Det er framgang på tomta, trass i veret! Det er nesten ikkje til å forstå, men på onsdag, i haglebyger, piskande regn og storm i kasta, fekk dei lagt på «ei greie» som eg kallar det, på taket. Ein duk i alle fall, og presenning over, for å halde regnet ute. Då reknar eg med at vi ikkje vil kunne sjå opp på himmelen igjen når vi står inne i huset…

Bilete

Pakkane med material som har lagt på oversida av huset er pakka ut – og avdekka bl.a. det ferdigbeisa panelet som vi bestilte. Fargen ser heilt super ut, og dei er nå i gang med å legge på garasjen (på bildet over vert dei første panela satt på). Panela skal på i litt vill uorden, utan system og fast oppskrift på kor stor avstand det skal vere mellom borda. Eg snakka med handverkaren som held på der oppe, og ba han bruke det han hadde av kreative gener! Bra trur eg det blir uansett.

Bilete

Her er garasjen frå andre haldet. Han står altså i ein betongmur mot vegen. På hjørnet av garasjen kjem nok ein busk eller levegg av noko slag, slik at vi skjermar terrassen på sida av huset.

Bilete

Og slik ser det no ut i hovedetasjen! Her ser vi beint mot gjesterommet til venstre, og badet i høgre hushjørne. Den store opningen til høgre er hovedinngangen.

Bilete

Og motsett veg; mot grovkjøken og kjøken. Midt i etasjen ligg den øvre stova. Og forskalingselementa (?) som ligg i midten dekker trappeholet ned. Dette skal omsider bli rundt, og gi plass til ei vindeltrapp.

Bilete

Garasjen er allereie i bruk, og husar nå alle vindu og glasdører som skal inn i huset! Her står også panelet som skal på garasje og huset sine karnapp. Eg veit ikkje om dette bildet og nettvisning av fargen blir heilt riktig, men den er nok ikkje så fjern. Det blir i alle fall ein god farge, og noko som varmar opp mot den kvite, kalde muren.

Det var alt frå meg i dag!

Advertisements