På tide med ei oppdatering, sjølv om eg ikkje har så mykje nytt å kome med, og i alle fall ingen bilde! Eg førebur søknad til Husbanken, og sankar inn dokumentasjon på huskostnader. Med andre ord: konkrete tilbod og dokumentasjon på kva det heile vil koste. Vi fekk inn tilbod på energibrønn fredag kveld, totalt kr. 55 000,- for 130 m. borehol. Dette inkluderer ikkje VV-pumpe, som rørleggar kjem med tilbod på. Prisen på boreholet var heldigvis som forventa – vi har i vårt nokså grove budsjett satt av 60 000 på denne potten. Når det gjeld elektrikararbeid, har vi eit detaljert og grundig tilbod på 180 000,-, også dette under potten vi grovt sette av på 200 000,-. Røyrleggar ventar vi på – det vil komme neste veke. Her håpar vi på å havne under 250 000,-, noko eg ikkje er sikker på om vi greier. Det skal jo vannbåren varme inn i 2 etasjar, vv-pumpe og varmtvasstank med oppvarming av forbruksvatn, og elles det ein treng til to bad, vaskerom, kjøkken og grovkjøkken. Eg har elles fått inn fleire tilbod på vindeltrapper, og prisen varierer noko etter kvalitet. Her har eg tilbod på alt frå 55 000,- til 88 000,-. I søknaden får vi legge ved eit av dei dyrare tilboda, og heller sjå om vi kan kome heldigare ut. Vi er einige om at trappa faktisk er viktig for huset – ho hamnar midt i heile huskroppen, og går frå ei stove til ei annan. Ho bør sjå bra ut, ja egentlig er det her vi skal legge ned litt cash dersom vi har noko til overs å bruke på design. Ein IKEA-lampe kan lett skiftast ut seinare, men ei trapp er hakket vanskelegare. Tilboda på trapp henta eg inn i haust, og det var leit å oppdage at Frekhaugtrappa dessverre ikkje lagar vindeltrapper. Hadde vore veldig praktisk å bruke ein lokal produsent! Nå må vi belage oss på å få trappa laga annan stad, og frakta hit til ein ganske høg pris. Av andre utlegg har vi sjølvsagt ventilasjonsanlegget. Her har vi eit tilbod på 40 000,- som samsvarer med det vi har sett av. Kjøkken frå IKEA vil ligge på opp mot 100 000, og då baserer eg meg på planleggaren frå IKEA . Eg reknar med at dette vil duge som dokumentasjon til Husbanken. Baderomsmøblar blir truleg også IKEA, og dokumentert på same vis (vi kan sjølvsagt velge andre møblar, men Husbanken skal ha all dokumentasjon over kva vi har trong for å låne). Parkett skal vi handle sjølv, og har satt av 80 000,-. Eg reknar med at Husbanken berre treng å vite kor stort areal som skal ha parkett, og kva kvm-pris vi reknar med å spandere. Her kan vi sjølvsagt velge laminat for å knipe på kronene. Eg har likevel mest lyst å legge parkett når vi først er i gang. Kährs har komme med ein ny tynnparkett som eg syns ser perfekt ut. Linnea Oak Cloud, som ein kan importere frå England for ein pen pris. Andre mindre ting (som vi også har satt opp i budsjettet) er kjøkkenventilator (10 000), omn og pipe (15 000), flis og belegg (10 000?)
Og sist, men absolutt ikkje minst, har vi sjølve huskroppen. Her kan vi ende opp med ca. 1,5 mill på både murararbeid og tømrararbeid. Vi har vel nå meir eller mindre valgt entrepenør, men dei siste justeringane av pris og detaljar er inne nå. Over helga håpar vi å få prisen satt. Om kostnadene blir som vi håpar på, kan vi skrive kontrakt. Firmaet vil vere ansvarleg for huskroppen, men vi gjer sjølv avtale med røyrleggar, elektriker, brønnboringsfirma og ventilasjonsleverandør. Vi vurderer sjølvsagt å få firmaet som bygger huset til å koordinere det heile – dette får vi eventuelt ta etter avtalt pris. Når det gjeld grunnarbeid har vi allereie skreve kontrakt med Anlegg as, på 500 000,- . Dette inkluderer ein del natursteinsmurar som vi får på plass før huset reiser seg.
