Det er nesten ikkje til å tru. Og før eg går vidare kan eg like gjerne innrømme det; den første byggetida er ikkje prega av estetikk. Så eg startar derfor med eit bilete av ein blom (er det georgine?), til kr. 99,- kjøpt på Plantasjen. Den var vel på salg fordi sommaren er over. Men altså først litt estetikk:

Og så over til meir grovarbeid. Nå skal eg ikkje påstå at grunnarbeid og arbeid med såle er heilt utan finesse. Eg har jobba med gravemaskiner i mange år, og blei tidleg imponert og facinert over presisjonen og .. tja.. til dels elegansen ein gravemaskin i sving kan oppvise. Det er likevel ikkje derfor eg har tatt bilda under.

Her er frå tomta 2. august, dvs. for om lag to veke sidan. Ned mot høgre bildekant ser de toppen av boreholet for energibrønnen. Dei svarte røyra med raud topp er taknedløp. Og alt det andre er Mor Norge i grå drakt. Vi trippa stort sett rundt i bygda og kastar lange blikk oppover mot tomta. Kva skjer?

Og så ein laurdag vart det snekra forskaling, og veka som fulgte var det lagt røyr. O lykke!

Travle menn på jobb. Telefonane ringer konstant! Vel klagar folk på handverkarar som aldri kjem, men eg har ikkje inntrykk av at dei ligg på latsida heller. I alle fall ikkje dei eg har vore ute for.

Det rare er at no som sålen er støypt (sjå under), er eg underlig glad eg tok desse bilda, mest av alt fordi prosessen er litt morsom å følge med på. Aldri skal eg sjå desse røyr igjen (får vi tru), men eg har bilde av dei. Bunnledning heiter det visst.  Stakkars gutungen sitt rom har mange vassrøyr under sålen. Er det bra for helsa skal tru? Har høyrt at nokon snakkar om vassårer som skapar problem… Vi trur at det skal gå bra likevel.

Og så, i går da! Da var alt dekka til med grus. Vi tok ein tur på kvelden og kunne glede oss over synet av at alle slukar ser ut til å vere på plass, og der ser ut til at vi får vatn i dusjen. Utmerket!

Og med litt hjelp ser vi strukturen i underetasjen. Strekane her er svært omtrentlege – vil presisere at det vil faktisk vere plass til dobbeltseng på foreldresoverommet.  

Og i dag vart det støypt! Mannen kunne rapportere frå joggerunden sin at han såg sementbilar på plass. Etter jobb kjøyrde eg opp og tok bilde av herligheten. Dette må da vere den finaste plata de har sett folkens? Så fin atte! Over her kjem der isolasjon – og så ein del andre greier som eg absolutt ikkje har oversikt over – men der kjem i alle fall radonduk og eit lag til med støyp med røyr for vassbåren varme.

Det  har gått ca. 4 år sidan vi kjøpte tomta. Derfor er det nokså uverkeleg at noko faktisk skjer. Det er nesten så ein ikkje er mentalt førebudd på det. Er ikkje vi dei evige planleggarane da? Og at ting skjer fort forstår eg – Vestnorsk Brunnboring ringde i dag og lurte på om dette var ein fin dag å komme og montere kollektorslangen. Det var det i grunn ikkje, så dei blei bedt om å komme ein seinare dag. Heldigvis ingen problem. Røyrleggar har trekt røyr frå energibrønnen til teknisk, og elles lagt på plass alt som dei skal gjere no i starten (bunnledning). Eg har hatt møte med firmaet også og gått gjennom teikningane for å sjå om noko er utegløymt. Vi fekk ein utekran markert på teikningane, og handkletørkaren på vegg nede (kobla til vassboren varme) vart teikna inn. Røyrleggar sitt utstyr tar eine heile langvegen i teknisk, så elektrikar vart forvist til kortveggen. Det bør nok gå bra – skapet krev ikkje store plassen, og montør kom fredag og la det elektriske på plass (kvite røyr lengst ute til høgre i bildet). Så dobbeltsjekka vi at telefon / kabel og slike ting var trekt inn, samt eit tomt røyr for eventuelle eventualitetar i framtida. Kven veit, kanskje vi i framtida kan få kaffe via kabel?

Vi er glade, spente, nervøse. Dvs. min mann tar det heile med stoisk ro, og er fornøgd så lenge han veit at der blir nettverk i hus, og han får plass til diskane sine. Samt at vassbåren varme er i boks.

No driv eg og skriv mentale lister. Hugs å:

  • ha møte med elektrikar og få med mannen denne gongen – vi treng ein gjennomgang av heile opplegget
  • søke Enova om støtte til varmepumpe
  • sjekke papira frå Husbanken – var det noko vi måtte sende inn??
  • purre på pris på ventilasjon. Eventuelt kontakte fleire firma (håpar verkeleg at ledig plass på teknisk er nok til aggregatet)
  • ta opp igjen jakta på trapp – og bestille. Den tar sikkert tid å lage, og trapp må vi ha!
  • gi tilbakemeldingar til malerane vi har fått tilbud frå. Og bestemme kven som får oppdraget
  • ordne byggestraum (snille naboar har hjulpe oss så langt)
  • høyre med rørleggar om dusjkar er ein mulighet – som alternativ til dusjing på flis. Må sikkert bestemmast snart før golvet vert bygd vidare
  • ta ei avgjer om vi skal ha flis, belegg eller epoxy. Er heilt i villrede no.
  • pust ut, gå på jobb og hald orden i heimen. Vi lever nå også
Advertisements