Vi må jo ha noko inni dette huset. Eg blir litt matt av og til over alle val som ein må ta i tida som kjem. Lys og lyskjelder syns eg er mest vanskelig. Det same gjeld fargar og materialbruk. Her følgjer ein del av mine funn på nettet, og eg kaboodlar ivrig. Her følgjer, i vill uorden, ein del av mine funn dei siste månadene. Om alt dette hamnar vi vårt hus er vel tvilsomt, men ein kan i alle fall lage ønskelister…

Kartell FL/Y lampe til barneromma?

E 27 pendant lamp enkelt og greit…. til grovkjøkken og vaskerom? (eg likar hengande lampar, ikkje kuplar)

Mega bulb pendel – denne syns eg er vakker! Kunne hatt tre på rekke over kjøkkenøya

Likte også denne, som ein kan få i alle slags fargar. Må jo ha fargar i eit såpass kvitt hus som vårt! Er å få bl.a hos dkno

Og elles? Eg har vore i kontakt med Betonggulv AS for å få anbud på Epoxy golv til begge bada. Vi blir liksom ikkje heilt fornøgd med å skulle ha flis på bada våre. Vi vil aller helst ha noko glattare og enklare å halde reint, og som også er enda sikrare i forhold til lekasjar. Epoxy ser ut vil å vere veldig fint og «shiny». Meir om slike golv hos Bad og bolig.

Vi har heller ikkje forlatt tanken på «knottegolv», slik som her.

Og så trur eg at eg har funne tørkestativet som islendingen insisterer på å ha. Han veit å engasjere seg i enkelte detaljar. Men bevares, fint tørkestativ, frå Midthaug. Litt usikker på kor vi får plass til det.

Og  i min vandring på nettet fann eg jammen meg ein leilighet med spiraltrapp! Veldig flott, og du kan lese meir om denne leiligheten hos Desire to Inspire. Dei presenterer masse fint!

Eg ramla også over Ideapaint – som leverer «whiteboardmaling». Kunne vore fint på ei kjøkkendør, eller på ein vegg på barneromma.

Og treng du inspirasjon til kjøkken? Eg finn alt eg treng av inspirasjon hos Åpent Hus, både til kjøkken, men også til alle husets rom. Ta ein kikk her, men sjekk også andre bloginnlegg.

Advertisements