… og vi gler oss over vårt nye tilvere her på øya.

I dag har vi snakka med banken, og dei syns absolutt at vi kunne bygge hus! Då bør vi jo nesten tru på det sjølv 😀

Våre snart-gode-naboar Ann Christin og Roald begynner å bygge på nabotomta vår nå i veka, og det skal bli spennande å følgje huset. Eg håpar det skal bli ein smidig og enkel prosess for dei, og at vinteren blir fin og mild. Det plar han jo vere på våre kantar, sjølv om eg må seie at eg merkar det er kjøligare her enn i byen.

Det var dagens oppdatering; banken seier go-go, arkitekten er nå i sluttspurten med sine teikningar, så då tenker eg det blir anbudsrundar over nyttår! Lurer nå på om sjølve husbygginga kan kome i gang litt tidligare enn tenkt; kanskje allereie i april? Vi får sjå! 🙂

Advertisements