I påvente av å ha noko å skrive om (dei er jammen glad i ferie desse entrepenørane altså..), så kan eg jo opplyse om at ein av mine absolutte yndlings-bloggar, Åpent hus, har blogglotteri for tida (og eg skal nå skaffe meg eit lodd).

Sørg for å ta ein grundig kikk i bloggen, for her er masse inspirasjon å hente! Denne damen har ein tendens til å blogge om ting som eg treng å vite noko om (litt mirakuløst egentlig). Eg har f.eks lenge gått rundt og tenkt at eg må ha eit rundt kaffebord. Eit rundt, enkelt kaffebord til å ha i utspringet oppe, med ein sofa på kvar side. Og utsikt over vatnet. Og så kjem denne blogposten. Det er jo perfekt!!  (Heilt til ein finn prisen, men det snakkar vi ikkje så høgt om i desse budsjettider).

Nuvel. Det er lite å melde frå byggefronten. Vi ventar på to tilbud til, og den eine er på ferie denne veka. Så får vi tru at neste veke kan bringe noko nytt. Vi har i mellomtida fått inn eit tilbud på opparbeiding av tomt. Det var dyrt, men vi ser likevel at vi får mykje for den prisen, i og med at arbeidet ser ut til å vere komplett. Eg har fått erfare at eit tilbud ikkje nødvendigvis inkluderer alt som var i anbudsdokumentet. Opparbeiding av tomt treng ikkje bety at ein også får pris på grøftene som ein nøvendigvis må ha. «Åh, skal du ha dreneringsgrøft, sånn at du slepp å få vatn inn i huset seier du? Åh, men det er jo EKSTRA det». Er det det ja, korleis skulle vi kunne vite det? Eg prøver å få med meg alt som står med liten skrift, men det blir komplisert når ein i tillegg skal ha oversikten over det som ikkje står nokon stad.

Og i mangel av å ha noko å ta bilde av, så viser eg bilde av ein fin kopp, funnen i eit skap hos min gamle onkel. Ja takk. Turidesign, Tor Viking, Figgjo, Made in Norway.

Advertisements