Møte med vår arkitekt i dag; vi hutra oss avgårde i 13 minus til ein hyggelig cafe i byen. Der gjekk vi gjennom dei siste teikningane og tok opp ein del viktige tema til drøfting. Taket er for flatt for betong/skifer, så vi må gå for papp og plater. Det er ikkje oss imot; vi syns sink-plater er fine, og har merka oss dei som høgt aktuelle for oss uansett. Stål er kanskje også eit alternativ; det får vi sjå nærmare på. Det blei diskutert kuldebruer, type vinduer, type dører, kva trapp, type materiale innvendig, litt om fargar, litt om bod og garage, vannbåren varme, balansert  ventilasjon, elektrisk anlegg og belysning. Vi drøfta dette med å lage eit hol i golvet i inngangspartiet, slik at ein får dagslys ned til badet i underetasjen. Dekka med frosta glas så klart. Og også mykje anna blei tatt opp. Vi er sikre på at huset blir heilt suverent – for oss. Det er laga for oss, og med alle dei kvalitetane som er viktige for oss. Og når banken for eitpar veker sidan melde berre «go go», så har vi i grunn klar bane. Men vi har ikkje hastverk, for vi har det godt i vår vesle leilighet, og kan bruke den tida vi treng. Vår oppgåve i jula blir å lage ein plan for det elektriske. Kvar skal vi ha stikkontaktar og takpunkt? Vi merker dette på planen, og så får elektrikaren gå over det seinare. Den flinke arkitekten vår teiknar vidare på detaljane – dette må vere grundig og godt for å unngå at handtverkarane gjer feil. Særleg viktig ved eit lavenergihus.

Så derfor: eg har ingenting å vise fram i denne posten, men tenkte å dele litt inspirasjon. Huset til Juliana Lopez May i Buenos Aires. Heilt som eg likar det; lyst og enkelt, men med varme og sjel innvendig.

Sjekk elles Narratives ; er er det mange fantastiske hus og masse inspirasjon å hente!

Advertisements