Som vanleg ikkje tid til å blogge – men arbeidet der oppe går jamt framover. Her er ein del bilde frå i går. Snart er all gips komme på plass- Hovedetasjen er så godt som ferdig. Veldig kjekt å sjå korleis lyset fell inn i huset – og gler meg til å få maling på veggane 🙂
Bildet under er tatt frå enden av gangen mellom bad og gjesterom oppe og inn mot stove og kjøkken. Døra i enden av gangen er ut til vinterhagen.
Her er meir av kjøkenet. På veggen midt imot kjem kjøkkenhalvøya ut.
Her er frå inngangen. I kvar kortende av rommet blir det garderobeskap
Her er frå badet oppe. Vi ventar litt på avklaringar, pris etc, når det gjeld innebygd armatur og diverse. Kassen til venstre i bildet skal ha innebyggingsarmatur for vask og badekar (i hjørnet), og bli kledd med mosaikkflis. Over kassen blir det ein stor spegel frå vegg til vegg, med lampepunkt i spegelen. Resten av badet har vi faktisk kjøpt flis til allereie – heilt ordinære kvite, blanke fliser som er 30×60, til 45,- per kvm. Om lag same pris har vi gitt på heilt standard grå golvfliser i 30×30. Ingen skal påstå at flisene er påkosta i dette huset….
Grovinngang oppe. Vi lurte på om dette rommet ville bli mørkt, smalt og trangt, men vi er fornøgd med plassen mellom inngangsdør og kjøkkendør, og at takvinduet gir lys til heile rommet. Kjennes ikkje trangt ut i det heile tatt! Løysinga på vindu er den same her som førre bilde (badet).
Her frå kjøkkenet. Døra midt i bildet er til grovinngangen. Døra vi skimtar ved sida av er til hovedinngangen. Nisjen i venstre bildekant er for fire høgskap. I dag bygger dei ein kasse som skal ligger over skapa, og gå opp til nedre kant av veggen under overlysvindua. Røyret som heng ned i høgre bildekant el for ventilator som skal henge ned her over kjøkkenhalvøya. Det må byggast ein kasse for ventilatoren ned frå taket. I nisjen til høgre kjem benkeskap og overskap.
Same som over, men i annan vinkel. Mot veggen kjem det 6 benkeskap med kjøkkenvask, oppvaskmaskin og kjeldesortering. Over benken, heilt vanlige overskap.
Underetasje. Dette er TV-stova. Det runde trappeholet blir fint! TV kjem på veggen midt i bildet, sofa vis a vis.
Håpar dette skal vere nok punkt for TV og alskens dippeduttar
Foreldresoverommet er blitt isolert, og har nok blitt gipsa i løpet av i dag.
Her er frå badet nede. Det fine lyset inn frå tv-stova og det store vinduet var for smertefullt å gje slepp på – særleg sidan rommet manglar dagslys. Så vi har bedt om å få inn to 25 cm. høge vindu heilt oppe mot nedforinga av taket. Det blir så høgt oppe på veggen at det ikkje er noko innsyn. Vi droppar dette i dusjsonen innerst i rommet (mot murveggen), men legg dei inn over vaskane. Også dette badet skal ha innebygd armatur. Baderomsinnreiing har blitt bestilt hos Kvik – dei hadde fine, firkanta heildekkande vaskar utan hol for kran. Flisene her nede blir dei same som flisene på bad oppe. Enkelt og greit.
Det har sin eigen estetikk dette også. Teknisk rom. Rørleggar fått på plass alt av sine røyr. Ventilasjon er lagt, og det er bora to digre hol i muren for luft inn og ut. I hjørnet skal dei etter kvart få løfta på plass eit monster av ventilasjonsaggregat (som ga meg hakeslepp). Ved sida av skal elektrikar få lov å få litt plass til sine ting. At teknisk rom krev litt areal er ikkje tull. Berre rørleggergreiene har lagt beslag på ein heil vegg aleine!
Ut ein tur. Det er støypt ein kant under vindua nede. Så skal vi få lagt elvestein langs med husveggen, deretter betongheller og plen.
Vi har bombesikkert fundament for terrassen. Eg trur folk mistenkte oss for å bygge helikopterplattform. Oppå her kjem det altså terrasse i komposittmateriale.
Og sånn ser det ut no.
No byrjar det likna på noko 🙂 Utruleg fundament for terrasse, ser litt overdimensjonert ut men det er sikkert ein god plan som ligg til grunn. Kik opp kvar dag når eg fer forbi og ser etter om vinterhagen har fått kledning/inntekking opp mot taket. Manglar ikkje mykje før fasaden er ferdig på nedsida.
spennande! på tide å oppdatere litt på bloggen?? 🙂 🙂
ja, du seier noko – eg er klar over det altså 🙂 No skal vi opp og beise litt, og ta bilde, så får sjå om det kjem noko nytt i kveld 🙂