Archives for category: $$$

Eg har mykje anna å finne på enn å skrive innlegg på bloggen, derfor går det litt tid mellom kvar gong. Så har eg desto meir å fortelje, for no har det skjedd mykje sidan sist. Først kom betongen, og no er vassrøyra forsegla for lang, lang tid framover. Så kom isolasjonen til taket, og den er blitt lagt på plass. Samtidig med at vi fekk skipa til eit aldri så lite kranselag, så kom ventilasjonen og gipsplatene. Veldig praktisk at det da var masse folk i huset (murar, tømrerar, elektrikerar og rørleggerar), og dei blei satt i sving til å bere alt inn i eit forrykande uver førre veke. Dei blei belønna med wraps, muffis og kaffe, og verka glade for det. Vi er i alle fall veldig, veldig glade for den gode innsatsen alle har gjort så langt!

Bildet viser stova oppe – betonggolvet er ferdig, trappeholet ser  ut som eit rundt trappehol skal sjå ut, og isolasjonen til taket ligg klar.

Etter at isolasjonen var komme på plass har dei lagt opp plast (for å stoppe varm, fuktig luft å trenge inn i isolasjonen)(alt man lærer når ein bygger hus altså), og har så begynt å lekte ned. Medan dette har pågått har ventilasjonsanlegget blitt drøfta og planlagt. Utkast og innkast i det DIGRE skapet var sjølvsagt ikkje ideelt plassert. Dei to kanalane må krysse kvarandre nede i teknisk rom – men det skal vere plass til dette uansett.

Her er ein liten del av ventilasjonsanlegget – litt absurd at vi skal gje plass til alt dette spetakkelet inne i veggane.

Muren ute er blitt heilt ferdig. Det skal støypast ein betongkant i flukt med dragaren midt i bildet.

Muren er vår største budsjettsprekk – men vi valgte den med vitande vilje. Eg syns den fungerer godt mot huset – eg likar fargen og strukturen. Den vil bli litt dempa når det veks opp noko grønt nedafor, og vil også gjere mindre av seg når verandaen blir forlenga over muren og det kjem opp rekkverk i glas. Men elles er eg glad for at mykje av muren er godt synleg, for eg syns den er blitt veldig fin!. Og det skal bli godt når glasa i vinterhagen kjem på  plass rundt den 26.

Her er litt meir av fasaden mot vest. Eg trur vi får ein fin uteplass her framfor soverom og TV-stove

Parkett er bestilt og vil komme til tomta den 7. mai. Når det gjeld kjøkken og kvitevarer har vi bestemt oss. Det blir IKEA på alle benkeskap og overskap, Norema på dei fire høgskapa, kvitevarer frå Danmark  til  ein brøkdel av prisen, og benkeplate i kvit kompositt frå Diapol. Og etter alle dei grå og fargelause bilda så langt i innlegget må eg vise fram to tapetprøvar frå Missprint. Og nei, eg tenker ikkje på heile rom dette her, men ein aldri så liten småvegg kanskje?

Sist men ikkje minst har vi to vaksne i familien satt oss ned nokre timar og bladd gjennom alt av papir og betalingar som er gjort for å finne ut kor vi ligg i det økonomiske landskapet. Det måtte gjerast, for no er vi komne inn i den berykta fasen der alt plutselig blir dyrare. Og dei problem og ekstra ting som dukkar opp nå i innspurten må vi betale oss ut av, for vi er to vaksne i full jobb (+litt meir) som ikkje har sjangs å slå i ein spiker ein gong.  Men vi er innafor budsjettet, dvs dersom ein reknar med dei 10% som var satt av til budsjettsprekk. Eit raskt overslag over det vi har betalt og det vi forventar å betale viser at huset truleg vil havne ein stad mellom 20 000 og 21 000 per kvm, og det syns vi er bra. Det inkluderer natursteinsmuren, kjøkkeninnreiing med gode kvitevarer, energibrønn, vv-varme, parkett og flis.

