Og headinga handlar om kor solid huset skal bli….

Det er ein travel haust for oss to vaksne i familien, og det har ingenting med huset å gjere. Eg er inderlig glad for at vi ikkje skal gjere noko sjølv. Det vil vi aldri makte å få til, men det har vi også visst heilt frå starten av. To vaksne i full jobb utan familie, to småskulebarn som treng mykje tid og merksemd, og lang pendling gjer at vi knapt nok bør bruke tid på å male ein vegg. Men vi susar forbi tomta kvar dag, og myser opp i halvmørket mot murane som reiser seg. Det går så fort at vi rekk ikkje følge med. I det heile tatt. Her må vi overlate ansvar og stole på andre.

Og vi kjenner oss i trygge hender. I dag har vi hatt ein raskt møte på tomta, med han som styrer heile prosjektet, og muraren. Vi blir møtt med eit breitt murar-smil og orda «ja, de får i alle fall eit SOLID hus». Det ser absolutt solid ut. Tjukke, tunge yttervegger, tverrmurar for å støtte opp for jordtrykk bakfrå, og ein stålbjelke på tvers, som egentlig er overdimensjonert, men da er det i alle fall solid. Eg veit ikkje kva det er, men det at huset er SOLID er som musikk i øyrene til han eg deler utgiftene med. Kanskje er det ei manne-greie, kanskje er det fordi han kjem frå den der skjelvande øya ute i havgapet, men han ønsker seg i bunn og grunn ein bunkers. Eg har litt høgare krav til estetikk (han også vil eg tru), men dette huset skal i alle fall tåle ein vinterstorm med god margin.

Eg har tatt ein del bilde i prosessen, og dei følger under. Tanken har heile tida vore å få lagt dei ut etter kvart, men dette har eg måtte prioritere bort. Ungar, jobb og søvn må komme først, i den rekkefølgen 😉 Men det er fantastisk å berre sjå prosjektet ta form. Eg er facinert over at dei greier å konkretisere arkitekten sine strekar. Korleis får dei hjørnet til å havne på riktig plass? Korleis visste dei at røyret kom opp der det skulle? Nå veit eg jo at der finst måleinstrument, erfaring og berekning her i verden, men likevel. Det er facinerande.

Den 14 september, ei drøy veke sidan.

Utsyn frå badet nede. Eine veggen i huset manglar på eit vis, men der har komme opp ferdige søyler mellom vindua i front…

18 september. Vi tar eit kveldsbesøk. Der er komme opp noko treverk blant alle murane.

Og så har det komme opp noko over søylene! Vi ser endeleg kor store vindua blir!

Nåvel. Det er framleis ein bunkers. Ein bunkers som har fått fire sider i det minste. Og dette var siste gongen desse romma hadde himmelen som tak…

For mandag den 19, denne veka blei det jobba med etasjeskille!

Lurer litt på HMS ved dette bildet her… gulp. Og ja, eg sa faktisk i fra. Men det der var visst veldig dagligdags…  Og nei, i følge kontrakten er ikkje vi ansvarlige for HMS på byggeplassen. Puh. Personen til venstre står forresten i det som skal bli inngangspartiet i huset. Det skal fyllast inn til muren og heilt opp. Etasjen oppe vil vere noko større enn etasjen under.

 

Og nå vart det mørkt! Dette er bilde tatt i går, 23. september. Dei store vindua i front vil gi bra med dagslys, så det skal bli ok i opphaldsrom og soverom, men romma i bakkant, dvs. teknisk/vaskerom, bad, garderobe og bod vil aldri sjå dagslys igjen stakkarane. Vår kloke arkitekt har jo visst om dette frå starten av, og planlagt «arbeidsromma» inn mot den mørke delen av bygget.

Frå bod-døra gjennom garderoben inn til badet i fint overlys. Det lyset forsvinn nokså fort når dei siste elementa blir satt på plass i veka som kjem. I veggen midt mot kamera skal det skjerast ut ei luke til skittentøydunken som står inne på vaskerom/teknisk. Elles? Eg som ikkje er noko glad i spottar vurderer spottar i garderoben. Her trengs det godt med lys. Satsar på skyvedørsgarderobe med speil, frå IKEA.

Og her har vi drista oss opp i hovedetasjen, oppå lecaplanken. Bildet er tatt i kjøkenhjørnet og viser litt korleis det vil bli om nokre månader. Vi får utsikt ned til Kringastemma og elva. Nedanfor oss er det friområde, så her vil det vere grønt og fint.

Og det var kveldens bilderas! På mandag starar muring av hovedetasjen, og dei reknar med at all mur er ferdig om tre vekers tid. Det skal murast ein natursteinsmur på sida av huset, som fundament for vinterhagen (den kjem der eg har skreve skyvedør til terrasse, strengt tatt er det vel skyvedør til vinterhage, og så terrasse). Arbeidet har gått raskare enn venta og muraren har gjort ein kjempefin jobb. Det same gjeld rørleggar, og den vesle biten som elektrikar har vore involvert i så langt. Alt har gått heilt fint så langt. Tømrar har tidlegare sagt at han treng 3-5 månader på sitt arbeid. Da snakkar vi faktisk om ferdig hus i januar-mars, langt tidlegare enn eg hadde trudd….

 

 

 

 

Advertisements