Eg sankar trådar. Nøstar saman til noko som kanskje med tid og stunder blir eit hus. Mykje telefonar i det siste.
I dag har eg snakka med arkitekten, entrepenøren for grunnarbeid, brønnboraren, rørleggaren, snekkaren (ein av dei aktuelle) , ein potensiell malar og jammen meg fekk eg drøfta hus med han eg er gift med før han strauk på dør for å jobbe. I det daglege er det meg som er husbyggar og organisator, men større avgjerder vil eg helst at vi tar saman, og det er jammen meg godt å ha ein arkitekt med på laget også. Og når det gjeld val av kven som skal bygge har han gjort sitt val. Korleis kan han berre bestemme seg på null komma nix, medan eg treng tid til å samanlikne, fundere, ringe rundt, sjekke opp, google og kalkulere?
Vi må berre konkludere med at vi (dvs. eg) fekk ikkje bestemt oss før påske. Altså bestemt kven vi ønsker skal stå for oppføring av huset. Men vi har vel ein klar ide om kva retning det går i. No tar vi oss ei veke påskeferie, deretter ein siste gjennmgang med arkitekt, og prøver å bli sikre i vår sak 😉
Og i morgon kjem energibrønnborarane! Dei vart bestilt for litt over ei veke sidan, og det er fint å få dette unnagjort nå når grunnarbeidet er ferdig og tilkomst og armslag for dei som skal bore er optimalt. Sidan vårt tekniske rom ligg i bakkant, med vegger inn mot jord, blir energibrønnen lagt på framsida av huset. Vatn blir då ført i røyr under huset sin såle, fram til teknisk. Håpar på at det skal fungere greit.
Og eg gler meg berre pittelittegranne (liksom) til eg kan skrive om litt andre hus-relaterte ting enn brønnar, prisar og støttemurar. Dette ER jo svært sentrale og viktige ting ved å bygge eit hus, men ikkje fullgod tilfredsstillelse av mitt estetiske behov. Eg innser at det kanskje finst menneske som ser det vakre i ei perfekt planert flate, eit ryddig prisoverslag eller ei god grøft. Men eg er nok ikkje der.
Så for å bringe inn litt av det eg likar aller mest, kan eg jo putte inn bilde av dei fem siste tinga eg har «kaboodla» under lista «til huset».
Bilde frå Rais. Evig jakt på omnen. Denne var jo fin?
Oppvaskmaskin må ein jo ha. Denne er frå Asko, og bildet er henta derifra. Det eg likar her at den er stor (ikkje så veldig viktig egentlig), og at der er bestikkskuff (det vil eg ha!).
Denne har jo gått sin seiergang i mange bloggar. Ingen dum idé, men kva når barna veks til og den søte 3-åringen tydeligvis skal på klassefest på fredagen? Bør altså fornyast i ny og ne… Foto henta hos ukeplan.no
Pene vasken. Blancosubline i silgranit. Kjøpe frå Tyskland via Ebay? Hm…
Og pene spotten. For oss som ikkje likar sånne spottar som alle andre likar, så er dette tingen. Og så fra IKEA da, til 300 kroner! Ja takk, eg tar gjerne slike i garderoben, og på badet (dette er for bad). Eg syns kanskje den under frå Ifö er hakket finare, men prisen er over dobbel.
Sjå der, da blei det litt meir enn berre grus og singel i dagens post!
hei Kjersti
gøy å se inspirasjonsbilder hos deg! 🙂
synes godt dere skal ta dere en skikkelig påskeferie og tenke på andre ting! 🙂
du kan forresten også svinge innom hos meg å grabbe noen lotteriodd. Du er kvalifisert! 🙂
beste hilsner fra Åpent hus
(som ikke får sove)
Fekk litt inspirsjon til å tenkte på innsida her òg 🙂
Forstår litt kva du meiner. For nokre veker sidan bobla eg over av kor godt dreneringa faktisk verkar å vere under huset vårt. Nedbørsrekord og null vatn…
Hei! Hvite vasker i kunstmateriale/granittmikser må jeg bare advare mot- vi hadde det i vårt forrige hjem- og det var et mareritt. Ikke bare så den konstant skitten ut- det kom også hakk på kantene, når vi smalt borti noe. Det skjer jo i en vask fra tid til annen.
Fine downlights!
Kan ikkje dokke få vatn frå kommunalt vassverk? Kan du forklare meg greia? Såg maskina idag 🙂
Ønske deg, mann og born god påske. Om ikkje før, så sjåast vi 30.april 😉
Likte godt den ovnen – vi er også på jakt etter den ideelle ovn. Har en contura med kleberstein her vi bor nå, og er for så vidt fornøyd med den. Men artig med litt variasjon…
Jeg skal ha Ukeplan i nyhuset – du har rett i det at den trenger fornying, men den holder jo noen år. Går sikkert an å bytte ut bilder etterhvert…?