Det lagar seg 🙂

Huset har begynt å kikke på oss når vi kjører forbi. Augene opnar seg på eit vis og glor forundra ut over bygda. Og nå skal eg slutte å vere så poetisk… men det er berusande.

Litt zooma inn med eit elendig Iphone3-kamera. Dette er fronten av huset, og viser kva rom som ligg her. Stova oppe kan verke litt lita kanskje, men arbeidsrommet / gjesterommet ved sida av har stor skyvedørsopning og vil fungere som ein del av rommet. Her blir det ein sovesofa og truleg ein ekstra tv om mor får det som ho vil. Den store opningen i fronten, i stova, blir ikkje heilt slik. Her skal tømrar i gang med eit utspring. I denne «velstandsvorta» har eg mest av alt lyst på eit rundt kaffebord, ein gammal divan frå bestemorsheimen, og to lenestolar. Det blir sagt i bygda at det ser ut til at vi bygger ein anleggs-garasje nede…. Eg kan forstå dei litt – dei fire store opningane ned kan nok sjå ut som starten på garasjeportar. Men her blir nå vindu, og med *kremt* fire dører ut til hagen – ei for kvart rom. Rømningsvegar burde ikkje vere eit problem på vårt bruksnummer.

Tal på folk som er i sving varierer frå to til fem. Her blir det murt over vinduet på arbeidsrommet/gjesterom/stove. Som nevnt over vil dette rommet ha fleire bruksområde. Forskalings-greiene som ligg på leca-planken dekker over trappeholet. Det vil ligge i sjølve stova oppe og trappa vil gå rett ned i TV-stova. I dag jobba dei lenge, og har planar for overtid i morgon også. Grunnen er rett og slett det fine veret – lurt å nytte høvet når ein endeleg har fått sol!

Nåh! Eg trur eg bestiller meg denne plassen ved kjøkkenbordet. Slik utsikt kan eg godt leve med til frokost, middag og kvelds! Eg er normalt ikkje begeistra for granskog, men på slik avstand kan eg like det. Det gir litt farge om vinteren, og det ER jo fint med snø på grantre til jul!

 

Advertisements