Det er midt i juli, og naturlig nok høyrer vi ingenting frå dei andre som skal gi anbud på huset. Sånn er det nå – folk må ha lov å ha ferie! I mellomtida tygg vi på det eine anbudet vi har fått, og håpar at kommande anbud vil vere litt lettare å svelge. Vi har i alle fall god tid til å tenke gjennom kor vi kan kutte kostnader. Eg tok ein telefon til tømrerfirma som leverte anbud på snekkerarbeidet. Dei gode nyhetene er at dersom vi droppar sink-tak og går for takpapp i staden, så halverer vi tak-budsjettet. Ja takk, seier vi da – så får sink vere så fint og flott det vil.

Elles kan vi utsette terrassen (kr. 80 000 trur eg det var?), og utsette garagen. Kanskje pyttelite leit? Å legge parkett sjølv skal vi greie – det har vi gjort før, men det spørs om det er så mykje pengar  å spare på dette. Og så var det energibrønnen da. Fine brønnen. Skal vi utsette den også, og satse på at lavenergihus nesten ikkje treng varme? Vi har jo vedomn oppe, og det går å skaffe seg ein laus olje- eller gassomn i underetasjen. Det kan nok bli kjølige badegolv dei første vintrane….

Men vi planlegg no vidare okke som, og håpar på mange gode anbud i august. I går var vi innom Gulvspesialisten for å sjå om kvitmattlakka ask og eik verkeleg var noko for oss. Viktig å sjå det i litt større format enn ein liten plankestump! Her fekk vi fin hjelp og ein del nyttig info. Kvitmattlakka eik var det som fall mest i smak (finare mønster enn ask), og jammen meg likte eg ikkje best kina-parketten som var billigast. Hmm… Selgaren bedyra at den var laga for det nordiske markedet (med tanke på tørking av treverket), og at kvaliteten var god. Den andre eikeparketten som også var kvitmattlakka og einstavs, var litt dyrare, men denne var litt meir solid, hadde eit litt betre klikksystem, og ei stripe med voks i klikk’en som forhindra knirk. Viktige ting med andre ord. Men mønsteret og gløden i denne var ikkje like fint som i billig-parketten. Heldigvis skal vi ikkje bestemme oss enda.

Elles har eg tenkt å ringe Enova (mulig dei har ferie også?), og høyre nærmare om dette med lavenergihus og krav til vindu. I anbudet vi har fått er prisen på vindu satt til 500 000,- . Ihhh! Trelags superisolerande glas er tydeligvis veldig dyrt. Eg må sjekke om et er mulig å ha mindre isolerande glas enkelte stader, f.eks på dei minste vindua. Dernest trur eg vi må sjølv ta kontakt med diverse vindusfirma og be om pris. Kanskje kan vi spare ein del på å kjøpe vindu sjølv og halde dette utanfor anbudet. Det blir derfor ein telefon til Lyssand, Natre og Gilje. Fleire finst der vel også.

Elles har mine foreldre proklamert at dei skal betale kjøkkenventilator. Ja takk seier vi da 🙂 Enn så lenge har vi våre auge på Cilindro i kvit frå Rørosmetall. Sidan denne saken skal henge fritt i rommet, og ha eit laaangt røyr opp i eit himmelhøgt tak, føler eg for å finne ein ventilator som er litt «underdanig». Blank kvit trur eg blir bra mot kvit høgglans kjøkken. Og vi skal ha glashette – trur vi kan trenge all hjelp som er å få når lukt og os skal trekkast frå eit så digert kjøkken.

Bildet under er frå Norema og viser den kvite varianten, utan glasplate.

Og her er ventilatoren i stål, med glasplate

Over og ut frå meg! Vi nyt sommaren og håpar på gode anbud i august!

Advertisements