Nokon spurte meg om kva kjøken vi ville ha. Her har vi ikkje bestemt oss enda, men det blir ganske sikkert enten frå IKEA eller Kvik. Nærmare bestemt Abstrakt /Faktum frå IKEA i kvitt og mørk grønt (jepp!), høgglans, eller Bianco kvit høgglans frå Kvik. Jada, jada, høgglans er trendy og blir sikkert like utrendy som takspottar om nokre år, men eg slit med å legge dette frå meg. Trøsten får vere at det kan byttast ut da, for ein billig penge, sjølv om det ikkje er spesielt miljøvennlig å tenke slik.

Under ser de korleis IKEA sitt kvite høgglans kjøken ser ut. Eg meiner alvor med dei grøne dørene. Eg tenke meg dei berre på høgskapa.

Bilda over er henta frå IKEA, expressen.se, design-crisis.com, deco.plurielles.fr og housetohome.co.uk. (det er utrulig kva ein kan finne om ein gjer bildesøk i Google, f.eks på «Abstrakt IKEA». Den svarte tavla har ingenting med Abstrakt å gjere, men var ein god ide syns eg.

Og dette viser litt korleis vi har tenkt kjøkenet:

(litt i tvil om dei skapa under vindauget; trur det kan bli litt overmøblert, får sjå)

Så? Ser det bra ut?  Det kan kanskje sjå trangt ut, men det trur eg ikkje det blir. Det er god passasje mellom høgskapa og «øya», og det er møne heilt opp, slik at det er høgt under taket. Det blir temmelig romslig med skapplass. Eg kan telle 18 benkeskap, 4 høgskap (med komfyr, frys og kjøl) og 6 overskap. I tillegg ligg grovkjøkkenet like ved, og her blir det truleg 4-5 benkeskap til. Vi skal ikkje ha sånne ekstra breie skuffer. Det kan nok vere fint, men eg likar 60-bredden godt; den er god for auget. I alle fall mine auge. Kva benkeplater vi skal ha er heilt i det blå. Corian er jo flott, men eg trur ikkje vi tar oss råd til det. Dessutan har eg lyst til å mjuke opp i alt det blanke, kvite kalde, og kanskje få inn naturmateriale i form av tre. Mulig velger vi to ulike overflater på kjøkkenøya (som jo ikkje er ei øy), og oppvasksonen.

Og vi gler oss veldig til den der oppvasksonen. Der skal vi ha kildesortering i to av benkeskapa, kanskje tre, i form av bøtter i skuffer som kan dragast heilt ut. Genialt! Og eg gler meg til å få ein vask i øya som er tilgjengelig heile tida medan eg lagar mat. Altfor ofte står makkeren i huset opptatt med oppvasken og legg beslag på tilgangen.

Kjøkenet er vel nesten det eg gler meg mest til med dette huset. Det har fått den beste plassen i heile bygget, er det største rommet, og blir ein plass vi oppheld oss mykje. Då må vi nok ha ein tilgang til ein TV, sjølv om det har sine bakdelar. Vi får heller vere flinke til å ha den av! Vi har kome godt inn i rutinen der vi bur nå; her er stove og kjøken i same rommet. TV er av fram til klokka 18, men om morgonen er det lov å vere trøtt og litt sløv, og sjå på barneprogram medan ein et frokost. Til no har det ikkje ført til at ting går seinare; det er nesten tvert imot…

Advertisements