Eit slikt hyggelig møte!
Ja, her er koppane til arkitekt, assistent-arkitekt, murar, tømrar og prosjektkoordinator/entrepenør.
De ser vel at dette blei bra? Kaffien eg lagde likte dei også, og siste rest av konfekt frå turen til Berlin forsvann innimellom alle husteikningane. Det blei peika på, notert, gestikulert, ledd og vurdert. Av og til var det litt hoderysting også – dvs gjensidig, vi-er-så-enige-hoderysting.
For tenk, ja, vi har landa på kven som skal bygge. Vi føler oss trygge på at dette går bra, og etter møtet i dag er vi enda tryggare.
Det som skjer no er følgjande:
- Vi skaffar pengar – tenk – vi har berre ei oppgåve (om enn ganske stor)
- Diverse papir blir sendt frå murar/tømrar/entrepenør til arkitekt for søknad om igangsetting hos kommunen
- Snekkar justerer pris – fordi vi endrar litt storleik på eitpar vindu, nokre små justeringar i vinterhagen, vi ender opp med beisa gran på utstikka våre (i staden for Sibirsk lerk – takk og lov for det), og diverse anna småplukk, bl.a. dekket på terrassen (meir om det under)
- Med grunnlag i justert pris lagar vi kontrakt, og signerer, med forbehold om finansiering (sjå del A – øh, den hastar visst).
- Det blir nytt møte for å gå gjennom utrekning av massane og for å fryse prisen. Om ein trekker ting ut av prosjektet har ein då ein standard pris for å trekke frå (eller legge til) materiale o.a.
Når det gjeld pkt 1 er alt egentlig klart for innsending. Alle papir er fyllt ut, men vi treng å sjå over det heile. Eg har også snakka med Husbanken igjen, og hadde ein svært hyggelig samtale med ein saksbehandlar der. Det verka nesten som han gledde seg til søknaden kom. Håpet er at det blir avgjort raskt, og at vi ikkje må vente i 3 månader, slik som dei faktisk skremmer med. Eg vel å tru at dette er «worst case scenario», og at dei fleste søkander blir avgjort raskare…
Når det gjeld terrassedekket er vi litt i villreie. I anbudet står det sibirsk lerk eller kebony. Så har vi begynt å lure på golv i kompositt i staden – må vere fantastisk med eit golv som mest ikkje treng vedlikehald! Heller var også oppe til diskusjon, men DET blir temmelig kostbart og utgår glatt.
Men litt får vi ta som det kjem. Ro i sjela får eg ikkje før tilsagn om lån i Husbanken er avklart.
Forresten har vi også valgt elektriker og rørlegger. Dei berre veit det ikkje enda. Komplette, gode tilbud. Og sa eg at boreholet kom på plass like før påske? Brønnborerfirma dukka plutselig opp og laga eit borehol på 130 meter. Rekninga har vi ikkje fått enda, men den ligg vel på ein stad opp mot 60 000. Der går feriepengane!
Då høyrest det utvsom det nærmar seg.
hei
stas å se bilde fra et så spennende møte – det mest konkrete til nå! 🙂 Må ha vært kjekt å få samla kreftene og føle at «nå skjer det»!
jeg er ganske misunnelig
vi venter fortsatt på at nabohuset skal komme for salg.
og så spørs det om vi har råd…!
jeg følger med videre og heier på dere.
beste hilsner fra
Åpent hus
Terrassegolvet kan vel også vere furu? Mange fine terrasseoljer som kan brukast. Er ikkje så mykje vedlikehald som ein trur.
God kaffi treng ein fin boks. Har tatt vare på ei kaffi/teboks til deg. Har redda den frå å verte kasta. Veit ikkje om du likar den. Gult lokk, gule blomstrar, skikkeilg 70-tals og retro. Tenkte på deg når eg redda den. OM du ikkje vil ha den, er det sikkert andre som likar den så du treng ikkje føle deg tvinga.
Gleder meg til bygginga kjem igong, har venta lenge no 😉