Ingen svar. Eg har prøvd meg på telefonen i dag. Ringt tre murarmestrar som vi har sendt anbud til, for å høyre om dei kjem til å komme med anbud, og om ferien kanskje er over nå? Tydeligvis ikkje –  det er visst framleis ferie. Det er berre til å smøre seg med tolmod tydeligvis. I mellomtida får ein heller ta ein snik-kikk i IKEA-katalogen som kjem i midten av august. Den amerikanske versjonen er tilgjengelig på nett, og stort sett er den vel i samsvar med den vi får her heime på bjerget. Mykje vakkert å sjå så langt. Kanskje ikkje så mykje nytt? Spennande å sjå at ikkje alt er kvitt lenger heller – passar bra for folk som meg som er glad i litt fargar! Her er ein del av bilda som fenga mi interesse, og ser ut til at eg helst har plukka meg ut introduksjonsfoto til ulike underkapittel i katalogen (alle bilde frå IKEA):

Advertisements