Heldigvis har eg gratis interiørkonsulentar. Her er dei i sving med å finne ut kva farge vi skal ha inne.

Aller siste nytt: I dag var murar i sving med murpuss ute! Fargen ser veldig bra ut, passar veldig godt til platene og beslaga!

På tide med oppdatering, men eg har ingen bilde å vise fram. Vi er jo på jobb på dagtid, og når vi kjem heim er det litt for mørkt å fotografere. Dessutan er det så myke søe og aktivitet rundt huset at eg føler eg spring berre i vegen om eg hoppar rundt der med kamera.

La meg først starte med vindua. Vi har hatt ein liten runde på dei nemlig. Våre to desidert minste vindu i heile huset har skapt størst hodebry. Grunnen er prisen. For det viste seg at dei lot seg ikkje levere som tenkt, og vi fekk litt fram og tilbake om prisen. Hola for vindua var allereie ferdig murt, og vindu må vi jo ha. På bilda ser de dei to vindua – det til venstre er vindu på badet oppe, det til høgre er identisk vindu i «profil» på grovkjøkenet. Ruta på taket er større enn bildet til venstre gir inntrykk av – det er eit takvindu rett og slett, og stikk opp over taket. Så møter det veggvinduet i ein karm. Eg trur det blir fint…

Vi får sikkert dei dyraste grovinngangs-vindua på heile øya 😀 Men so be it. Vi satsar på billig dørmatte i alle fall. Og forbod mot ballspeling på baksida av huset…

Ellers er det hektisk der oppe. Garasjen er i sving, og eg ser at den vesle plassen ved inngangsdøra samlar seg og finn si form. Det er godt å sjå! Garasjen er justert noko bort frå vegen i forhold til det som var planen. Vi meinte at det var uheldig å ha garasjen kant i kant med asfalten i fellesvegen! Å få til ei endring her var uproblematisk i forhold til kommunen; vi trakk jo berre garasjen nærmare huset og bort frå grensa. Når den gjeld huset sin yttermur er den ferdig pussa inne og ute. Det er påført kvit grunning (?) nede, og stillas er blitt montert. Rørleggar har kobla røyr til energibrønnen og stein til natursteinsmuren som vi skal ha under terrassen / vinterhagen blir snart levert. Plassen på oversida av huset mot vegen har fått pukk (?) og terrenget er der det skal vere før vi velger belegning /asfalt. Kum for drenering er på plass mellom garasje og hus. Og jammen meg har vi fått over teikningar på ventilasjonsanlegget – endeleg! Det har vore det største usikkerhetsmomentet den siste tida, og det er drøfta fram og tilbake korleis ein best kan få det til utan å gjere store synlege inngrep inne.

Og slik ser første utkast frå ventilasjonsfolka ut – flotte spagettiar i rødt og blått som skal sikre frisk luft. Rødt er avtrekk og blått er tilluft. Dei to lange linjene som går langs heile huset si lengde ligg i nedsenkinga av taket i underetasjen. Dette er teknisk rom, bad, garderobe og bod. Frå denne hovedkanalen med røyr diameter 20 cm. er det fleire oppstikk til rom oppe -desse er 12,5 cm. i diameter. Dei til venstre er til kjøken. Den vesle blå lengst til venstre går i kasse i taket på jentungen sitt soverom under, for så å smette opp og ut ved golvet i vinterhagen. At desse røyra er smalare var ein lettelse, for det betyr at det er mogeleg å komme gjennom lecaplanken utan større problem. Trur vi enn så lenge.

I  morgon må eg opp på tomta og ta bilde av siste utvikling på huset. Eg skimtar nemmelig konturane av toppen, og tømrarane er tydeligvis godt i gang! Meir følger!

