Vi møter enda ein haust i leigd leilighet.

Men heilt ærlig er dagane meir gylne enn dei er regntunge. At huset tar si tid får så vere – berre naboane i gata held ut! Dei må vere lei av å lure på kva vi egentlig driv med.

Siste nye er at underteikna er ansvarleg for noko rot med papira, slik at siste tilbyder hadde ikkje godt nok grunnlag når han kom med pris. Han justerer dette nå, så vi håpar at vi får inn siste talet snart slik at vi kan sette strek for anbudsprosessen. Det skal bli godt! Vi har tru på at vi ender opp med ein sluttsum som  Husbanken vil gå med på. Dersom ikkje må vi ta to skritt tilbake og prioritere enda strengare.

Husbanken ja. Det går sakte men sikkert opp for meg at det er litt av ei mølle. Eg går på med krum hals; skjema-fetishst som eg er. Søknaden bør vi få avgårde så snart vi har eit pristilbud vi aksepterer. Tilsagn får vi ikkje før på nyåret, og først då kan vi gå til ein vanlig bank å få byggelån. Derfor er det ein fordel at vi har fått søknaden avgårde i år, slik at den ligg der klar og fin nå januar tikkar inn og Husbanken brenn etter å drysse pengar. Får vi håpe da. Nettsidene til Husbanken er relativt greie å finne fram i. Og eg har i alle fall klart å finne søknadsskjema. Ganske raskt oppdaga eg at huset trong energimerking. Dette kunne eg få hos http://www.energimerking.no. Etter å ha kjempa meg gjennom denne prosedyren, som tok ca. 1,5 timar, endte vi opp med ein kategori «B» på huset. Eg valde detaljert merking, noko som gjorde at ein måtte legge inn spesifikasjonar på alle vindu, isolasjon, lengde og brede på alle krinkar og krokar, osv.

Og her er mitt energimerke:

Juhu! Vi SKAL faktisk bygge eit lavenergihus («B»), nokså viktig å få svart på kvitt når ein søker Husbanken. Og dette, til tross for at vi berre skal ha Leca isoblokk utan nokon annan isolering. I følge dei nye retningslinjene frå Husbanken er det også ein del andre ting som kan vere viktige. Eg kunne puste letta ut over at vindusarealet vårt ikkje er for stort (tross våre svære vindu mot vest).

Eg fann ut etterpå, at dersom ein IKKJE vel å ta den detaljerte registreringsmetoden, men heller velger den enkle, som tar ca. 5 minutt, vil dei aller, aller fleste få ei «penare» energimerking. Eg prøvde det ut. Vi hamna framleis i «B», men fargen vart ein gul B, i staden for ein orange B. Forstå det den som kan. Moralen er; i dette tilfellet er det enkle det beste.

Jobbe med søknaden ja….

Eg innser at min forkjærlighet for skjema skal bli rikelig påpassa i vekene som kjem.

MEN alt dette gjeld berre sjølve huset. Når det gjeld grunnarbeidet er vi komme noko lenger. Min gode, gamle barndoms bank ga i dag beskjed om at dei gir oss eit lån til opparbeiding av tomt. Dei ser litt vekk når det gjeld vår litt slanke eigenkapital, og tilbyr også ei rente på dette lånet som vi ikkje skal klage på. Gode, gamle banken! Så nå har vi snart ein Roger i gang på tomta. Han har sendt sine papir over til arkitekten, og sidan ho er ansvarleg søkar, er det henne som sender søknad til kommunen om igangsettingløyve. Det hadde vore suverent om dette løyvet kom fort og gale, men gjer det ikkje det, så trøstar vi oss med at dei siste åra har lært oss at husbygging tar tid.

Mentalt har eg jo sjølvsagt flytta inn i huset allereie. I dag har eg tatt ferie, og drog med jentungen til IKEA. Her har eg myst på steikomnar (nokre skal visstnok vere Electrolux sine), eg har sett på runde kaffebord, på TV-møbel, sofa, lampar og alt det andre som vi aldri i verda har råd til når huset står ferdig 😀  Kjøpte meg ei bok også, ja på IKEA. Det er ein presentasjon av ulike svenske heimar, der IKEA sine møblar inngår. Stilen er umisskjennelig IKEA, sjølv om interiøret faktisk er iblanda ein god del andre ting også. Meir av det same med andre ord. Likevel – kjelde for inspirasjon og draumar. Eia var vi der.

Advertisements