Synet av denne vakre doningen møtte meg når eg runda svingen i dag tidleg, på veg til barnehage og skule. Vi er tydeligvis i gang! Bildet er tatt av min gode nabo Ann-Christin, litt seinare på dagen når dagslyset var komme. Eg trur ho gleda seg litt ho også!
Det som står på programmet dei nærmaste dagane er først og fremst fjerning av jord, deretter boring vil eg tippe, og så sprenging. Etter dette følgjer mykje eg ikkje har heilt oversikt over; drenering, ein kum, planering og ikkje reint lite muring med naturstein.
Tidlegare i veka var eg i kontakt med ein takstmann for å få ei vurdering av verdien på tomta, nå som vi skal søke lån til huset (jadda, vi tar grunnarbeid før vi har huset i boks). Han ringde meg opp i dag, forundra over å oppdage ei gravemaskin på tomta. Han ville gjerne sjå kva arbeid som er planlagt, slik at han kan innarbeide mest mulig inn i taksten. Ikkje berre har råtomta auka i verdi på dei 3,5 åra som har gått sidan kjøpet. Vi har også fått rammeløyve, igangsettingløyve og betalt for tilkopling for vatn/kloakk. Gebyra utgjer faktisk ein del, og skal inn i taksten. Det same gjeld store deler av grunnarbeidet, for når vi sender inn papira til banken vil truleg mykje vere ferdig.
Så da kom vi i gang i januar likevel da! 🙂
he – hey!!
ser man det! gravemaskin og ting som skjer på tomta??
det var musikk i ørene, får en si!
det må da være en herlig følelse!!
Jeg heier på dere og på takstmannen og på Akademikerne som skal få seg hus. Jeg og vil ha!
(kan de gamle naboene se å få seg sykehjemsplass….!)
god helg til dere
fra
Åpent hus
Eg er så glad på dokka vegne og eg gledar meg heilt oppriktig til å sjå resultatet litt etter litt. Mi overinteresse for hus skin igjennom, men pytt det er så spennande! Vi tenkte også taksere huset vårt når vi har fått garasje, litt meir hage og malt litt utvendig (evt innvendig).
Med ønske om ei god helg i det vakre regnværet.
Så spennende at dere er i gang!
Har snik-fulgt-med inne på Byggebolig – liker stilen på (det fremtidige)huset deres!