I løpet av dei siste dagane har mykje skjedd. Først kunne vi signere på kontrakten, med forbehold om finansiering og igangsettingsløyve. Så kom byggelånet i orden (hurra for min gode, gamle barndoms sparebank), og i går fekk vi jammen meg igangsettingsløyve frå kommunen også. I dag fekk eg sendt over kopi av kontrakten med entrepenør  til Husbanken; siste dokumentasjon som mangla. Nokre timar seinare fekk eg epost om at alt såg bra ut, tilsagn om lån blir sendt i posten i morgon. Husbanklån!! Der finst folk som rynkar på nasen når dei høyrer ordet «husbanken», men vi er overlykkelige over å ha nådd dette målet. Vi kan sjå fram til låg fastrente i mange, mange år. For tida er 20 års fastrente på så vidt over 4, så vi håpar ho ikkje stig altfor mykje fram til byggelånet skal konverterast til Husbanklån.

Og huset? Ja huset eksisterer allereie i mitt hovud. No skal det berre bli konkret. I følge kontrakten, som er romsleg, skal det stå ferdig  ein gong i april-mai neste år. Byggestart er truleg neste veke – alt tyder i alle fall på det. Det er ikkje til å tru. Det har gått fire år sidan tomta blei kjøpt, så då er det vanskeleg å fatte at ein faktisk skal i gang.

Når det gjeld det å søke lån i husbanken kan eg så langt tilrå det på det sterkaste. Det er i hovudsak to viktige krav: universell utforming (livsløpstandard) og lavenergi. Desse to tinga var premiss for oss i utgangspunktet – noko vi la til grunn i aller første samtale med arkitekt. Bakdelen er at lavenergi gir høgare byggekostnader. Det kostar f.eks med lavenergivindu. Men klarer ein kostnaden med det i starten, tilbyr Husbanken altså pen rente og ein får også eit litt meir «etisk» bygg og ein har lågare utgifter til straum. Når det gjeld universell utforming ser eg ingen klare bakdeler med dette, heller ikkje kostnadsmessig. Ein må ha plass til rullestol her og der – men dei fleste bygger så stort i dag at ein rullestolsirkel er lett å få inn. Ein treng berre denne standarden på ein etasje, og må sørge for at det er mogeleg å bu i denne etasjen. Her må vere tilgang frå grunnplan, opplegg for vaskemaskin, eit bad, og mogeleg å ha soverom. Einaste justeringa vi måtte gjere var å skyve kjøkkenbenkane litt meir frå kvarandre, slik at ein rullestolbrukar kan lage middag hos oss 🙂 Vi har sjølvsagt ingen tankar om at vi nokon gong skal trenge å vere i rullestol. Eg ser likevel stor verdi av å ha dette på plass, fordi eg er sosialdemokratisk nok til å meine at det å bygge hus er ikkje berre ei privatsak. Dette er eit hus som skal stå der lenge etter vår levetid, og da syns eg det skal ha gode kvalitetar for fleire enn berre meg og min familie. Dernest likar eg effekten av universell utforming – ein gjennomtenkt logistikk, plass til å få snudd seg, armslag og rom. Det er god design.

No ser eg at Husbanken har nye krav frå 1. juli i år. Vår søknad kom inn før den tid, og eg veit ikkje om nye krav ville ha gjort utslag hos oss. Vi overlevde forrige runde med nye krav (man har da holdt på med dette i 4 år), så da var det kanskje greit at vi fekk sendt inn denne søkanden før huset blei utdatert!

Nye blogpostar følger nok i sommar. Frå fredag er det ferie her i huset. Vi skal ingen stad- nei så men. Vi er klare til byggestart.

