Eg posta nettopp, men kan jo oppdatere enda litt til. Neida, neida, framleis ikkje mykje nytt, anna enn at graving startar sånn ca. nesten sikkert med forbehold denne veka 😀 He he he, eg har slutta å tru, men eit håp har eg lell. Det skal bli moro å sjå ei maskin i sving der oppe i alle fall. Og når det gjeld andre ting – vi har bestilt ny takst på tomta. For der er faktisk ein god ting ved å drive husbygging i slow motion. Det er at tomta får tid til å godgjere seg… så nå er ho blitt meir verdt verkar det som, i alle fall i følge takstmannen eg var på telefonen med i dag. Det betyr mykje for oss sidan vi er to nerdete akademikerar som i staden for å jobbe frå vi var 20 gravde oss ned i bøkene på universitetbiblioteket 😀 Vi får håpe på at utdanninga vil betale seg i livslønn (men eg er jammen ikkje sikker), og berre akseptere at vi stiller på same nivå som dei 20 år yngre.

Advertisements