dette dyret med lysande auge var i sving kvar morgon når vi kjørte forbi. Entrepenøren har jobba hardt, og der har visst vore aktivitet frå 7 til 19. Vegen nedafor tomta er ein gang- og sykkelsti – tilkomst er i vegen ovanfor.

Og her er meir frå sjølve tomta. Eit bilde som er ei veke gammalt, og ein ser at dei har så vidt gått i gang med plastringa i nedkant av tomta.

 

Denne plastringa er nå blitt høgare, sånn ca. på min smerteterskel for kva eg syns er ok. Men den skal visst bli betre – dekka med jord, og grøn. Litt bratt for bruk er eg redd, men vi får no sjå kva vi kan få til.

Vi måtte pluteselig skaffe ein rørleggar. Sidan vi ikkje er fornuftige nok til å velge eit typehus, har vi sjølvsagt ingenting i boks før grunnarbeid startar. Så rørleggar hadde vi ikkje, når avløp og drens burde leggast ned. Heldigvis ordna deg seg med litt smidighet frå kommunen. Entrepenøren kunne ordne dette for oss, så nå ser eg at røyra er lagt, og det kan planerast ferdig i morgon.

Og når det gjeld huset ventar vi framleis. Da har vi gitt opp på alle vi har kontakta så langt, men vi heng ikkje med hovudet av den grunn.  Entrepenør for grunnarbeid er interessert å gi pris på heile huset. Og plutselig blei det vist interesser frå eit anna firma her lokalt også. Innan 14 dagar veit vi meir. Da får vi tru at vi kan få søkt tilsagn hos Husbanken. Så får vi håpe dei brukar eit par veker og ikkje eit par månader på å vurdere søknaden.

Ja, vi har is i magen.

 

 

 

Synet av denne vakre doningen møtte meg når eg runda svingen i dag tidleg, på veg til barnehage og skule. Vi er tydeligvis i gang! Bildet er tatt av min gode nabo Ann-Christin, litt seinare på dagen når dagslyset var komme. Eg trur ho gleda seg litt ho også!

Det som står på programmet dei nærmaste dagane er først og fremst fjerning av jord, deretter boring vil eg tippe, og så sprenging. Etter dette følgjer mykje eg ikkje har heilt oversikt over; drenering, ein kum, planering og ikkje reint lite muring med naturstein.

Tidlegare i veka var eg i kontakt med ein takstmann for å få ei vurdering av verdien på tomta, nå som vi skal søke lån til huset (jadda, vi tar grunnarbeid før vi har huset i boks). Han ringde meg opp i dag, forundra over å oppdage ei gravemaskin på tomta. Han ville gjerne sjå kva arbeid som er planlagt, slik at han kan innarbeide mest mulig inn i taksten. Ikkje berre har råtomta auka i verdi på dei 3,5 åra som har gått sidan kjøpet. Vi har også fått rammeløyve, igangsettingløyve og betalt for tilkopling for vatn/kloakk. Gebyra utgjer faktisk ein del, og skal inn i taksten. Det same gjeld store deler av grunnarbeidet, for når vi sender inn papira til banken vil truleg mykje vere ferdig.

Så da kom vi i gang i januar likevel da! 🙂