Eg skal ikkje skryte på meg å vere aktiv på blog-fronten nei. Der har vore ein del folk som har etterspurt oppdatering, så då var det på tide. Det er ikkje det at ingenting har skjedd! Anbudsdokumenta er nå ferdige, og vi er svært glad for den innsatsen arkitekt Teresa Fersum har gjort for oss. Oppi alt dette har ho også greid å sette ein ny verdensborgar til verda – det står det respekt av! Vi er svært fornøgde med å ha brukt arkitekt, og syns det var fantastisk å få eit hus teikna etter våre preferansar og behov. Vi føler absolutt at det er i denne fasen av «husbygginga» at huset har blitt skapt – det som gjenstår nå er «berre» å få ideen hus til å materialisere seg til objektet hus! 😀

Nå i juni sette vi i gang anbudsprossen, og no ventar vi spent på tilbakesvar. Vi har kontakta både lokale heltar (med godt omdømme), og større entrepenørar som har gjort dette mange gonger før. Dei fleste har eg snakka med personlig – noko eg fann svært nyttig. Eg har god tru på at ein skal følge magekjensla litt når ein er i ein slik prosess. I tillegg er ryddige anbud, gode referansar og pris viktig, men pris betyr heller ikkje alt. Kven vi ender opp med veit vi enda ikkje, men valget vil bli gjort i løpet av sommaren, og i samråd med arkitekten.

Vi er også spent på kor mange nullar det blir i sluttsummen. Det er vel den mest frustrerande biten med å bygge eit spesialteikna hus – det å ikkje vite sluttsummen heilt sikkert.

Eg legg ut dei siste, og endelege, teikningane, som viser planløysinga. Vi gler oss til det store kjøkenet – til vinterhagen – til dei store vindusflatene nede – utgang frå soverom – og alt lyset som vi trur vi vil få.

Advertisements