I løpet av dei siste dagane har mykje skjedd. Først kunne vi signere på kontrakten, med forbehold om finansiering og igangsettingsløyve. Så kom byggelånet i orden (hurra for min gode, gamle barndoms sparebank), og i går fekk vi jammen meg igangsettingsløyve frå kommunen også. I dag fekk eg sendt over kopi av kontrakten med entrepenør  til Husbanken; siste dokumentasjon som mangla. Nokre timar seinare fekk eg epost om at alt såg bra ut, tilsagn om lån blir sendt i posten i morgon. Husbanklån!! Der finst folk som rynkar på nasen når dei høyrer ordet «husbanken», men vi er overlykkelige over å ha nådd dette målet. Vi kan sjå fram til låg fastrente i mange, mange år. For tida er 20 års fastrente på så vidt over 4, så vi håpar ho ikkje stig altfor mykje fram til byggelånet skal konverterast til Husbanklån.

Og huset? Ja huset eksisterer allereie i mitt hovud. No skal det berre bli konkret. I følge kontrakten, som er romsleg, skal det stå ferdig  ein gong i april-mai neste år. Byggestart er truleg neste veke – alt tyder i alle fall på det. Det er ikkje til å tru. Det har gått fire år sidan tomta blei kjøpt, så då er det vanskeleg å fatte at ein faktisk skal i gang.

Når det gjeld det å søke lån i husbanken kan eg så langt tilrå det på det sterkaste. Det er i hovudsak to viktige krav: universell utforming (livsløpstandard) og lavenergi. Desse to tinga var premiss for oss i utgangspunktet – noko vi la til grunn i aller første samtale med arkitekt. Bakdelen er at lavenergi gir høgare byggekostnader. Det kostar f.eks med lavenergivindu. Men klarer ein kostnaden med det i starten, tilbyr Husbanken altså pen rente og ein får også eit litt meir «etisk» bygg og ein har lågare utgifter til straum. Når det gjeld universell utforming ser eg ingen klare bakdeler med dette, heller ikkje kostnadsmessig. Ein må ha plass til rullestol her og der – men dei fleste bygger så stort i dag at ein rullestolsirkel er lett å få inn. Ein treng berre denne standarden på ein etasje, og må sørge for at det er mogeleg å bu i denne etasjen. Her må vere tilgang frå grunnplan, opplegg for vaskemaskin, eit bad, og mogeleg å ha soverom. Einaste justeringa vi måtte gjere var å skyve kjøkkenbenkane litt meir frå kvarandre, slik at ein rullestolbrukar kan lage middag hos oss 🙂 Vi har sjølvsagt ingen tankar om at vi nokon gong skal trenge å vere i rullestol. Eg ser likevel stor verdi av å ha dette på plass, fordi eg er sosialdemokratisk nok til å meine at det å bygge hus er ikkje berre ei privatsak. Dette er eit hus som skal stå der lenge etter vår levetid, og da syns eg det skal ha gode kvalitetar for fleire enn berre meg og min familie. Dernest likar eg effekten av universell utforming – ein gjennomtenkt logistikk, plass til å få snudd seg, armslag og rom. Det er god design.

No ser eg at Husbanken har nye krav frå 1. juli i år. Vår søknad kom inn før den tid, og eg veit ikkje om nye krav ville ha gjort utslag hos oss. Vi overlevde forrige runde med nye krav (man har da holdt på med dette i 4 år), så da var det kanskje greit at vi fekk sendt inn denne søkanden før huset blei utdatert!

Nye blogpostar følger nok i sommar. Frå fredag er det ferie her i huset. Vi skal ingen stad- nei så men. Vi er klare til byggestart.

Advertisements