Vi har bestemt oss for å ha eit lyst golv, både fordi det er praktisk men også fint.  Eg trur det vil passe mot kvite murvegger og bidra til ein lys skandinavisk stil. For å få eit så rolig golv som mulig vil vi ha einstavs-parkett. Det ser nesten ut som heiltregolv, men borda er tynnare og betre egna for golvvarme. Vi har også nokre flotte persiske teppe vi har fått av mine svigerforeldre. Eg trur dei sterke fargane og mønstra vil stå seg veldig fint mot eit lyst underlag.

For nokre dagar sidan bestilte eg vareprøvar hos Bygg24, Gulvnett og Gulvspesialisten.

Eg måtte le når eg pakka dei opp; dei var nesten identiske, og det rare var at ask og eik var omtrent heilt likt. Alle er kvitmattlakka, og variasjonen mellom dei tre produsentane er liten:

1 -Bygg24, ask, kvitmattlakk, 2– Bygg24, eik, kvitmattlakk, 3-Gulvnett, ask, kvitmattlakk, 4-Gulvnett, eik, superkvitmattlakk, 5-Gulvspesialisten, 6– Gulvspesialisten, ask, kvitmattlakk

Dei to øvste frå Bygg24 verkar meir gråe og roligare. Nr. 4, eik frå Gulvnett er lysare enn dei andre, og denne er også den einaste med superkvitmattlakk. Elles ser det ut for meg at eik er noko grovare enn ask, men det kan kanskje berre vere tilfeldig på mine prøvar? Så langt held vi ein knapp på nr. 3 og 5, altså ask, men sikre er vi ikkje. Prisane ligg frå 399,- (kampanje) til 469,- per kvm. Vi får følge litt med framover, slik at vi blir betre kjent med prisane. Håpet er å få kjøpt det golvet vi vil ha, på kampanjepris 🙂 Vi treng om lag 87 kvm i hovedetasjen, og 85 kvm. nede (dersom vi vel å legge same golvet på soverom). Prislappen for dette vil bli rundt 70 000,-. Før vi gjer eit endeleg valg (og det ligg noko fram i tid), må vi sjå større flater med desse golva. Vi må nok ta oss ein tur til dei ulike  forhandlarane.

Kva golv syns DU var finast? 😀

Advertisements