På tide med ei oppdatering, sjølv om eg ikkje har så mykje nytt å kome med, og i alle fall ingen bilde! Eg førebur søknad til Husbanken, og sankar inn dokumentasjon på huskostnader. Med andre ord: konkrete tilbod og dokumentasjon på kva det heile vil koste. Vi fekk inn tilbod på energibrønn fredag kveld, totalt kr. 55 000,-  for 130 m. borehol. Dette inkluderer ikkje VV-pumpe, som rørleggar kjem med tilbod på. Prisen på boreholet var heldigvis som forventa – vi har i vårt nokså grove budsjett satt av 60 000 på denne potten. Når det gjeld elektrikararbeid, har vi eit detaljert og grundig tilbod på 180 000,-, også dette under potten vi grovt sette av på 200 000,-. Røyrleggar ventar vi på – det vil komme neste veke. Her håpar vi på å havne under 250 000,-, noko eg ikkje er sikker på om vi greier. Det skal jo vannbåren varme inn i 2 etasjar, vv-pumpe og varmtvasstank med oppvarming av forbruksvatn, og elles det ein treng til to bad, vaskerom, kjøkken og grovkjøkken. Eg har elles fått inn fleire tilbod på vindeltrapper, og prisen varierer noko etter kvalitet. Her har eg tilbod på alt frå 55 000,- til 88 000,-. I søknaden får vi legge ved eit av dei dyrare tilboda, og heller sjå om vi kan kome heldigare ut. Vi er einige om at trappa faktisk er viktig for huset – ho hamnar midt i heile huskroppen, og går frå ei stove til ei annan. Ho bør sjå bra ut, ja egentlig er det her vi skal legge ned litt cash dersom vi har noko til overs å bruke på design. Ein IKEA-lampe kan lett skiftast ut seinare, men ei trapp er hakket vanskelegare. Tilboda på trapp henta eg inn i haust, og det var leit å oppdage at Frekhaugtrappa dessverre ikkje lagar vindeltrapper. Hadde vore veldig praktisk å bruke ein lokal produsent! Nå må vi belage oss på å få trappa laga annan stad, og frakta hit til ein ganske høg pris. Av andre utlegg har vi sjølvsagt ventilasjonsanlegget. Her har vi eit tilbod på 40 000,- som samsvarer med det vi har sett av. Kjøkken frå IKEA vil ligge på opp mot 100 000, og då baserer eg meg på planleggaren frå IKEA . Eg reknar med at dette vil duge som dokumentasjon til Husbanken. Baderomsmøblar blir truleg også IKEA, og dokumentert på same vis (vi kan sjølvsagt velge andre møblar, men Husbanken skal ha all dokumentasjon over kva vi har trong for å låne). Parkett skal vi handle sjølv, og har satt av 80 000,-. Eg reknar med at Husbanken berre treng å vite kor stort areal som skal ha parkett, og kva kvm-pris vi reknar med å spandere. Her kan vi sjølvsagt velge laminat for å knipe på kronene. Eg har likevel mest lyst å legge parkett når vi først er i gang. Kährs har komme med ein ny tynnparkett som eg syns ser perfekt ut. Linnea Oak Cloud, som ein kan importere frå England for ein pen pris. Andre mindre ting (som vi også har satt opp i budsjettet) er kjøkkenventilator (10 000), omn og pipe (15 000), flis og belegg (10 000?)

Og sist, men absolutt ikkje minst, har vi sjølve huskroppen. Her kan vi ende opp med ca. 1,5 mill på både murararbeid og tømrararbeid. Vi har vel nå meir eller mindre valgt entrepenør, men dei siste justeringane av pris og detaljar er inne nå. Over helga håpar vi å få prisen satt. Om kostnadene blir som vi håpar på, kan vi skrive kontrakt. Firmaet vil vere ansvarleg for huskroppen, men vi gjer sjølv avtale med røyrleggar, elektriker, brønnboringsfirma og ventilasjonsleverandør. Vi vurderer sjølvsagt å få firmaet som bygger huset til å koordinere det heile – dette får vi eventuelt ta etter avtalt pris. Når det gjeld grunnarbeid har vi allereie skreve kontrakt med Anlegg as, på 500 000,- . Dette inkluderer ein del natursteinsmurar som vi får på plass før huset reiser seg.

Vi har ei aning om totalsummen, men den legg eg ikkje ut her 😀 Den blir over det vi ønskte, men vi har framleis håp om at den blir under det vi kan frykte. Husbygging er ikkje for sarte sjeler….