Ein liten milepæl er nådd; i dag, ca. kvart på fire på ettermiddagen, vart siste døra montert. Eg var tilfeldigvis der. Kjørte forbi for å hente ungane på SFO, og kunne sjå frå vegen at fleire vindu nede var på plass. Da måtte eg svinge opp og fekk tatt bilde når døra ut frå TV-stova til hagen vart buksert på plass. Bildet under viser korleis huset ser ut like før det mørkna i ettermiddag.
Det lyse tømmeret til høgre i bildet er taket på vinterhagen. Vindua her kjem seinare. Under det lange kjøkenvinduet i høgre del av sjølve huskroppen er terrassen påbegynt. Terrassen vil halde fram forbi vinterhagen og ut i høgre bildekant.
TA DA! Siste døra! Det har vore veldig mange tunge løft for tømrarane – sikkerhetsglas i trippelt lag blir mykje tyngde.
Fint blir det. Og fine muren som gir støtte for vinterhagen! Betongkanten oppå vil vi nok forblende. Vinduet nærast muren er i jentungen sitt soverom. Ho har dør ut til hagen. Deretter kjem foreldresoverommet med dør ut her også. Litt smale dører, men god grunn til å halde seg slank!
Blir nok litt annleis her når stillas er fjerna, men litt inntrykk får ein likevel. Har ein liten jobb å gjere i «hagen» ser eg…
Til sist eit raskt sveip opp til den påbegynte terrassen. Ein smal tarm skal sno seg rundt hjørnet ved vinterhagen og halde fram på framsida av huset, under kjøkenvinduet. Eg trudde det kom til å bli litt smalt her, men ser at her blir det plass til både benk og eit lite bord. Her sit vi heilt skjerma for innsyn også. Kanskje vi kunne trenge ein utekontakt til vaffeljernet her på veggen?
Er litt som skjer for tida med andre ord! Metallbeslag som skal på i mønet og rundt vindua i utspringa kjem muligens i slutten av veka – då får eg sjå om eg får tatt nye bilete.
No går det unna! Vert så fint at!
Grådig kjekt å sjå korleis ein heim blir til !
Eg har forøvrig utvida med enda meire rullesteinsområde her på Skår. Fekk brukt opp nesten eit heilt lastebillass til, når våren kjem går vel siste rest rundt om huset ein plass. Har laga noko som kanskje passar dykk betre, mindre steinar og med elvegrus/singel imellom. Dette er lagt ved sidan av ein gangveg opp frå parkeringsplassen og opp til terassen. Nok om meg og mitt. Gler meg til å sjå fortsetjinga på huset, ser ikkje ut til å vera lenge til de byrjar inne no.
Så spennande Tormod – er det dyrt å kjøpe sånne mindre stein? Eg ser for meg steinar frå nevestorleik og oppover til.. tja.. hovudstorleik? Farge betyr jo også litt, Veit om ei elv eg kunne ha funne fleire lass, men det er altfor langt å kjøre, og sikkert ikkje greit å berre forsyne seg på annan mann sin grunn 😀 Så det let eg vere, får heller finne ut kor eg kan kjøpe slikt.
Det var same prisen som for dei store, ca. 150kr/tonn + frakt og MVA. Eg fekk levert eit billass med variert storleik slik at eg fekk ferdig arealet med dei store steinane. Så brukte me mindre stein, dvs. frå appelsin- til gresskarstorleik til det nye området, med innslag av nokre større stein for å bryta opp litt. Fekk og nokre STORE steinar som me har plassert saman med rododendron langs med vegen opp til huset.