Archives for category: Tømmerarbeid

Eg hadde ikkje heilt sett for meg husa sine hemmeligheter – alt som ligg kamuflert inne i veggar og tak. Eitkvart moderne menneske veit jo at ein treng straum og vatn i eit hus, men lite visste eg kor mykje plass det må ha, og kor krevjande det er å få det tilpassa og smetta og snudd gjennom, over og under. Og i dag har eg sett at eit avløp frå eit toalett ned gjennom kan vere reine skulpturen. Det var nesten litt vakkert der det samla to nedløp frå taket i etasjen over, dreide seg mot veggen, sklei nedover, bende seg inn i veggen, og forsvann ned i golvet og forhåpentligvis ut under huset. Med ein sokk på, for å dempe støy og sus. Røyret skal få stå sånn, eksponert, for her er vi på teknisk rom, og det skal få vere….. teknisk. Så får vi sjå om eg blir lei av å tørke støv av avløpsrøyret mitt.

Sol over heile Vestlandet i dag. Vi gler oss over dei store vindua i karnappet. Dette blir bra både i solskin og snøstorm

Alle stenderar i vegger ser ut til er komne opp, og alle tak er lekta ned. Det er klart for gipsing. Elektrikar har vore i sving i forrige veke, og punkt for elektrisk er i ferd med å komme på plass. Sidan vi er litt over normalen glad i pendlar, og litt under normalen glad i spottar, så er det ein del som må avklarast no. Særleg når ein heller ikkje vil ha støpsel oppe ved taket for pendlane. Plassering av takpunkt må da vere nokså nøyaktig over der vi skal ha bord, og da var det best at vi sjølve bestemte nøyaktig kor dei skulle komme. Så det fekk vi gjort i dag, godt utstyrt med måleband, snor og lodd, planskisser og sprittusj. I same slengen som vi markerte takpunkt, så fekk vi tatt ein del andre viktige ting som surround og lyd.

Og nå når vi kan oppleve romma meir, så har vi høve til å legge inn endringar før det blir for seint. Heldigvis var det ikkje så mange, for bildet under representerer ein del lappar….

Vi brukte lengst tid på å finne ut kor dei tre pendlane over kjøkkenhalvøya skulle henge. Nøyaktig liksom. For først måtte vi finne ut kor øya kom. Og så måtte vi sjå for oss kor tett pendlane skulle henge… Mannen satsa på rein matematikk, medan eg satsa på å lukke augene og visualisere og finne balanse…. Men vi kom nå i hamn på eit vis og fekk teikna opp nokre piler høgt der oppe ved mønet. Borda på tvers er feste for ventilatoren, og utkastet skal vere på den vesle veggbiten mellom vindua.

To pendlar over spisebordet måtte på plass. Først må ein finne ut kor stort spisebord ein har/planlegg å ha. Deretter – kor skal det stå i forhold til veggar og benker? Kor stor plass treng stolar? Og kor breie lampar skal vi ha over bordet (eg ser for meg to som er store, ca 50 cm. i diam). Vi endte opp med å tusje bordet rett på golvet og plassere pendlane etter dette. Ikkje for langt frå kvarandre, men ikkje for tett heller. Når punkta var plassert vart punktet i taket funne ved hjelp av snor og lodd.

Kva lampe? Vel, nå har vi investert i dyr pendel til stova, så lommeboka har mest lyst på to stk. Brasa frå IKEA. Dei er fine i formen og har innvendig blending. Helst ville eg hatt raude, men nå ser eg dei berre i kvitt og svart?

Og til sist eit bilde frå utsida. Murpussen ser ut til å bli veldig bra – og eg er fornøgd med fargen mot både treverket, vindua og dei grå platene.

Kva skjer i veka som kjem? Arbeidet med røyr held fram. Innan mandag må vi avgjere om vi skal ha vasskranar på badet som kjem ut av kasse på vegg, eller er montert fast i vasken. Elektrikar trekker sine ting vidare, murar pusser meir (hurra for solskinn!) og tømrar går i gang med gipsing. Kanskje aller mest spennande – vinterhagevindua er komne og skal opp. Det skal bli bra å få bort dei siste presenningane. Horisonten vidare har eg ikkje full oversikt over, men malaren kjem i midten av april, golvet frå England kjem første veka i mai, og kjøken og trapp i slutten av denne månaden. Og i stova vi leiger hopar ting seg opp. Vi har ein sovesofa innapakka i papp, ein fantastisk Random Light pendel som tar noko over 1 kubikkmeter, og snart skal vi ta i mot kjøkenomn, platetopp, kombiskap, varmeskuff, oppvaskmaskin, tørketrommel og vaskemaskin sendt frå Danmark. Skal tru om vi får plass under senga?

Advertisements

Da har eg vore ute med min elendige Iphone 3 igjen og tatt bilde. Slik såg det ut i går – eit panorama sett saman av tre bilde.

Tømrarane har gjort ein stor innsats på garasjen dei siste dagane. Min første reaksjon var «gu så diger!!», men ser at bygget bidrar til to veldig fine uterom hos oss. For det første markerer det innganspartiet av tomta – ein plass som nok blir dominert mykje av betong og stein. Her må vi jobbe litt for å få mest mulig grønt inn. Eit av tiltaka vil vere at vi plantar noko grønt i «renna» mellom støypekant langs vegen og muren langs vår innkjørsel. Bredt er det ikkje – kanskje 40 cm., men nok til at vi kan få opp nokre låge planter. Ingenting høgt – for vi treng ikkje skjerming på denne sida av huset.

Her er også garasjen, sett frå huset.

Eg trur dette blir bra. Inst i garasjen blir det ei bod. Vestveggen (der stillaset står), blir nok ein viktig solplass for oss, og blir det andre uteområdet som garasjen skapar for oss. Her er nemmelig terrasse  med utgang frå kjøkenet, og her blir det veldig bra skjerming i forhold til innsyn. Og sjølv om vi har trekt garasjen nærmare huset enn det som opphavleg var tenkt, har vi god passasje mellom hus og garasje. Mycket bra.

Innsatsen har altså vore på garasjen dei siste dagane, men dei har også gjort noko med huset sidan sist. Alle sperrer er nå på plass, og slik ser det nå ut inne. Bildet er tatt mot nordveggen i hovedetasjen.