Eg har tidlegare sagt at vi har valgt å putte pengane i vindu i dette huset. Der er eit unntak – trappa.  Trappa er trass i alt ein ting vi ikkje reknar med å skifte ut nokon gong, og må sjå bra ut sidan ho skal gå frå stove til stove. Men det å skulle ha vindeltrapp er ikkje plankekjøring. Ikkje alle trappeprodusentar tilbyr slike trapper. Og ein del av dei som gjer det, har vindeltrapper som ikkje ser bra ut. Dei ser ut som nødløsningar som er valgt fordi det rett og slett ikkje var plass til ei skikkelig trapp. Vi har plass til ei trapp med diameter på ca. 2 meter. Den bør kunne bli både skulpurell og god å gå i. Eg hadde i det lengste håpa på å få produsert trappa lokalt, men Frekhaug trapp kunne dessverre ikkje tilby dette. Derimot kunne dei sende oss vidare til Bjørns trevarefabrikk i Larvik som kan lage slikt, og her har vi hatt ein veldig fin og postiv kontakt så langt. Heile trappa skal vere i ask, både trinn, klossar, håndløpar og denne stolpen i midten som har eit namn eg ikkje kan hugse i farten. Trinna skal vere kvitmattlakka. Når det gjeld spiler veit eg faktisk ikkje heilt kva vi velger, men for sjølve holet oppet trur eg det blir heilglasrekkverk som er bolta fast i dekkekanten. Holet ned til undertasjen er faktisk firkanta, ikkje rundt, sjølv om vi skal ha vindeltrapp. Eg er litt spent på om det samlar seg rusk og rask i ei eventuell mikroskopisk glipe mellom glaset og dekkekanten. Og korleis blir det å halde glaset reint? Vi har ungar som er over «kladdealderen», så da kan det kanskje gå?

Døme på bruk av heilglasrekkverk hos Bodø Glass og Ramme.

Og her ser ein korleis slikt glas blir festa. Bildet er lånt frå Glassmester Christoffersen.

Når det gjeld parkett held vi frameleis ein knapp på einstavs kvitmattlakka ask. Her er eit knippe kvitmattlakka parkettar i ask på nett. At det blir einstavsparkett er vi heilt sikre på, men kva merke og tresort er meir usikkert.

Variasjonen er altså ganske stor – og eg trur mykje skuldast korleis bilde blir vist på ein skjerm. Vi ønsker noko som er om lag som parketten oppe til høgre. Litt varme må vi ha. Parkett er også ein stor utgiftspost i budsjettet, men her prøver vi verkeleg å knipe ned kostnadene. Vurderer å kjøpe i England og få sendt det hit – her er det pengar å spare. I så tilfelle blir det Kährs-parkett, og det skal vere av god kvalitet.

Advertisements