Ja, enkelte etterlyser oppdatering på bloggen. Man har da et hus å planlegge, kan jo ikkje sitte og blogge i tide og utide! 🙂

At det er lite nytt her tyder vel kanskje på at vi har det travelt. Arkitekten vår har også hatt det travelt – med å føde, og alt gjekk såre vel. Ein backup for henne var klart på førehand, så vi skal nok få hus uansett.

Dette illustrerer litt av det vi held på med nå:

Vi har vore opptatt av å finne ut av «alt mulig», og nå har vi tatt skrittet frå å myse på dataskjermen til å bestille katalogar og finne prisar. Eg har hatt møte med KVIK og fått tilbud om kjøkken der. Eg har også laga tilsvarande kjøkken i IKEA sin planleggar, og vi må gjere eit valg av kva leverandør vi vil bruke. Det er interessant å hente inn prisar… Ein kan jo bite seg merke i at ei benkeplate på 120 x 4oo meter i kvitolja eik kostar 41 000,- .  Jepp, det er berre å begynne å spare! Eg teiknar bad hos IKEA sin planleggar, og vi ser at vi faktisk vil trives på eit bad på 6 kvm. Slå den! Vi har elles kikka på dører, og trur vi går for nokre enkle kvite massivdører. Ytterdører har vi og sett på, utan å velge. Vi har brukt tid på å lage forslag til kvar vi skal ha stikkontaktar, taklampar, og ikkje minst, kor skal bryterane for taklampar vere? Kor vil vi ha sentralstøvsugar? Feieluker? Kva trapp skal vi ha? Vi held ein knapp på denne til Kjær Trapper, i ask, til om lag 90 000. Vidare: kor skal vi ha TV? Kor skal coax-ledning gå? Kva golv skal vi ha, dette, eller dette, eller dette, eller noko heilt anna? Og skal vi ha fliser eller belegg på bad?

Det hjelper med litt varmt i ein kopp… på bildet over ser de også omnen vi så langt har blinka oss ut. Den er frå Contura, og kostar ikkje like ille som ein del andre merker med tilsvarande omnar. Den har den fasongen eg er ute etter, og er høg, slik at flammen er synleg over møbler som er i synsranda.

Og så blar vi i interiørblad og kastar ettersom vi blir ferdig med dei. Riv ut alt av interesse og noterer på kva som var inspirerande. På bildet over er det lampane over kjøkkenbenken, og eg har funne ein som liknar, men er likevel ikkje den heilt riktige. LYS ER VANSKELIG! Og så ligg nå alle desse papira og utklippa over alt, mellom Legoklossar, kle til tørk, brødsmular og Little Kitty. Eg må få organisert det i mapper, og i kategoriar, elles misser eg heilt oversikten.

Og her er kjøkkenet, sett i IKEA sin kjøkkenplanleggar (veggskapa skal ikkje vere raude altså). så langt er prisen noko over 70 000. Glipa i benkeplata er tiltenkt kanal for ventilator, men eg trur ikkje vi treng slik glipe over heile benken. Benkeventilator er eit kapittel for seg; så langt veit eg at Miele, AEG og Gaggenau har dette, til dyre pengar, men det gjenstår å hente inn all info. Skal vi ha benkeventilator må vi bestemme oss i god tid, slik at ein kan få lagt kanal i golvet og ut. Nokre kvitevarer kjøper vi nok IKEA, men i alle fall oppvask og kjøleskap blir hos andre. Det same gjeld armatur. Benkeplate blir kanskje frå KVIK, men neimen om vi veit sikkert. For den del kan det hende vi kjøper heile kjøkkenet hos Kvik. Eg har ikkje fått ferdig alle tala enno, slik at vi kan samanlikne direkte. Og så må eg ta mannen med på ein siste runde for å kjenne og føle på skapa; sjå om forskjellen er stor.

Bad er ikkje altfor høgt prioritert. Eg veit at mange meiner badet er eit av dei viktigaste romma; det skal vere personlig SPA der velvære, nytelse og avslapping står i høgsetet, helst med italienske fliser og 20 kvadrat til rådighet. Vel, hos oss blir det 6 kvadrat på familiebadet, men så har vi eit bad i tillegg da, oppe, på drøye 6,5. Her blir det badekar, og litt meir fred og ro tippar eg. Ein kan vel få til avslapping med litt billigare fliser også? Innredning blir truleg IKEA, men eg skal også få inn tilbud frå KVIK til samanlikning. Eg vil ha det enkelt og greit, eitpar høgskap til handkle, ein god vask med to kranar, nokre veggskap til dill og dall og skuffer under vask som rommer det meste. Ein av dei tinga som blir påkosta på badet er dusjen. Her blir det truleg eit dusjkar på 90 x 120 cm (større enn på linken), med glasdør inn. Det blir ikkje som på bildet over; dusjen blir større, og med ein heil vegg mellom dusj og vaskeskap. Og så er vi usikre på dette med fliser eller ei. Eg heller mest mot flis for tida, men ingenting er bestemt.

Usj.. decisions decisions.

Og oppi alt dette skal ein sjå til at ein jobbar sine 7,5 timar på jobb (og gjerne litt overtid), ein må hugse å henta ungane i barnehage og skule (kan dei nå ikkje berre vere der da?), ein skal vaske kle og passe på at der er melk i kjøleskapet, og kva var det til middag igjen? Og plutselig har nokon hatt rund dag, utan at du kom på det. Jentungen har fiolintime, usj, der gløymde vi å sette ut søppel igjen, og nå må eg på jobb!

Det skal bli tilstander når huset skal byggast; det er visstnok enda travlare 😀

Til sist må eg berre vise ei genial side, som har det eg lenge har leita etter: vaskesymbol!  Dette treng eg på våre sorteringsdunkar for skittentøy, og eg trur eg vil ha det på døra inn til vaskerom / teknisk også! Vi veit at vi vil ha eit vers frå Håvamål på veggen på kjøkkenet, men eg har lurt på korleis eg skulle få det til. Det ser ut til at eg kan bruke Myfirstroom; her kan ein nemmelig skrive inn eigen tekst og få det som sticker! Veldig bra!

Bilde frå Myfirstroom.se:

Advertisements