Er det rart vi flyttar seier nå eg. Her er utsikta frå jentungen sitt vindu på skulen

utsikt

Elles har vi solgt leiligheten i byen; til litt over prisantydning. Det er vi godt nøgd med, sjølv om vi hadde trengt meir for å kunne gå i gang med bygging straks. Så dermed putlar vi på vidare med teikningane – nå er det byggeteikningar som blir utarbeidd. Etter det er arkitekten ferdig med sitt arbeid for oss, og det er tid for anbudsrundar. Same regel gjeld for oss som for andre: «TingTarTid». Det er like greit; for vi treng å gjere ein innsats for å stille sterkast mogeleg før vi søker byggelån.

Vi har ingen hast; vi bur bra, ungane har komme i barnehage og skule der dei skal vere dei neste åra, og vi gjer oss kjent på vår nye heimstad.

Advertisements