Vi kjører forbi nede ved vatnet nesten kvar dag, og myser opp mot tomta. Naboen er i gang, og det er så kjekt å følge med på!

Vi gler oss til vi er komne like langt! Vi har vore heldige og fått fin kontakt med våre kommande naboar. Det er kjekt å følge med nå som dei er i gang, og like spennande kvar dag om muren som nå blir satt opp har blitt litt lenger. Etter planen skal dei bli ferdige i haust.

Og oss? Jo, nå ser det ut til at anbudsdokumenta er ferdige om 2-3 veker, forsinka, men ein kan jo ikkje vente anna når arkitekten får barn! 🙂 Vi har fått fullført alle skisser over elektrisk, sentralstøvsugar og coax. Eg har også snakka med entrepenøren som grev på nabotomta. Verkar som ein god mann på staden, og vi sender nok anbudsdokumenta til han også. Han tok gjerne heile jobben frå A til Å, og leigde inn lokal arbeidskraft. Ikkje oss imot. Likevel må vi sende anbudet ut til fleire, og samanlikne kva vi får inn. Pris er viktig, men ikkje alt.E

Er vi i gang i mai skal tru? Kan vi flytte inn i nytt hus på nyåret?