Vi har ei aning om totalsummen, men den legg eg ikkje ut her 😀 Den blir over det vi ønskte, men vi har framleis håp om at den blir under det vi kan frykte. Husbygging er ikkje for sarte sjeler….
Husbygging er ikke for sarte sjeler nej d er helt sikkert:=) MEN det er jo gledelig å se at det til stadighet går litt fremover med dere, selv om dere nok selv syns det går alt for sakte. Hvis jeg skal gi et tips så må det være å la et firma samkjøre alså være bygglederen for hele prosjektet, dette har kostet oss MANGE timer, er utrolig mye arbeid og kordinere,purre og mase på aktører …. Ikke en hvilken som helst jobb du kan ha for å være byggeleder itilegg for det blir mye ringing, og kjøring ut til huset.
Overrasket over at ikea kjøkkenet ble så dyrt, vi har valgt KVIK mano høyglans sitt kjøkken, og havnet på det samme som dere gjorde med ikea :S
Flis og belegg kun 10.000 håhå der må dere nok legge på mer. Vi har hatt en kompis til å fliselegge for oss, men måtte ha inn firma til membran (pga forsikring) 30.000kr KUN for membran&tunnpuss kostet det.Flisene betalte vi ikke så mye for, handlet på megaflis der hadde de gode tilbud:) Anbefales det hvis det finnes der dere bygger:) Hva skjer foressten med epoxyen skal dere enda ha det på noen badegulv?
Nei, 10 000 er nok lite ja 😀 Epoxy er ikkje ute, men eg har lest ein del skeptiske kommentarar på Byggebolig i det siste, som gjer at eg er blitt usikker. Vi får sjå.
Kjøkkenet er dyrt fordi det er svært. Vi har 18 benkeskap, 4 høgskap og 6 overskap. Det blir mykje benk også. Har forresten vurdert ein kombinasjon av IKEA og KVIK. Greit å bryte litt opp; kanskje ha høgskapa i eit anna materiale 🙂
Så kjekt du følger med oss 🙂 Ja, det går treigt, men det skuldast nok at mannen berre jobbar og har knapt med tid til å tenke hus. Vi har lita tid til å sette oss ned og diskutere. Da blir det langt mellom dagane det blir tatt ei beslutning. Og så ein del andre faktorar som spelar inn. Men det kjem, det kjem, nå er i alle fall grunnarbeidet like om hjørnet 🙂
Er det nødvendig å søke husbanklån då? Vi fekk eit mykje betre tilbud i min lokale bank. Eg berre sa ein cirkasum og så fekk eg det som flexilån som vi har endå. Byggelån er dyrt så eg glad vi fekk gode rentebetingelsar og ingen lange skjema og dokumentasjonar på kva ting kostar. Det er umogleg å vite.
Kvifor borer dokke etter vatn?
Husbanken tilbyr nå fastrente på 20 år til 4,3. Fastrenta på 3 år er 3%. Slike renter kunne vi godt tenke oss! Krava til huset går ikkje på storleik eller kvalitet, men på energieffektivitet og brukarvennlighet (det skal vere mulig å leve på eit plan). Vi fell innafor desse krava. Har du lågt tilbud i banken din? 🙂 Det er bra i så tilfelle! Vi skal ha byggelån i gamlebanken min i heimbygda. Lånet der meiner eg skal ligge på 4 % og noko. Hugsar ikkje i farten.
Vi borar etter vatn for energibrønn. Hente varme til huset 🙂
Så spennende! Er skikkelig misunnelig på dere som har kommet så langt i prosessen. Selv om dere har vært treige så er vi enda treigere, sukk. Har ingen peiling på prisene, men interessant å se hva dere regner med.
Spennande. Her ventar vi berre på at entreprenøren kjem i gong… Skal få oppdatert bloggen snart.
Har du sjekka nytrapp.no?
Åh- innlegget ditt bringer frem minner- av den stressende sorten. Det er jo en spennende tid- en liten fugl ved navn Roger sa til meg at han var klar for å begynne når som helst, det er jo gode nyheter! Stå på, dere er i hus før dere vet ordet av det!
Forresten, sjekk ut Åpent hus, jeg sender utfordringen videre til deg! Premier å vinne! 🙂
http://fosseshageoginterior.blogspot.com/2011/01/hurra-for-apent-hus.html
AC