Av yrke er jord og stein nokså spennande for meg, men eg kjem likevel til kort når det gjeld å finne bilde av noko fint å legge i bloggen. Eg startar derfor med 7-åringen sin nokså geniale plan for sitt soverom. Eg sa ho kunne skrive ned korleis ho syns rommet skulle vere, og ho kom tilbake med dette. Det er berre å gå på jakt etter tapet ser eg, eller kanskje vi rett og slett må male blomster-bomber på veggen 🙂

Noko av det begge ungane gler seg mest til er å få dører frå sitt rom rett ut i hagen. Det kan nok bli praktisk om sommaren, men kanske meir uheldig når dei blir tenåringar.

Men nå skal eg gå bort frå draumane og over på det meir jordnære bokstavlig talt.

Eg har sjølvsagt gått over tomta og glodd i bakken. Der var ingen funn etter folk før oss. Nå var eg kanskje litt seint ute med mi synfaring, så det kan jo hende at her har vore eit og anna åkerlag. Loftås har nok vore ein fin stad som slåttemark og beiteområde langt tilbake i tid. Kanskje kan ein ha dyrka her også. Sjølve garden har nok lagt der gardstunet ligg i dag – og det er lenger inne i området. Det er ingenting igjen av dei fine bakkane som var her før (og eg rakk så vidt å få sett dei). Litt leit, men nå er det nå sånn at folk må jo bu ein stad også.

Bildet under er vel to veker gammalt når her var så kaldt. Dette dyret med lysande auge var i sving kvar morgon når vi kjørte forbi. Entrepenøren har jobba hardt, og der har visst vore aktivitet frå 7 til 19. Vegen nedafor tomta er ein gang- og sykkelsti – tilkomst er i vegen ovanfor.

Og her er meir frå sjølve tomta. Eit bilde som er ei veke gammalt, og ein ser at dei har så vidt gått i gang med plastringa i nedkant av tomta.

 

Denne plastringa er nå blitt høgare, sånn ca. på min smerteterskel for kva eg syns er ok. Men den skal visst bli betre – dekka med jord, og grøn. Litt bratt for bruk er eg redd, men vi får no sjå kva vi kan få til.

Vi måtte pluteselig skaffe ein rørleggar. Sidan vi ikkje er fornuftige nok til å velge eit typehus, har vi sjølvsagt ingenting i boks før grunnarbeid startar. Så rørleggar hadde vi ikkje, når avløp og drens burde leggast ned. Heldigvis ordna deg seg med litt smidighet frå kommunen. Entrepenøren kunne ordne dette for oss, så nå ser eg at røyra er lagt, og det kan planerast ferdig i morgon.

Og når det gjeld huset ventar vi framleis. Da har vi gitt opp på alle vi har kontakta så langt, men vi heng ikkje med hovudet av den grunn.  Entrepenør for grunnarbeid er interessert å gi pris på heile huset. Og plutselig blei det vist interesser frå eit anna firma her lokalt også. Innan 14 dagar veit vi meir. Da får vi tru at vi kan få søkt tilsagn hos Husbanken. Så får vi håpe dei brukar eit par veker og ikkje eit par månader på å vurdere søknaden.

Ja, vi har is i magen.

 

 

Advertisements