Då har vi endeleg fått inn siste tilbud på huset. Det har vore ein langdryg prosess, som altså har tatt 3 månader. Tre månader med venting stort sett. Entrepenørane har tydelegvis nok å gjere, og vegrar seg for å rekne på tal på kveldstid. Trur eg da – eg veit i grunn ikkje kvifor det har tatt slik tid. Men vi sit no med 4 tilbud, som spriker mykje. Skilnaden på dyraste og billigaste er ca. 1,8 millionar! Det er bortimot eit halvt hus det. Differansen blir også ein svimlande sum i renter. Dei to dyraste tilbuda er frå to større murarfirma i nabokommunen DenStoreByen, og da tar ein seg vel betre betalt da. Vi innsåg vel raskt at slike summar ville vi slite med å få lån til. Dei to lågaste tilbuda var dei som kom inn sist; seinaste for eitpar dagar sidan. Skilnaden på desse to er også forholdsvis stor, og vi må sjå litt nærmare på kva vi er blitt tilbudt for å vere sikker på at vi veit kva vi får for pengane.

Heldigvis har vi vår gode arkitekt og hennar arkitekt-far. I denne veka fekk vi til eit møte på kafe, der vi fekk gått gjennom og diskutert kva som hadde komme inn, samanlikna prisar og innhald.

Det var fantastisk å kunne få litt nøytral hjelp og rettleiing oppi alt dette. Å gå rundt og ikkje vite fram og bak på ting er frustrerande. Ein kjenner seg så nær byggestart, men likevel så fjern. Og valget ein til slutt tar er viktig, og bind oss opp økonomisk i mange, mange år. Galskap! Kvifor gjer ein dette frivillig? 😀

Etter møtet med arkitekten hadde eg ein samtale med ein saksbehandlar hos Husbanken; eg hadde nokre spørsmål om søknaden som skal sendast, og kva som kan inngå i budsjettet eller ei. Han verka litt bekymra for at vi skulle bli lurt – han meinte at der var så mange fallgruver, og vi sto ganske svakt sidan vi tydeligvis ikkje visste myke om det å bygge hus. Han var mest opptatt av om det billigaste tilbudet kanskje innebar dårlegare kvalitet. Vel, vi får sjå kva utfallet blir hos Husbanken, men dei har i alle fall nokre fastrentesatsar som er fantastiske. Det er verkeleg eit mål å få eit tilsagn hos dei. Vi veit at vi har på plass to viktige ting: livsløpstandard og lavenergi. I følge saksbehandlar holdt det faktisk med eitt av desse kriteria. Vidare ser dei sjølvsagt på om vi er i stand til å betene lånet. Det får vi da håpe!

Det som gjenstår no er sjølvsagt å bestemme kven vi ønsker skal bygge, skaffe byggelån (får håpe vi får det nå da! 😀 ), og søke igangsettingløyve. Kven som skal ta grunnarbeid er allereie bestemt, og der føler vi oss i trygge hender. Eit detaljert tilbud var tillitvekkande, og når naboane berre har skryt å komme med var valet enkelt 😉 Vi vurderer å søke igangsettingsløyve på dette først, og ta huset til neste år. Vi fekk nemmelig vite at Husbanken gir ikkje tilsagn før til neste år. I prinsippet bør ein ikkje begynne bygging før tilsagn om lån er gitt frå Husbanken.

I morgon har vi ei avtalt synfaring på tomta, saman med den eine tilbyderen. Vi har mange spørsmål; detaljar som vi ønsker spesifisert, tankar om framdrift, og korleis ein ser for seg samarbeid med oss, arkitekt og andre involverte skal vere.

Å vere der vi er nå innbiller eg meg er ein av dei mest frustrerande fasane. Ingenting er bestemt, og mykje er så usikkert. Eg trur og håpar at ting fell meir på plass og ein kan puste ut når valget er tatt, lånet er innfridd og løyve er gitt. Det må ein tru på!

Og medan denne prosessen held fram i sine bølgedalar, kan ein jo surfe rundt og kikke på fine ting. Slik som dette knippet lampar frå Ambientdirect. Der er til og med salg på enkelte av mine favorittar. Skal tru om det kanskje er litt lurt å vente til huset har fått vegger før eg begynner lampeinnkjøp?

(alle bilde under er frå Ambientdirect).