Nyleg kom eg heim til eit nytt bad. Nytt i den forstand at min mann hadde vaska det, grundig. Det hadde tatt 5 timar, og alle vegger, alle fuger var gjort reine. Dette er altså eit bad som har fliser over det heile. Han var stolt av sin eigen innsats, men klar på at fliser skulle vi IKKJE ha i vårt hus. Tanken har heller ikkje vore framand for meg heller. Men spørsmålet er kva ein då skal ha på badegolva. Vinyl? Eller det meir trendy Epoxy? (sjølv om vinyl nå har fått ein ny renessanse).

Bilde frå BASF

Mi erfaring med flislagte bad er ikkje lang, trass i mine 40 år på denne jord. Eg trur eg må ha vore ca. 26 når eg opplevde flisegolv for første gang – i min 4. leigde leilighet. Det føltes som skikkelig luksøriøst, men frelst blei eg visst ikkje heilt. Etter det fulgte ein periode med golvbelegg, før eg på nytt, for 10 år sidan, flytta inn i leilighet med skikkelig retrobad. Der var det irrgrøne minatyrfliser på badegolvet (og marmor look-alike baderomsplater). Flisene ga meg neller – fugene var møkkete og blei aldri reine. Etter dette flytta vi til nok ein leilighet med fliser – meir moderne denne gongen. Her var det lys grå fuger – ei stund. Etter kvart blei det svært synlig kor vi trødde når vi gjekk inn på badet. Eitpar gonger gjekk eg over med reingjeringsmiddel og tannbørste, men eg fann ikkje slik aktivitet spesielt givande. Det seiest forresten at å gjere reint fliser er så lett. Det kan det nok vere, men eg syns at ved våtreingjering er det lett for at rusk og rask legg seg ned i fugene og forblir der. Det unngår ein med dette:

Bilde klipt frå Flowcrete sin brosjyre

Når alt dette er sagt – eg syns fliser er kjempefint. Særlig når det er lyst og lekker, glossy og gjennomtenkt. Veldig fint. Men etter mitt syn – upraktisk. Eg har tidlegare vurdert epoxy. Eg har til og med vore så framsynt at eg har henta inn pris på det. Det skal koste 850 kr. per kvm (i fjor), arbeid inkludert (fått pris hos betonggulv.no). Det er sjølvsagt ein del pengar, men det kostar å ha nokon inne til å legge flis også (som tar tid å legge). Men det første spørsmålet er vel om vi har lyst på epoxy. Ein aldri så liten konsekvensanalyse må til (i alle fall ei for- og mot-liste).

Cons:

  • sjølv om det er vasstett, tel det ikkje som membran, og er ikkje godkjent i våtromsnormen. Så kan ein spørre seg kven som bestemmer slikt, om epoxy i det heile tatt er vurdert opp mot våtromsnormen, og kva følger det eventuelt kan få i ei forsikringssak. Vil dei som legg epoxy på badegolvet ta ansvar for at badet er sikkert, f.eks? Som backup er det kanskje mulig å legge membran i støypen (kan ikkje ligge rett under epoxy, men om dette går an må eg finne ut av).
  • eg er egentlig ingen minimalist. I det heile tatt. Og epoxy blir presentert som veldig trendy, sprekt og fresh – der er eg ikkje. Eg er tradisjonalist i retning retro. Litt på sidelinja kanskje?
  • skal visstnok vere slippery when wet, men der finst epoxy som er betre egna, litt ru under føttene. Elles ser eg for meg lårhalsbrot i dusjen om knappe 20 år.
  • får visst riper lett (som ein reparerer med nytt lag lakk).
  • blir man lei? Blir det «Oh so 2010» om 10 år? (ja, eg lar meg også påverke av trendar)
  • opplever ein det som kaldt, hardt, industrielt, sjukehus – og alt slikt som eg egentlig ikkje likar?

Pro:

  • nydelig! Blankt og shiny. Eg likar alt som glimrar og blenkjer. Skikkelig skjor
  • er slitesterkt, hardt, tåler vatn
  • er perfekt i eit hus som vårt – av mur, og dermed dønn stabilt og unngår sprekker
  • lett å svosje over med fuktig mopp (ingen dumme fuger som håret legg seg i)
  • kan få det i fiiine fargar (er jo glad i farge)

Min mann er heilt med på tanken. Han er praktiker først og fremst, og så likar han at ting er ryddig, reint, organisert og fornuftig (han kjeftar mykje på oss andre i familien). Eg veit at parkett vil bli viktig for oss, for med høgt under taket og kvite vegger må vi ha inn varme og naturmateriale. Men på bada kan sikkert epoxy bli fint, og nå har vi begynt å vurdere det i matlagingssonen på kjøkenet også, altså mellom benkeskapa, og framfor kjøleskap, frys og ovn. Da må vi ha ein overgang til parketten i stova og sonen i kjøkenet med spisebord, kanskje med ein smal gummi/silikonfuge?

Epoxy på grovkjøkken, i hall/gang oppe er også vurdert, og kva med vinterhagen i same slengen? Om det skal vere kvitt er eg høgst usikker på, i alle fall i vinterhagen som vil vere svært lys, og ei stor, blank, kvit flate vil bli rimelig blendande. Hm… nei, held vel ein knapp på å legge flis her. Kunne det vore fint med ein skikkelig knæsj farge mellom kjøkkenbenkane kanskje? Etter nokre år er ein kanskje lei av glossy orange?

Men det må da vere fint i ein gang?

Klipt frå Flowcrete sin brosjyre

Så vi funderer vidare vi. Er godt vi driv husbygging i slow motion altså. Siste nye er at drensrøyr, avløpsrøyr og slikt er lagt, og det er planert over. Den kjekke plastringen, som eg var litt bekymra over høgden på, er dekka til med jord og blitt så fin atte. Litt for stram og rett, så det spørs om eg på sikt må inn med spaden min og lurve den litt til.